Kapplaup for å berge forskingsdata i USA
LUKK

Kapplaup for å berge forskingsdata i USA

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 21. februar 2025 kl. 09:40

Både i og utanfor USA arbeider folk på spreng for å kopiere viktig offentleg informasjon før Trump-administrasjonen rekk å slette det.

Ei veke før Donald Trump skulle innsettast som president i USA for andre gong, sat historikar Henrik Schönemann i Berlin og snakka med nokre amerikanske kollegaer. Dei samarbeidde om ei historisk kartlegging av rettar for homofile. På eit innfall spurde han om dei hadde lagra sine forskingsdata andre stader enn ved sin eigen institusjon.

– Dei sa «nei, men det er eit godt forslag», fortel han til Forskerforum.

Schönemann tilbaud seg å lagre ein kopi av datasetta på ein tysk server som dei amerikanske kollegaene fekk tilgang til. Så byrja han å tenkje.

Redningsaksjon for data

– Historia viser oss at det er viktig å lytte til kva autoritære figurar seier, dei er vanlegvis opne om kva dei vil. Vi har sett skrifta på veggen. Eg har ein del følgjarar på Mastodon, så eg la ut ei melding og sa at dersom de har forskingsdata de er uroa for, er det kanskje på tide å lagre dei andre stader.

Ein historikarkollega tok kontakt og fortalde at under den første Trump-administrasjonen, var han involvert i liknande arbeid. Den gongen brukte dei det sosiale forskarmediet academia.edu til å lagre data.

– Eg byrja med å leite der etter forskning på transkjønn, men det var mykje arbeid å laste ned alt manuelt. Så eg fekk ein ven til å lage eit program som kunne gjere det for meg, seier han.

Andre meldte seg til å bidra, og Schönemann sette opp eit internettforum der dei kunne koordinere innsatsen. Vel ein månad seinare administrerer han ei kjernegruppe på tolv personar, eit nettverk på over hundre frivillige, og data i petabyte-skala.

– Lagringskapasiteten er spreidd overalt, utan ein sentralisert struktur. Vi bruker teknologi som er velprøvd og kjent frå piratdelingstenester som Pirate Bay, berre at vi bruker det til lovlege føremål: Data som er offentleg tilgjengelege, eller var det inntil dei vart fjerna av dei amerikanske styresmaktene, seier Schönemann.

– Verdas viktigaste datakjelde

Tusenvis av offentlege nettsider og forskingsinformasjon er blitt fjerna eller endra sidan Trump tok over. Safeguarding Research & Culture (SRC), som Schönemann har kalla prosjektet sitt, er eitt av fleire initiativ som er danna for å berge viktige datasett og annan offentleg informasjon som ein fryktar er i fare. Frå Canada er førsteamanuensis Matt Price ved University of Toronto, også han historikar, involvert i eitt som fokuserer på miljødata.

– Styresmaktene i USA har ei unik rolle som verdas viktigaste kjelde til forskingsdata. Dei har ansvar for svært verdfulle historiske dataarkiv, og utan tilgang til dei blir det umogleg å studere klimaendringar, til dømes. No står vi på nytt andsynes ei amerikansk regjering som abdiserer frå denne rolla. I ei verd med mindre politisk stabilitet enn vi er vande med, må vi finne nye måtar å forvalte desse viktige tidsseriane på, seier Price på telefonen.

I 2016 var han med på å etablere the Environmental Data & Governance Initiative (EDGI), som starta som ein kriseaksjon for å berge data ein frykta ville bli sletta under Trump. Mange kanadiarar engasjerte seg i slikt arbeid fordi dei hadde erfaring frå tida då Stephen Harper var kanadisk statsminister og stengte forskingsbibliotek og gav forskarar forbod mot å uttale seg offentleg. Det var lett å tenkje seg at Trump ville følgje eit liknande program. I røynda viste det seg at den første Trump-administrasjonen ikkje sletta data i noko omfang å snakke om, men i staden gjorde dei vanskelege eller umoglege å finne. EDGI fekk ei viktigare rolle i å følgje med på offentlege nettsider med miljøinformasjon, og kartleggje endringar.

Price fortel at han etter eit par år vart skeptisk til om databerging hadde så mykje for seg, og tok ein pause frå organisasjonen. Då Trump vart vald til president for andre gong, vart han kontakta med spørsmål om han kunne tenkje seg å bidra i arbeidet på nytt.

– Eg svara at eg ikkje hadde så mykje tru på databerging, men gjerne kunne bidra med å byggje kapasitet rundt dataanalyse. Eg må seie at eg, som mange andre, undervurderte kor mykje meir aggressiv den nye Trump-administrasjonen ville vere. No trur eg det er svært sannsynleg at vi vil misse tilgang til viktige datakjelder. Eg trur ikkje lenger at tilløpa til panikk eg såg rundt meg, var overdrivne, seier han.

Motarbeider miljørettferd

Han trur framleis det vil vere vanskeleg for Trump-administrasjonen å slette klima- og miljødata permanent, ikkje minst fordi slike datasett også blir brukt til kommersielle føremål.

– Men mange typar verktøy som samanstiller data frå ulike kjelder, og som styresmaktene står for, kan forsvinne, seier han.

Eit par dagar etter presidentinnsettinga forsvann til dømes eit nettverktøy som viste kva for stader i USA som er mest utsett for forureining og klimaendringar. Price og andre tilknytta EDGI greidde å gjenskape verktøyet og gjere det tilgjengeleg att.

– Miljørettferd er noko denne administrajonen er særleg fiendtleg innstilt til, så kva som skjer med slike verktøy, vil vere ein indikator på taktikkane dei kjem til å ta i bruk, seier han.

– Gitt erfaringane frå den første Trump-administrasjonen, korleis hadde de som driv med databerging, førebudd dykk denne gongen?

– Det er interessant kor vanskeleg det kan vere å verkeleg ta inn over seg kva situasjon ein er i, seier Price.

– Men teknologisk er vi betre førebudde no. Det har skjedd mykje når det gjeld utvikling av open programvare for innsamling og arkivering av offentleg informasjon.

Han meiner dessutan at i åra mellom dei to Trump-administrasjane har dei amerikanske styresmaktene arbeidd mykje med openheit i styringsapparatet, som gjer det enklare å vite kvar ein no skal rette innsatsen.

– Dei viktige oppgåvene no er for det første å koordinere alle dei ulike databergingsoperasjonane som er i gang. EDGI er berre ei av mange grupper som driv med dette. Og deretter må vi tenkje på korleis vi skal byggje framtida dei neste fire åra, seier han.

Dersom ein ikkje kan stole på at data og offentleg informasjon er i trygge hender hos styresmaktene, og heller ikkje hos dei store private teknologiselskapa, trengst det nytenking om kva slags lagringssystem det er behov for, meiner han.

Vil bygge løysingar for framtida

Henrik Schönemann fortel at dei no jobbar for fullt med å få på plass ein infrastruktur for å tilgjengeleggjere data som er berga, og finne ut kva lagringsløysingar ulike typar data krev.

– No er vi i overgangsfasen frå å vere ein kortsiktig redningsoperasjon, til å kunne tenkje litt lenger framover. Vi fokuserer mykje på teknisk infrastruktur og organisasjonsbygging.

Planen er å ikkje berre konsentrere seg om forskingsdata, men om digital kultur i breiare forstand.

– Førebels har vi ikkje vore systematiske, vi finn ting som vi trur kan vere i fare. Det kan inkludere personlege bloggar, eller den vesle skeive podkasten eg arkiverte for nokre dagar sidan. Alt som har vore verdifullt for nokon, seier Schönemann, som forsikrar at han framleis får sine seks timar søvn i døgnet.

– Men eg lever i tre-fire tidssoner samstundes!

  • Les mer: