Korleis kan Noreg bli ein sirkulærøkonomi?

Leticia Antunes Nogueira undersøker korleis avfall kan bli økonomisk verdifullt.

Frå avfall til ressurs

Tekst: Kjerstin Gjengedal

Teksten sto først på trykk i Forskerforum nr.3/mars 2022.

Leticia Antunes Nogueira trur det er ei utbreidd oppfatning at avfallsbransjen ikkje er innovativ eller høgteknologisk, og difor uinteressant for innovasjonsøkonomar som henne sjølv.

– Og det er eg heilt usamd i. Det skjer store endringar i avfallsbransjen no, og det er på høg tid at innovasjonsforskarar tek denne bransjen meir på alvor, seier ho.

Ho har sett nærare på tre ulike tilfelle av avfallshandtering i Bodø-området, for å finne ut korleis dei skapar verdi for seg sjølve og for samfunnet, og kva som er føresetnadene for at modellane skal fungere.

I fjor lanserte regjeringa ein strategi for sirkulærøkonomi, som venteleg vil resultere i konkrete tiltak med store konsekvensar for avfallbransjen. Det trengst kunnskap om korleis det kan bli lønsamt å gjenbruke avfall framfor å berre kvitte seg med det, og kva miks av offentlege reguleringar og marknadsmekanismar som må til.

– Vi ville samanlikne desse tre ulike døma for å finne fellestrekk og ulikheiter. Alle tre ligg i det same geografiske området her i Salten, dei er underlagde det same regelverket og har same typen utfordringar med til dømes logistikk, utfordringar som er annleis enn dei sørpå i Noreg, fortel ho.

Forskar: Leticia Antunes Nogueira, seniorforskar ved Nordlandsforsking

Prosjekt: analysar av den industrielle dynamikken i norsk avfallsbransje

Metode: djupe, kvalitative og retrospektive studiar, frå casestudiar til diskursanalyse

Uunnverleg verktøy: gode arkiv- og bibliotektenester

Frå plast til biomasse

Dei tre døma fann ho gjennom ulike forskingsprosjekt som eigentleg handla om andre ting, men som altså hadde avfallshandtering som eit overlappande element. Nogueira bestemte seg for å studere avfallstematikken på tvers av dei ulike forskingsprosjekta.

Først vart ho merksam på Nofir, eit Bodø-basert firma som samlar inn og resirkulerer kassert utstyr som nøter, tau og presenningar, frå fiskeri og havbruk. I eit anna prosjekt studerte ho og kollegaene fjernvarmesentralen «Keiseren», eit anlegg som forbrenn biomasse, meir nøyaktig treflis, som elles ville blitt transportert vekk som avfall. I eit tredje prosjekt, kalla CityLoops, ser forskarane på korleis ein kan handtere avfall frå bygg- og anleggsbransjen i samband med eit byutviklingsprosjekt i Bodø.

Sjølv om alt dette skjer i same område og under same regelverk, er det store skilnader når det gjeld kva type avfall som blir handtert, og kva marknad som finst for dette avfallet. Modellane inngår også i ulike nivå i «avfallspyramiden».

– EU har laga eit hierarki for avfallshandtering. Den beste løysinga er å unngå å produsere avfall i det heile. Den dårlegaste løysinga, når ein ser vekk frå ulovleg forsøpling, er deponi. Mellom desse ytterpunkta er det fleire nivå, forklarer Nogueira.


Kva vil marknaden ha?

Nofir, til dømes, driv med resirkulering og «oppsirkulering» – gjenbruk i nye former – av innsamla utstyr. I pyramiden er resirkulering ikkje fullt så bra som gjenbruk av utstyret i si opphavlege form, men betre enn forbrenning, og langt betre enn deponi.

– Nofir er ei bedrift i full drift som tener pengar på det dei gjer. Avfallet dei samlar inn, inneheld mykje nylon, som har høg økonomisk verdi og er lett å resirkulere. Fordi nylon er så verdifullt, løner det seg for Nofir å også samle inn andre og mindre verdifulle plasttypar.

Eitt av fleire problem med avfall er nemleg at det ofte er samansett av mange ulike material.

– Å skilje alle desse materiala har ein kostnad, og dersom kostnaden er høg, løner det seg ikkje å gjere det dersom ein følgjer vanleg økonomisk tankegang, som legg vekt på å maksimere forteneste. Då må vi anten ha eit regelverk som seier at det må gjerast likevel, eller ein må inn med offentleg støtte, seier Nogueira.

Samstundes kan heller ikkje ei bedrift som Nofir, sjølv om dei har funne ein modell som løner seg på marknadens premiss, løyse alle problem med marin plastforsøpling. Framleis er det store manglar ved innsamlinga av denne typen avfall, peikar ho på.

– Mange fiskarar kritiserer avfallssystemet i hamnene, dei viser til at dei betalar for hamnetenester som inkluderer levering av avfall, men likevel er det mange hamner der det ikkje er mogleg å kvitte seg med slikt avfall på ein forsvarleg måte. Så infrastrukturen må bli betre.

Leticia Antunes Nogueira forskar også på korleis ein kan hente mineral frå avfall i staden for gjennom gruvedrift, i eit prosjekt leia av professor Berit Skorstad ved Nord universitet (t.v.). Foto: Kent Even Grundstad

På lag med det offentlege

Forskarane fann at alle dei tre døma på avfallshandtering i Salten får eller har fått offentleg støtte i ei eller anna form.

– Nofir er delvis eigd av Iris Salten, og det spørst kor lett det ville ha vore å nå driftsfasen om dei ikkje hadde hatt ein stor og erfaren eigar, og støtte frå EU til å vekse, spekulerer Nogueira.

Handteringa av bygningsavfall i CityLoops-prosjektet er finansiert av EU gjennom Horisont 2020 og er framleis på eksperimentstadiet. Her er målet mellom anna å identifisere metodar og forretningsmodellar som eignar seg for gjenbruk av bygningsavfallet, og prøve å overføre dei til andre område slik at det løner seg å gjenbruke materiala.

Fjernvarmeanlegget Keiseren er på si side eigd av Bodø kommune gjennom Bodø Energi, og skulle eigentleg vere eit forbrenningsanlegg for generelt avfall. Men planane stranda fordi det ikkje var mogleg å skape ein lønsam forretningsmodell i ein situasjon med låge straumprisar, sidan straumprisen dikterte kva pris ein kunne ta for fjernvarme. Ved å handtere biomasse i staden fekk prosjektet støtte frå Enova, og det gjorde at investeringa var verd risikoen.

Anlegget er delvis eit resultat av at det sidan 2009 har vore forbode å deponere biologisk nedbrytbart avfall, som trevirke, i Noreg. Forbodet skulle medverke til å redusere utslepp av klimagassen metan, som blir danna ved nedbryting av organisk materiale i visse situasjonar.

– Forbodet førte til at avfallsbransjen måtte handtere denne typen avfall på nye måtar. Endringar i regelverk er ein av fleire faktorar som påverkar og utfordrar avfallsbransjen, og er spennande å studere frå eit økonomisk synspunkt, peikar Nogueira på.

Bodøfirmaet Nofir samlar inn og resirkulerer kassert utstyr frå fiskeri og havbruk. Foto: Nofir

Nylon frå fiskeutstyret Nofir samlar inn, kan mellom anna bli til nye tekstil. Foto: Nofir

Verdi til det verdilause

Ved å samanlikne dei tre døma prøver Nogueira og kollegaene å identifisere kva type verdi som blir skapt, og for kven, og korleis ein kan kommunisere verdiskapinga.

– Ein må tenkje på kundane, men også på leverandørane, og på kva som er verdifullt for miljø og samfunn. Nokre gonger er verdien openberr, andre gonger må det tolkast, seier Nogueira.

Nofir, til dømes, skapar verdi for fiskarane ved å tilby ein enkel og forsvarleg måte å kvitte seg med avfall på. Dei tilbyr også ei teneste til hamnene, som no slepp den avfallshandteringa som Nofir tek seg av. Og til sist har mindre marin forsøpling ein verdi for samfunnet og miljøet.

Frå før finst det få studiar av avfall som næring, fortel Nogueira. Avfallsbransjen skil seg frå vanlege verdikjeder ved at kjeda ikkje går frå råvare til ferdig produkt, men motsett veg. Og når ein ikkje veit om det som kjem ut i andre enden, har nokon marknadsverdi, blir det utfordrande å vere bedrift.

Intrikat økonomi

Dessutan har bransjen mange ulike typar bedrifter med ulike interesser. I ein sirkulærøkonomi der avfallet har større verdi, kan kommunale selskap som hentar hushaldningsavfall, og som i dag ikkje har lov til å drive med profittmotiv, få det vanskeleg.

– Medan Norsk Gjenvinning, som driv gjenvinning av ulike avfallstypar og også handterer farleg avfall, er eit konsern med eit hegdefond som eigar. Kva er det som gjer avfallbransjen interessant for eit hegdefond? Vi har også ordningar med produsentansvar, som til dømes pålegg alle som sel elektriske og elektroniske produkt, eit ansvar for å ta imot dei og handtere dei forsvarleg ved slutten av levetida. I Noreg har vi fleire selskap som handterer slikt avfall, men berre eitt som handterer flasker. At det er så stor konkurranse om nokre typar materiale og ikkje andre, gjev svært interessante forskingsspørsmål.

I denne jungelen av offentlege og private bedrifter, hedgefond, kommersielle og ikkje-kommersielle modellar, blir det berre viktigare at økonomane og innovasjonsforskarane forstår avfallsbransjen betre, hevdar Nogueira.

– Joseph Schumpeter, som er opphavsmannen til fagretninga evolusjonær økonomi, og som peika på innovasjonar som drivkrafta i økonomien, hevda at ingen kan forstå økonomiske fenomen utan å forstå historikken deira. Framtida blir påverka av det som skjer i dag, og det som skjer i dag, er påverka av det som har skjedd før. Det er dette eg prøver å forstå.

– Det er på høg tid at innovasjonsøkonomar interesserer seg for avfallsbransjen, meiner Leticia Antunes Nogueira. Foto: Kent Even Grundstad

Les også

Kvart år arrangerer Raudekrossen kurs på Finse i leiing av søk- og redningsaksjonar i vinterfjellet. Her leitar deltakarar etter ein person i eit snøskred. Foto: Heiko Junge / NTB