Leiar | Norden
Publisert 17. september 2026 kl. 13:14
Eg spring etter sauen og lammet, men dei spring fortare. No må de stille dykk her, slik at de vert skarpe mot himmelen og den hemningslaust fotogene klippa i bakgrunnen. Kan de ikkje stå i ro?
Det er sommar og fyrste gong Færøyane er vertskap for nordisk møte, ein årleg treffstad for Forskerforbundet og systerorganisasjonane i nabolanda. Det er ein tiltalande institusjon, der nærskylde land kan oppdatere kvarandre, få inspirasjon, eller åtvaringar om trugsmål frå politikarar eller straumdrag i samfunnet.
Eit døme frå tidleg 2000-tal viser kva det nordiske samarbeidet har hatt å seie politisk. Styringsstrukturen vart endra ved universiteta i Danmark: Styra skulle ha eksterne styrefleirtal. Dette hende så fort at den førande fagforeininga i sektoren – Dansk Magisterforening – knapt rakk å mobilisere. Men dei varsla nordiske naboar. Då forskingsminister Kristin Clemet kom med eit liknande framlegg i Noreg, ytte Forskerforbundet og andre fagforeiningar massiv og effektiv motstand mot den bedriftsliknande modellen «særlovsselskap». Framlegget vart stoppa.
Tendensane liknar, og trass at dei er traurige, gjev det eit slags løft å dele dei over nordiske grenser.
Med desse nasjonane samla er det ein liten, men truleg nødvendig, fallitt at nordisk er gitt opp som møtespråk. Men på engelsk høyrer vi om alt som bind oss saman. I år står akademisk fridom og lønsvilkår på programmet. Og korleis står det til med balansen mellom arbeid og fritid?
Frå Island høyrer vi om press frå kryssande forventningar om eksellent forsking, kvalitet på undervisinga, søking om midlar, engasjement i samfunnet. Administrasjon og å handtere ulike digitale system tek mykje av tida, og undervising og forsking kjennast ikkje lengre som kjerneoppgåvene.

Danskane fortel om ei spørjeundersøking frå Københavns universitet. 70 prosent oppgav at dei opplever stress «som gjer meg ukomfortabel». Ph.d.ar og mellombels tilsette er mest belasta. Dei siste to-tre åra har auken i stressrelatert sjukefråvêr auka mykje, og det mest uroande: Mange kjem aldri tilbake til jobben sin.
Svenskane rapporterer om meir mikrostyring av arbeidstida til forskarar. Fleksibiliteten som bidrog til å gjere desse jobbane attraktive, er redusert. Samtidig er mykje av arbeidstida ubetalt, til dømes overtid ved å vere opponent.
Finnane seier at utrygge karrierar, mellombelse kontraktar, for lite tid til forsking, press om å skaffe midlar er element som fører til stress. Ifølgje ei undersøking er dei som forskar meir nøgde enn dei som underviser. Dei sistnemnde arbeider mest ekstra og ubetalt.
Tendensane liknar, og trass at dei er traurige, gjev det eit slags løft å dele dei over nordiske grenser.
Men det er då færøyingane fortel om livet i ein mikrostat at eg hamnar lengst framme på stolen. Færøyane har om lag 55 000 innbyggjarar. Eg lærer at ein mikrostat er kjenneteikna av å vere liten (skulle berre mangle), distinkt, homogen og sjølvforsynt. Færøyane har eit ungt universitet, som dels har sprunge ut av lærar- og sjukepleiarutdanningar. Universitetet har om lag hundre tilsette og tusen studentar.
Korleis er det å vere forskar i ein mikrostat? Jo, mange er den einaste eksperten på eit felt, og har ikkje nokon dei kan spørje om råd. Med såpass få stolar med stor avstand, er det mange fagområde som fell mellom stolane. Folk har så mange roller og er samanvovne på så mange måtar – som naboar, kollegaer, lagkameratar, medlemmer i same styre eller kyrkjesamfunn. Alle rollene og samanbindingane kan til dømes føre til at det er kort veg til kjeft dersom du er økonom og legg deg ut med næringslivet. Færøyane er svært avhengige av fiskeeksport, og fordelinga av naturressursane er omstridd. Du må vere budd på å ta på deg den profesjonelle hatten kva tid som helst, for på fotballkamp kan du møte nokon du har intervjua. På bar om natta kan du treffe ein student som vil snakke om ei oppgåve. Vi høyrer om sterke slektskaps- og fellesskapsband. Det er for tida 49 langtidsledige på Færøyane. Då vil du ikkje vere éin av dei.
Ein kveld får vi konsert av Eyðun Nolsøe, ein av dei mest kjende visesongarane herfrå, som syng eigne songar på færøyisk. Det meste er uforståeleg for meg, før ei glasklår setning kan stikke seg ut. Vertskapet har gjort sitt for å byggje nordisk fellesskap: Ein del av oppdraget er at han framfører songar av Mikael Wiehe, Kim Larsen og Lillebjørn Nilsen.
Det er tett program, men noko villskap i natur og hav vil eg få med meg. Eg rushar av garde i ein drosje for å gå over heia tilbake til Torshavn. I iveren etter eit godt bilete, jagar eg etter denne sauen med lam. Dei glepp unna, og eg tenkjer: Neste gong. Neste gong skal eg kome heilt nær.