– Dei tillitsvalde får ikkje lenger tid til å gjere jobben, seier leiar i Forskerforbundet ved HiOA.  

Som Forskerforum har skrive om, har fleire institusjonar lagt ned styra på institutt og fakultetsnivå, og demokratiet er under sterkt press. Ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er fakultetsstyret lagt ned, og tilbake står fagorganisasjonane som då får ei endå viktigare rolle. Men har fagforeiningane fått meir makt og medverknad?

– Absolutt ikkje. Ved HiOA har demokratiet gått i feil retning, seier Eldbjørg Schön, leiar i det lokale Forskerforbundet ved HiOA.

Ho fortel at dei lokale klubbane ved fakultet og senter i Forskerforbundet ved HiOA er blitt førespegla mykje mindre grunnressurs.

–  Vi har fått berre hundre timar til å gjere jobben, og dette er ein stor nedgang. Vi meiner klubbleiarane må ha faste frikjøpte timar, men leiinga meiner dei kan søkje permisjon når dei treng det. For tilsette med undervisning blir dette nesten umogleg.

Mindre medverknad

Denne saka skal opp i mars, og Schön er redd den nye ordninga vil føre til mindre medverknad.

– Det er økonomien som styrer ved fakulteta. Vi får stadig fleire leiarar som tidlegare har jobba i privat næringsliv. Dei kjenner ikkje regelveket og Hovudavtalen godt nok. Dei tillitsvalde har jo rett på fri til å utføre vervet, men systemet er under stort press, seier ho.

Medverknad skjer i dag gjennom Informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøte, eller såkalla IDF-møte.

– Utfordringa er at styrepapira blir sende ut omtrent samtidig med IDF-møta, så kommentarane våre blir sendt til høgskulestyret i etterkant. Kor mykje som blir teke omsyn til i styret, veit eg ikkje. Før fusjonen, då eg var leiar i Forskerforbundet ved Høgskolen i Akershus, vart vi mykje meir lytta til, og merknader frå organisasjonane kunne føre til endringar. Dette har skjedd i svært liten grad etter vi vart fusjonert, seier Schön.

Får meir ved UiS

Ved Universitetet i Stavanger (UiS) er det venta at Forskerforbundet vil få større ressursar etter at universitetsstyret vedtok å leggje ned instituttstyra frå 1.august 2017. I staden for instituttstyre vil UiS styrke samarbeidet mellom arbeidsgjevar og tillitsmannsorganisasjonane gjennom Hovudavtalen.

– Vi vil få to hovudavtaleutval, eitt på toppnivå og eitt på fakultetsnivå. Det vil seie at vi får frikjøpt meir tid til tillitsvalde, seier hovudtillitsvald Åge Hultgren i Forskerforbundet ved UiS.

– Eg kan ikkje tenke meg anna enn at vi får meir. Dette handlar også om å oppretthalde demokratiet ved UiS, seier han.

Les også:

Universitetsdemokrati på retur

  • Erik Døving

    Dette er svært urovekkende. Etter HA skal arbeidsgiveren gi de tillitsvalgte best mulig arbeidsvilkår for at de skal kunne skjøtte sine verv. Dersom partssamarbeidet foregår både på institusjonsnivå og fakultetsnivå, er det klart at det må settes av tidsressurser på begge nivå. Arbeidsgiver kan naturligvis ikke skjære ned på tidsressursen som et sparetiltak i og med at dette er en forpliktelse etter hovedavtalen. Belastningen på de tillitsvalgte er en funksjon av det arbeidsgiver gjør. Jo ryddigere og mer korrekt arbeidsgiver opptrer, desto færre og enklere saker er det for tillitsvalgte. Det er naturligvis mye mindre arbeid når saker kan avklares med 2 møter i stedet for 5 møter.