
– Det er ikkje bestemt kven som blir ny bibliotekdirektør ved NTNU. Sjølv skal eg slutte, seier noverande direktør Lisbeth Tangen. Foto: Nils Eikeland/NTNU
Det er litt uro for at vi berre blir eit underbruk av Bodø, fordi dei der er så store.– Identitet er viktig Også ved Nord universitet blir det snart ny organisering av bibliotektenestene. Etter at Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) og Høgskolen i Nesna vart slått saman med Universitetet i Nordland, skal åtte bibliotek bli til eitt universitetsbibliotek. – For oss bibliotekarar har fusjonsprosessen vore fylt av praktisk arbeid. Alt går veldig fort, og det har vore lite tid til å dei store tankane om framtida, seier spesialbibliotekar Ingrid Eggen ved Nord universitet. Ho har vore tilsett ved tidlegare HiNT, og har mellom anna delteke i ei gruppe som driv med strategiarbeid for det nye universitetsbiblioteket. – Mange arbeidsgrupper har vore i sving det siste året for å førebu samanslåing av databasar og få til felles rutinar for biblioteket. Eggen seier biblioteka har svært ulik storleik, men også forskjellig kultur: – Noko av det viktigaste framover er kultur- og identitetsbygging. Høgskolen i Nord-Trøndelag vart danna av fire mindre høgskular for tjue år sidan, og eg veit kor lang tid det tok oss den gongen å bli ein høgskule. Det er også litt uro for at vi berre blir eit underbruk av Bodø, fordi dei der er så store samanlikna med oss som kjem inn. Eggen trur likevel fusjonen vil føre med seg ein del positivt: – Vi får mange nye kollegaer, og opplevinga så langt er svært positiv. Men det kan bli vanskelegare å få til ting når organisasjonen blir tyngre. Eg er også spent på kor lang avstand det blir til nærmaste leiar, kvar personalleiinga skal sitte, og om vi får fagleg leiing på kvart einskild bibliotek. – Meir tungrodd Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) har fleire års erfaring med fusjon. Erlend Kristensen er spesialbibliotekar og koordinator for Altabiblioteket ved UiT. Han seier det er ei stund sidan Høgskolen i Finnmark fusjonerte med UiT, så endringane er ikkje lenger like tydelege. – Men vi fekk «fri» frå ein del arbeidsoppgåver som vi før hadde lokalt her ved biblioteket. Det gjeld for eksempel forhandlingar om lisensavtalar og forvaltning av eit institusjonelt arkiv. Også mottak og katalogisering er sentralisert, fortel Kristensen. Han seier det i dei fleste samanhengar er inspirerande å vere del av eit større fagmiljø. – Men ein del ting kan vere meir uoversiktlig og tungrodd enn før. Biblioteket hadde tidlegare ein lokal bibliotekleiar, som no er erstatta av ein koordinator. – Den lokale koordinatoren har leiaransvar, men ikkje personalansvar. Personalleiinga er ikkje til stades i det daglege, og dette kan nok av og til opplevast som utfordrande, seier Kristensen.