Arbeidsliv | Publiseringssystemet

Publisert 12. mars 2026 kl. 12:51
Det vitskaplege publiseringssystemet knakar i reisverket, og fagfellevurdering har utvikla seg til å bli ein av dei store flaskehalsane i systemet. Medan volumet av artiklar som blir produserte, aukar dramatisk, har tidsskrifta vanskar med å finne fagfeller til å vurdere dei stadig fleire artiklane. Dersom kvar artikkel skal vurderast av minst to fagfellar, seier det seg sjølv at likninga ikkje går opp.
– Fagfellevurdering er ein så essensiell del av kvalitetssikringa av forsking at det på ein eller annan måte bør prioriterast økonomisk, meiner Maja Nordtug.
Ho er medlem i Akademiet for yngre forskarar og postdoktor ved UiO. Ho er også tidsskriftredaktør og veit av lang erfaring kor vanskeleg det kan vere å finne folk til å vurdere artiklar.
– Og eg har sjølv hatt artiklar som har venta i 8-9 månader på å bli vurderte, i ein karrierefase der eg er veldig avhengig av å få ut artiklar raskt.
Saman med Solveig Topstad Borgen tok ho i ein kronikk i Khrono nyleg opp korleis mangelen på fagfeller slår dobbelt uheldig ut for unge, mellombels tilsette forskarar. Phd-ar og postdoktorar treng å bygge CV-en sin, skal dei ha håp om ei framtidig karriere i akademia. Det vil seie at dei må kunne vise til publikasjonar og undervisingskompetanse.
Å bidra til den akademiske dugnaden gjennom fagfellevurdering, kjem langt ned på lista for mange. Samstundes er unge forskarar avhengige av å få artiklane sine vurderte og publiserte raskt, altså treng dei at andre gjer det akademiske dugnadsarbeidet dei sjølve ikkje har tid til.
– Spørsmålet er korleis det kan bli ei oppgåve som folk faktisk har tid til å prioritere? spør ho.
Nokre har teke til orde for å honorere fagfellevurderingar. Men det er fleire moglege ulemper forbunde med det, som Forskerforum har skrive om tidlegare: Faren er stor for at utgjevarane berre vil dytte den ekstra rekninga over på artikkelforfattarane, som endar med å måtte betale endå høgare avgift for å få artiklane sine publisert med open tilgang. Og kven skal motta honoraret, fagfellen eller arbeidsgjevaren? Kven skal utføre det ekstra papirarbeidet honorering medfører?
Men kva om fagfellevurderingar gav konkret utteljing ved til dømes opprykk eller tilsetjingar, slik at det kunne inngå i CV-bygginga på lik line med andre aktivitetar?
– Eg har ei setning på CV-en min om kva for tidsskrift eg har vurdert for, men eg har aldri opplevd at det er blitt teke opp i samtalar. Og eg ser ikkje at det står noko om fagfellevurdering i utlysingstekstar, det er typisk publikasjonar og undervisingskompetanse som blir nemnt eksplisitt, seier Nordtug.
Men det er ingenting i vegen for å vektleggje fagfellevurderingar i slike samanhengar. Dei seinare åra har det pågått eit internasjonalt arbeid for å endre på måten forskarkarrierar blir vurderte på.
Bakgrunnen var at mange av tinga forskarar gjer, og som er heilt nødvendig for at forksingssystemet skal fungere, ikkje gjev karrieremessig utteljing.
Noreg har vore langt framme i dette arbeidet og har utvikla eit nasjonalt rammeverk for forskarvurdering, NOR-CAM, som er blitt teke i bruk, med lokale tilpasningar, av fleire institusjonar.
– Fagfellevurdering inngår i vurderingsgrunnlag og opprykk i dag, seier Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet og leiar av den strategiske samordningseininga for forsking i Universitets- og høgskulerådet (UHR).
– I arbeidet som er gjort med å reformere forskarvurderingar er det lagt tydelegare vekt på forskingsprosessen.
OsloMet sitt eige verktøy for kompetansevurdering, OsloMet-CAM, er nokså nytt og det er førebels vanskeleg å slå fast kva effekt det har hatt.
– Men det viktige er at det kan brukast ved utlysingar og opprykk for å synleggjere ei breidde av kompetansar, vise fram forskingsprosessen og korleis ein deltar i forskingssamfunnet, seier ho.
Nesten 60 prosent svara at fagfellevurdering knapt vart vektlag i søknadar.
I eit pågåande forskingsprosjekt undersøker forskarar ved NIFU i kva grad prinsippa i NOR-CAM blir implementerte i faktiske tilsettingsprosessar.
I ei spørjeundersøking utført i 2025 vart forskarar spurde om dei vektla fagfellevurdering sist dei sat i ein bedømmingskomite for ei førsteamanuensisstilling. Nesten 60 prosent svara at det knapt vart vektlagt. For opprykksprosessar var det litt annleis, her svara 40 prosent at fagfellevurdering var lite eller ikkje vektlagt, men like mange svara at det vart vektlagt i nokon grad.
Forskarane spurde også om fagfellevurdering burde bli meir vektlagt ved tilsettingar enn i dag. Her svara 20 prosent ja, medan 60 prosent meinte det burde vektleggast på same måte som i dag.
Eit anna spørsmål tok opp kva grunnar forskarane hadde for å leggje ned innsats i fagfellevurdering. Svært få, 5 prosent av respondentane, svara at det er noko dei gjer for å oppnå kvalifikasjonar. Langt fleire, 37 prosent, gjer det for å bidra til den akademiske dugnaden. 26 prosent gjer det litt av begge grunnar. 12 prosent opplyste at fagfellevurdering er noko dei gjerne skulle gjort, men ikkje har høve til. 13 prosent la ingen innsats i fagfellevurdering. Meininga er at spørjeundersøkinga skal takast opp att neste år for å sjå om svara endrar seg.
– Sjølv legg eg ved slik dokumentasjon i samanhengar der eg skal vise fram kor flink eg er: At eg bidreg med fagfellevurderingar og med opne datasett og slike ting, seier Henrik Karlstrøm ved NIFU. Han deltek i det nemnde forskingsprosjektet, og sto også bak ei kunnskapsoppsummering om det vitskaplege publiseringssystemet som var laga i 2025 på oppdrag frå Forskerforbundet.
– Det finst allereie måtar å synleggjere at ein bidreg med fagfelleevalueringar på, til dømes har nokre forlag ein automatisert prosess der det blir registrert på profilen din i Orcid at du har utført ei fagfellevurdering for dei. Men dersom ein skulle gjere det til eit formelt krav, ville det å utføre fagfellevurderingar bli eit mål i seg sjølv, og det er ikkje sikkert at det ville ha berre positive effektar, seier han.
I kronikken sin lanserer Nordtug og Borgen fleire moglege løysingar på fagfellevurderingskrisa. Auka anerkjenning, til dømes i tilsettingsprosessar, er ein av dei. Ein annan kunne vere at Forskingsrådet og andre som finansierer forsking, stiller krav om at fagfellevurdering skal inngå i utlysingane, slik at det må settast av midlar på budsjettet og bli eitt av elementa ein må rapportere om etterpå. Dei meiner det kunne bidra til at unge forskarar som blir tilsett på prosjekt, kunne få frigjort arbeidstid til å gjere det.
Uansett kvar ein tek tida frå, vil det vere ei økonomisk byrde for nokon.
Eit siste forslag er at arbeidsgjevarar direkte set av arbeidstid til fagfellevurdering.
– Men skulle eg skrive fagfellevurderingar innanfor plikttida eg har som postdoktor, ville det gå ut over til dømes undervisingstid, og då vil det koste pengar for institusjonen. Uansett kvar ein tek tida frå, vil det vere ei økonomisk byrde for nokon. Men eg tykkjer det er problematisk at nettopp den oppgåva eg ser på som så viktig, ikkje blir økonomisk prioritert, seier Nordtug.
Prorektor Tanja Storsul ved Oslomet er derimot skeptisk til forslaget.
– Eg trur at ei slik finmaska inndeling av arbeidstid for postdoktorar og stipendiatar er noko vi skal vere forsiktige med, dei har veldig mykje dei skal gjennom. Og for dei fleste vil det jo vere lurt, reint fagleg, å gjere fagfellevurderingar, seier ho.
I rapporten om publiseringssystemet spekulerer Henrik Karlstrøm og medforfattar Sabine Wollscheid om framtida for fagfellevurderinga. Dei ser for seg at fagfellevurdering vil få mindre av ei portvoktarrolle enn i dag, og heller kan slå inn på ulike tidspunkt i ein meir kontinuerleg prosess.
– Vi ser meir av at folk legg ut versjonar at artiklane sine før dei er publisert i tidsskrift. Og vi ser større interesse for å gjennomgå og reprodusere allereie publisert forsking. Så publisering er ikkje nødvendigvis det endelege punktum, seier Karlstrøm.
– Er du redaktør for eit tidsskrift der prestisjen er sterkt knytt til at veldig få artiklar slepp igjennom nålauget, då vil du framleis vere interessert i å halde på dagens fagfelleprosess. Men no blir det produsert så mykje forsking at den modellen kanskje berre vil gjelde ein liten del av publiseringssystemet i framtida. Vi trur endringar i systemet vil tvinge seg fram uansett, men akkurat kva retning dei vil ta, er vanskeleg å spå om.