Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

– Eit gjennomslag for postdoktorane

Postdoktorstillingane har vorte misbrukte i årevis, meiner Akademiet for yngre forskere og Forskerforbundet. No jublar dei over det nye forslaget frå Underdal-utvalet.

– Vi er veldig godt fornøgde med løysingane som er foreslått av Underdal-utvalet, seier Guro Elisabeth Lind, nestleiar i Akademiet for yngre forskere. Foto: Aksel Kjær Vidnes
– Vi har fått gjennomslag for forslaga våre på mange område i rapporten, for eksempel har vi jobba for ein fagstøtte-stige i lang tid. Vi er opptekne av å heve statusen til dei som arbeider med å understøtte forsking, seier Guro Elisabeth Lind, nestleiar i Akademiet for yngre forskere. Ekspertutvalet, som har vore leia av Arild Underdal, la nyleg fram eit forslag til ny stillingsstruktur ved universitet og høgskular. Utvalet går inn for at bruken av postdoktorstillinga blir snevra inn, men at postdoktorperioden til gjengjeld bør aukast til fire år.

Misbrukte postdoktorar

– Vi er svært fornøgde med postdoktorane skal bli reindyrka og få lov til å spesialisere seg. Postdoktorstillinga har vore misbrukt over lang tid. Det er altfor mange postdoktorar i dag, så vi er svært glade for at utvalet vi stramme inn, seier Lind. Også Forskerforbundet støttar forslaget om å snevre inn bruken av postdoktorar, noko som er i tråd med Forskerforbundet sitt innspel til utvalet. – Vi er glade for at utvalet så tydeleg går inn for ei innstramming av postdoktorordninga, som har hatt ein eksplosiv vekst og mange stader har blitt misbrukt, seier Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet.

– Vi støttar forslaget om innstramming av postdoktorordninga, seier Petter Aaslestad i Forskerforbundet. Foto: Erik Norrud

Utvalet presiserer at postdoktorstillinga er ei mellombels kvalifiseringsstilling der det skal bli mogleg å gå vidare i professorstigen og den foreslåtte forskar/lektor-stigen.

Mange i fagstøttestilling

Lind meiner det er ein grunn til at institusjonane har misbrukt postdoktorstillingane. – Dette er ei stilling der institusjonane kan behalde høgt kompetente medarbeidarar som kan delta i forskarteam, men som dei ikkje har ein passande stilling til. Fram til no har mange postdoktorstillingar vorte brukte som ei type fagstøttestilling, for eksempel for å hjelpe til i ulike forskingsprosjekt. Utvalet har kome med ei svært god løysing på dette problemet, meiner Lind. Med Underdal-utvalets forslag skal det no bli ein eigen karrierestige for dei som arbeider med forskarstøtte. – Med denne løysinga kan vi kalle ein spade for ein spade, og skilje mellom dei postdoktorane som aktivt ønskjer å satse på ei toppstilling og dei som ønskjer å bidra til forskarmiljøa gjennom ein forskarstøtte-karriere, seier Lind.

Reiser fleire spørsmål

Forskerforbundet meiner at rapporten frå Underdal-utvalet inneheld fleire interessante forslag om nye stillingsstigar. – Det er eit interessant forslag som vi vil gå grundig gjennom. Vi er positive til at ein skal kunne vidareutvikle seg også som professor, seier Aaslestad. Han strekar under at forslaget også reiser fleire spørsmål, som Forskerforbundet skal kome tilbake til i ei høyringsrunde. Det gjelder blant anna forslaget om å avvikle dosentløpet og forskarløpet og erstatte desse med ein samla lektor- og forskarstige, samt å innføre ein ny fagstøtte-stige.
  • Les meir om rapporten:
Vil kutte ut dosentløpet i høgare utdanning

Undersøkelse: Menn under 30 vil helst forhandle lønna selv

− Lønna må vokse mer enn prisene, sier Unios Steinar Sæther før lønnsoppgjøret

Fire år har gått siden Ola Borten Moe stilte krav om færre midlertidige ansettelser. Slik har det gått.

Ekspertgruppe om ph.d.utdanningen får kritikk for å mangle stipendiater

Færre over 45 får jobb i svensk akademia

Minst 11 forskere må gå i TØI

Universitetet i Innlandet avvikler Østlandsforskning

Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap), Kontaktkonferansen 2026

Antall stipendiater faller kraftig, men Aasland er ikke bekymret

Lukk meny