Akademisk sjølvforsvar
LUKK

Akademia under press:

Akademisk sjølvforsvar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 12. juni 2025

Det er på tide å børste støvet av dei grunnleggjande akademiske verdiane.

For nokre veker sidan gjorde Annelin Eriksen noko ho ikkje gjer kvar dag: Ho tok på seg preses-i-Det-Norske-Videnskaps-Akademi-hatten, tromma saman resten av leiargruppa i Akademiet og oppsøkte avisspaltene for å framsnakke vitskapens ibuande verdi. Rett nok var ei av avisene Morgenbladet, så reisa frå den ærverdige villaen i Drammensveien var kulturelt sett ikkje veldig lang. Men Eriksen, som er vand med å diskutere forskingas rolle i politiske og akademiske krinsar, meiner det er tid for å bruke høgare stemme.

– Det står jo i føremålsparagrafen vår at vi skal fremje vitskapen, særleg den grunnleggjande og langsiktige. Det er vi som skal vere på den ballen, seier Eriksen når vi møter henne på kontoret i SV-bygget på Universitetet i Bergen, der ho til dagleg er professor.

– Det som skjer i USA, har vist kor fort ting kan snu. Ei så tydeleg styring av forskingsmidlar, og kutt i finansiering av forsking styresmaktene ikkje likar – det er urovekkande. Vi veit jo at slikt har skjedd før, i andre land og i andre tider. Men det som skjer i USA, råkar også norske forskarar, og det viser tydeleg kor viktig fri forsking er for demokratiet, seier Eriksen.

Vekk frå nytteforståinga

Då Eriksen talte på årsmøtet i Vitskapsakademiet tidleg i mai, omtala ho universiteta som «demokratimaskiner».

– Det kjennest litt som ein klisjé å seie slike ting. Men akkurat no kjennest det også meir politisk enn på lenge. Og det er farleg å tenkje at vi er trygge her hos oss, seier Eriksen.

– Det er mange samfunnsoppgåver som hastar. Men då treng vi forskarar som arbeider kreativt og fritt og ikkje etter bestilling, seier Annelin Eriksen. Foto: Thomas B. Eckhoff / DNVA

I Morgenbladet føreslår Eriksen og kollegaene ved Vitskapsakademiet fleire tiltak for å trygge tilliten til forsking. Først på lista står eit ønske om å snu «den kortsiktige nytteforståelsen». Dei peikar på at sjølv om det er stor forskjell på å gje økonomiske insentiv til ønskt forsking og å forby visse typar forsking, slik til dømes Trump-administrasjonen gjer, så er det blitt aukande politisk styring også av norsk forsking, gjennom tematiske satsingar.

– Det som skjer i USA, råkar også norske forskarar, og det viser tydeleg kor viktig fri forsking er for demokratiet.

Då Forskerforbundet saman med sine nordiske systerforbund i fjor publiserte ein rapport om akademisk fridom i dei nordiske landa, fann dei same tendens: Ønsket om å auke konkurransekrafta i globale marknader kan ha medverka til å endre forskingsfokus frå det ambisiøse og langsiktige til kortsiktig nytteorientering.

– Forsking skal sjølvsagt vere nyttig. Men forskinga må kome før nytten, seier Eriksen.

– Når du styrer forskinga tematisk, risikerer du å avgrense den kreativiteten som kunne ha gjort det endå nyttigare.

Ei ny forteljing

I stadig fleire land oppdagar forskarar no at kva forteljing akademia fortel om seg sjølv, er avgjerande i ei verd der forsking og høgare utdanning møter motstand frå fleire hald. I Nederland har den høgrepopulistiske regjeringa som vart danna i 2024, kutta kraftig i forskingsbudsjettet, og mange universitet har måtta leggje ned studie- og forskingsprogram og kutte stillingar. Kutta har ført til store protestar frå nederlandske akademikarar.

– Vi treng å fortelje ei ærlegare og meir engasjerande historie om kva universiteta er til for.

Akademia har ein særeigen status og tyngde som samstundes gjev akademia ein utsett posisjon i demokratiets frontlinje. Foto: Erik Norrud

Mathijs van de Sande er førsteamanuensis ved det tidlegare katolske Radboud-universitetet, no eit av Nederlands beste breiddeuniversitet, der han forskar på demokrati og protestrørsler. Han meiner akademia treng ei ny forteljing.

– Argumenta frå universitetsstyra handlar om teknologisk innovasjon og universitetas funksjon som økonomisk motor. Ein prøver å appellere til den politiske høgresida ved å vise til at kutt i forsking vil gå ut over konkurransekrafta, seier han på telefon frå kontoret sitt i Nijmegen.

– Problemet er berre at strategien ikkje fungerer. Slike argument får ikkje politikarane til å endre meining. Og dei appellerer heller ikkje til studentar og tilsette i akademia. Det er ikkje difor vi er her. Det er ein bodskap som ikkje mobiliserer dei det er nødvendig å mobilisere, og vi treng å fortelje ei ærlegare og meir engasjerande historie om kva universiteta er til for, seier van de Sande.

Politikk forkledd som økonomi

Dei som snakkar på vegner av nederlandsk akademia, går rundt grauten når dei gjer sitt beste for å unngå å politisere økonomiske åtak på forsking og utdanning, meiner han.

– Dei snakkar ikkje om kutta som eit åtak på akademia eller på akademisk fridom, men som eit spørsmål om å spare utgifter. Og regjeringa gjer det same, men samstundes gjer dei ingen løyndom av at dei vil at universiteta skal spare ved å kutte i visse typar program, først og fremst humaniora og samfunnsvitskap, men også til dømes klimaforsking.

– Universitetsleiarar snakkar framleis om akademia med nyliberalismens språk, sjølv om politikarar no vil styre det faglege innhaldet, seier Mathijs van de Sande. Foto: Ted van Aanholt

I eit innlegg i universitetsmagasinet Vox har han teke til orde for at akademia ikkje berre må fortelje ei anna historie, men også rette seg mot eit anna publikum.

– I staden for å snakke til politikarar og industrileiarar bør akademia vende seg til andre grupper som har interesse av ein sterk utdanningssektor. Det kan vere alle dei som vil at borna deira skal få ei god utdanning. Eller det kan vere andre kuttramma sektorar, slik som grunnutdanning, omsorg og kultur, som har til felles med oss at vi har eit anna hovudføremål enn det økonomiske, seier van de Sande.

Frykta for å hamne bakpå

Det er likevel ikkje å undrast over at universitetsleiarar tyr til innovasjons- og konkurransekraftspråket når dei skal argumentere for betre rammevilkår. No er til dømes debatten i full gang om korleis EUs tiande rammeprogram for forsking skal innrettast. Eit viktig grunnlagsdokument i denne debatten er rapporten The future of European competitiveness, som vart lagd fram i september 2024 av tidlegare europeisk sentralbanksjef (og italiensk statsminister) Mario Draghi.

Fakta
Draghi-rapporten
(The future of European competitiveness)
- skildrar tidlegare europeisk sentralbanksjef Mario Draghis personlege syn på framtida for europeisk konkurransekraft
- vart tinga av EU-kommisjonen og lagd fram i september 2024
- framhevar forsking og innovasjon som den viktigaste drivaren for produktivitet, vekst og konkurransekraft
- er grunnlaget for EUs konkurransekraft-kompass (januar 2025), eit rammeverk for kommisjonens politikk dei komande fem åra
- er eit viktig grunnlag for utforminga av det tiande rammeprogrammet for forsking

Draghi-rapporten teiknar eit dystert bilete av utviklinga for europeisk konkurransekraft og innovasjonsevne samanlikna med USA og Kina, og føreskriv ei storsatsing på forsking og innovasjon. Draghi-rapportens diagnose og resept er blitt framheva med begeistring også av norske aktørar, både frå akademia og frå politikken. Direktør for Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, kalla rapporten ein «call to action». Då den svenske regjeringa hausten 2024 annonserte ei forskingssatsing heilt i Draghis ånd, gjekk rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka ved Universitetet i Oslo (UiO) ut og utfordra norske politikarar til å følgje etter: «Det er stortingsvalg i september. Hva vil være de ulike partienes politikk for norsk konkurransekraft og forskningens rolle for denne? Ursula von der Leyen var tydelig på at hun ville sette forskning og innovasjon i sentrum for økonomien i EU og var ikke redd for å si det», skreiv dei.

Vil ha forskarstyrt innovasjon

Ser UiO-leiarane nokon risiko ved å knyte argumenta for å satse på forsking så sterkt til konkurransekraft?

– Ja, det er openbert at dersom forskinga heile tida skal vere definert ut frå umiddelbare behov, så vil vi miste krafta i den frie forskinga, som historia har vist er ekstremt viktig, seier Stølen til Forskerforum.

Gornitzka legg til:

– Men Draghi-rapporten viste tydeleg at eit nytt argument for universitetas rolle nettopp er at teknologiutviklinga no går så fort at det ikkje nyttar å etterspørje bestemte løysingar.

Universitet og demokrati i same sal. Auditoriet i UiOs Domus Academica var også stortingssal før stortingsbygningen stod ferdig. Foto: Erik Norrud

Dei to er til dømes skeptiske til forslaget som nyleg sirkulerte i EU-systemet, om å leggje det neste rammeprogrammet inn i eit komande fond for konkurransekraft.

– Det verste scenarioet er at EUs program for auka konkurranseevne blir straumlinjeforma utan omsyn til måten forsking fungerer på, seier Gornitzka.

Saman med kollegaer i europeiske universitetsalliansar har UiO-rektoratet kjempa hardt for at rammeprogrammet skal vere frittståande. I skrivande stund er det uklart kva forholdet vil bli mellom forskingsprogrammet og konkurransefondet.

Men universitetas funksjon som demokratimaskiner og vaksine mot totalitære krefter, kven skal insistere på den?

– Vi argumenterer for det heile tida. Men då må vi også ha eit økosystem som tek forskinga i bruk, seier Stølen.

Han viser til at UiO til dømes har etablert innovasjonsdistriktet Oslo Science City nettopp for å vise at innovasjon blir best når det er forskinga som styrer.

– På same måte etablerte vi den tverrfaglege satsinga UiO:Demokrati fordi vi meinte at tilstanden for demokratiet er eit ekstremt viktig tema som vi må vere i forkant på. Vi lyt heile tida vere i forkant og dra diskusjonen og få med oss samfunnet, elles vil jo politikarane fortelje oss kva vi skal gjere, seier Stølen.

– Ingen motsetnad

Og kva med politikarane, som sit med makta over totalbudsjetta til forsking og utdanning? Noreg har vore velsigna med politikarar som stort sett er samde om at forsking og høgare utdanning er noko samfunnet skal investere i. Forskjellane mellom partia er beskjedne, men dei finst: Medan til dømes Framstegspartiet i sitt siste alternative budsjett ville kutte i forskingsløyvingane og eksplisitt ville redusere løyvinga til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, så gjekk Venstre motsett veg og plussa kraftig på over heile fjøla.

– Vi må styrke grunnpilarane i det akademiske byggverket dersom vi skal få dei høge spissane på toppen.

Då Stortinget behandla meldinga om forskingssystemet i slutten av mai, fekk dei samstundes til behandling eit forslag frå Venstre med ti tiltak for å «gjenreise Norge som forskningsnasjon». Forslaget viste til Draghi-rapporten og faren for at Noreg hamnar bakpå i konkurransen.

– For oss i Venstre er konkurransekraft berre eitt av mange argument for å styrke den frie forskinga, det handlar også om kampen for demokratiet og for å ta vare på det kunnskapssamfunnet vi har bygd opp over lang tid, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo.

– Eg er imot å setje opp ein kunstig konflikt mellom å løfte forsking for konkurransekraft og å løfte den grunnleggjande frie forskinga. Og det er jo rart at straks næringslivet blir meir oppteke av forsking, som er mitt inntrykk, så må vi brått passe oss for å snakke for høgt om det.

Makt og motmakt

– Trump grunngjev budsjettkutta sine mellom anna med at han vil fjerne forsking som ikkje bidreg til konkurransekrafta?

– Eg tykkjer Draghi-rapporten gjer noko heilt anna, nemleg å styrke medvitet om forsking. Trump tydeleggjer korleis vi ikkje vil ha det. For meg er det sjølvsagt at den akademiske fridomen må liggje til grunn for alt vi gjer, og at vi må styrke grunnpilarane i det akademiske byggverket dersom vi skal få dei høge spissane på toppen, seier Bjørlo.

– Den kritiske tanken, som Trump og andre autoritære krefter er så redde for, kan vel også vere brysam for konkurransekrafta?

– Nei, det er eg heilt usamd i. Ta petroleumsbobla som Noreg er inne i, og som har prega samfunnet vårt altfor mykje. Vi treng uavhengig og kritisk forsking på kva det har gjort med oss, sjølv om det vil utfordre mektige krefter i samfunnet. Det kan godt vere at vi politikarar bør bli flinkare til å leggje vekt på den sida ved forsking. Men det er ikkje slik at dagens regjering har prioritert næringsretta forsking på kostnad av grunnforsking. Dei har satsa for lite på forsking generelt, seier Bjørlo.

Kva skal akademia vere?

Når det blæs frå alle kantar samstundes, treng akademia både verktøy og eit peilepunkt. I Wien i Austerrike sit historikar og kjønnsforskar (og mottakar av UiOs menneskerettspris i 2022) Andrea Pető og jobbar med prosjektet Protecting academia at risk. Pető er ungarsk og flytta til Wien etter at arbeidsplassen hennar, Central European University (CEU) vart forvist frå Budapest av regjeringa til Viktor Orbán.

– Åtaka på akademia er transnasjonale, men får utslag på nasjonalt nivå, seier Andrea Pető. Foto: Central European University

Målet med prosjektet er ikkje mindre enn å utmeisle ein visjon for akademias rolle i framtidige demokrati. På vegen dit prøver forskarane å kartleggje normene knytte til å verne om akademisk fridom i demokratiske samfunn og korleis dei heng saman med strukturane for å ta imot og verne forfølgde akademikarar som må reise frå heimlandet.

– Så det handlar om trugsmål både mot sjølve det akademiske byggverket og mot individuelle akademikarar, opplyser Pető på e-post.

– Gjennom mange år har nyliberalismen tært på kjensla av tilhøyrsle i akademia.

I tidlegare arbeid har ho vist korleis illiberale krefter brukar forskingspolitikk som inngang til å gjennomføre autoritær maktovertaking på fleire samfunnsområde, fordi akademiske institusjonar har ein særeigen status som kan låne legitimitet til styresmaktene sin politikk både innan- og utanlands. Ein utbreidd strategi for makthavarar med illiberale ambisjonar, ifølgje Pető, er å etablere eigne akademiske institusjonar eller overta og omforme eksisterande liberale institusjonar. No ser ho teikn til at styresmaktene i USA nyttar same oppskrift som Ungarn.

– Dei av oss som har vore igjennom dette, har eit ekstra ansvar for å kalle til motstand, seier ho.

Risiko frå alle kantar

Pető omtalar åtak på kjønnsstudium og mangfaldsarbeid som eit tidleg varselssignal. Kjønnsforsking er kritisk forsking med eit mål om å endre samfunnet, men også eit relativt nytt fagfelt som ikkje opplever massiv støtte frå etablerte akademiske strukturar. Det gjer forskarane på feltet utsette, meiner ho.

– Men no er tilsette ved alle høgare utdanningsinstitusjonar i Europa og USA utsette for risiko i større eller mindre grad: risiko frå auka produktivitetskrav, sensur, risiko for å miste jobben eller for å miste råderett over eigne data til internasjonale teknologiselskap, seier ho.

– Gjennom mange år har nyliberalismen tært på kjensla av tilhøyrsle i akademia. Vi treng å gjenoppfinne akademisk medborgarskap.

Detalj frå Gamle festsal, UiO. Foto: Erik Norrud

Det gjeld ikkje berre tilsette, men også studentar, meiner ho.

– Vi må hugse at studentar og tilsette har ei felles sak. Ofte blir krav om betre arbeidsforhold i akademia avviste med grunngjevinga at det vil gå ut over tilbodet til studentane. Men dersom akademikarar blir utsette for åtak, vil studentane berre ende med ei irrelevant utdanning servert av utbrende og sjølvsensurerande lærarar.

Ho viser til Serbia, der studentar og tilsette ved universiteta har aksjonert saman mot styresmaktene i månadsvis under trugsmål om at dei offentlege universiteta kan miste akkreditering og offentleg støtte.

– Studentane som demonstrerer, veit at dei vil gå glipp av minst eit års studium. Men om dei vinn, vil dei kunne arbeide i eit fungerande demokrati, der gradane deira vil ha verdi, seier Pető.

Det smittsame nyttespråket

Også Annelin Eriksen i Vitskapsakademiet meiner studentane må få ei større rolle i forteljinga om akademia som demokratimaskin. Og er det eigentleg så gale om unge menneske gjer nokre faglege avstikkarar i løpet av utdanninga?

– Om vi kan snakke om ikkje berre forsking, men utdanning som eit fritt rom der du har høve til å utvikle deg til noko meir enn berre ein jobbkvalifikasjon, då trur eg vi er på rett spor, seier ho.

– Når vi til dømes høyrer politiske utspel som vil styre studieplassar i retning av meir «nyttige» fag, då tenkjer ein ikkje på at utdanning og forsking førebyggjer totalitære tendensar.

Sjølv har ho merka at «nyttespråket» er blitt så internalisert at ho tek det i bruk sjølv når ho skal søke om frie prosjektmidlar.

– Det er ein tenkjemåte som smittar, vi snakkar alle om forskinga vår på den måten no. Men vi treng å øve oss på å omtale grunnleggjande akademiske verdiar ikkje berre som festtaleord, men som strategiske mål, seier Eriksen.

Les også: