Forskarar må bli flinkare til å dele data
LUKK

Forskarar må bli flinkare til å dele data

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 19. desember 2017 kl. 10:19

Deling av forskingsdata vil både gje betre forsking og meir innovasjon og verdiskaping, meiner regjeringa. I dag legg ho fram ein nasjonal strategi for datadeling.

Sist sommar fastsette regjeringa nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar skrivne av norske forskarar. No følgjer ein nasjonal strategi for deling og tilgjengeleggjering av data. Strategien gjeld både data frå offentlege kjelder som er viktige for forskingsføremål (slik som SSB), og data som forskarar samlar sjølve. Eit grunnprinsipp i strategien er at forskingsdata skal vere så opne som mogleg og så lukka som nødvendig. Det er opp til forskingsmiljøa å avgjere korleis data skal arkiverast og gjerast tilgjengelege for andre.

Manglar koordinasjon

Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Tore Furevik, er mellom dei som ønskjer strategien velkommen.

– Data som ikkje blir gjort tilgjengelege for andre, er så å seie verdilause. Ufatteleg mykje pengar blir brukt på å samle data, og blir dei ikkje gjort tilgjengelege, er det liten vits, seier han.

Bjerknessenteret etablerte eit klimadatasenter for eigne midlar i 2015. Senteret skal samle og tilgjengeleggjere data frå eigne forskarar, men også for andre forskarar som vil nytte tilbodet.

– Den største hindringa for å dele forskingsdata er manglande koordinasjon, fortel Furevik.

– På vårt felt er ikkje personvernomsyn, til dømes, noka hindring for å tilgjengeleggjere data. Det finst mange klimadatasenter i verda, men utfordringa er å drive dei og å syte for kvalitetssikring og tilgjengeleggjering på lang sikt.

Eit krav i EU

Open tilgang til forskingsdata er allereie blitt ein hovudregel for prosjekt som er finansiert gjennom EUs rammeprogram Horisont 2020, og for tida skjer det eit omfattande internasjonalt arbeid for å fjerne tekniske og praktiske hindringar for datadeling ved å etablere infrastruktur og utvikle tekniske standardar. Då Forskingsrådet nyleg reviderte sin policy for tilgjengeleggjering av forskingsdata, innførte dei nye retningsliner som seier at forskingsinstitusjonar skal vurdere å lage datahandteringsplanar for prosjekt som får finansiering frå Forskingsrådet, og at slike planar i størst mogleg grad bør vere offentlege. Ifølgje den nasjonale strategien forventar regjeringa at institusjonane lagar prosedyrar for slike datahandteringsplanar, og at dei lagar institusjonelle retningsliner for korleis data skal lagrast og handterast.

I ei pressemelding seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at det er viktig at institusjonsleiarar legg til rette lokalt, medan styresmaktene medverkar med gode nasjonale rammevilkår.

– Datalagring og tilgjengeleggjering er noko som lenge har vore stemoderleg behandla. Noko av det viktigaste styresmaktene kan hjelpe med, er å syte for finansiering til drift av infrastruktur, meiner Furevik.

Innanfor klimaforsking har ein allereie lang tradisjon for å gjere både observasjonsdata og modelldata tilgjengelege for kollegaer i inn- og utland.

– Noko som skil vårt forskingsfelt frå mange andre, er at ein treng å samanstille datasett for å sjå samanhengar og trendar over tid. Ein lærer fint lite av eitt datasett frå éin fjord, til skilnad frå mange andre forskingsfelt der eitt datasett kan fortelje mykje. I tillegg kjem kravet om reproduserbarheit. Det er uråd å reprodusere forskingsresultat om datasetta ikkje er tilgjengelege. Likevel varierer det også innan klimaforsking i kva grad forskarar deler data, fortel han.

Skal utgreie finansiering

Ifølgje den nasjonale strategien vil regjeringa be Forskingsrådet og forskingsinstitusjonane om å utgreie og gje råd om berekraftige og langsiktige finansieringsmodellar for drift av dataarkiv og annan infrastruktur. Samstundes vil ein gjere det enklare for forskarar å få tilgang til data frå Statistisk sentralbyrå, og til data som er framskaffa gjennom helsevesenet, slik som data frå helseregister og frå befolkingsundersøkingar. Likevel går det klart fram at oppfølgjinga av strategien for ein stor del kviler på institusjonane sjølve og skal skje innanfor gjeldande budsjettrammer.

Regjeringa anerkjenner at både praktiske og kulturelle hindringar ligg i vegen for meir tilgjengeleggjering av forskingsdata, og forventar at institusjonane arbeider aktivit for å auke kompetansen på datadeling hos eigne forskarar og studentar. Samstundes skal ein legge til rette for enklare sitering av datasett og kreditering av arbeid med forskingsdata.

Den nasjonale strategien for tilgjengeleggjering av forskingsdata er ein del av oppfølgjinga av storingsmeldinga Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, som kom i 2016. I tillegg til effektar som betre forsking og sjansar for ny næringsverksemd, blir det peikt på at meir openheit kring forsking og forskingsresultat, kan medverke til å styrke tilliten til forskinga.