Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Meninger

«Er det eit mål å skape mot til å starte forsking som kollegaen din eller oppdragsgjevaren din ikkje liker?»

Det er ikkje jussen som kan ordne opp i saker om akademisk ytringsfridom. Fagfellesskapen må trø til, meiner Kierulf-utvalet.

«God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag». Denne undertittelen på den ferske utgreiinga «Akademisk ytringsfrihet» hoppar rett til konklusjonen. Utvalsleiar Anine Kierulf sa det slik då ho la fram utgreiinga før påske: «Å byggje kultur nedanfrå, frå student til rektor, er ikkje lett, men er det som skal til».

At det akademiske ytringsromet vert mindre, er det vanskeleg å føre sikre prov for. Å demme opp for ein slik risiko var like fullt mykje av utgangspunktet for at Henrik Asheim (H), dåverande statsråd for forsking og høgare utdanning, sette ned Kierulf-utvalet i fjor. Ytringsfridomen og den akademiske fridomen står sterkt juridisk frå før. Korleis kan vi sikre at forskarar i praksis kjenner og kan leve etter ein slik fridom?

Eg finn ei god satsplanke for diskusjonen i den ferske boka Ytringsfrihet i en ny offentlighet av Marte Mangset, Arnfinn H. Midtbøen og Kjersti Torbjørnsrud (red.). Redaktørane skriv i innleiinga at dersom folk skal ha tilgang på eit breitt spekter av kunnskap, må forskarane kunne produsere og formidle kunnskapen relativt fritt: «Dersom kunnskapsproduksjon og formidling i for stor grad styres av myndighetenes politiske ønsker eller markedsmekanismer, av politiske eller faglige trender, eller av frykt for represalier eller latterliggjøring, kan relevant kunnskap, bredde i kunnskapstyper og motekspertise hindres i å nå befolkningen, beslutningstakere eller de gruppene som kunne trenge den.»

I dette landskapet har Kierulf-utvalet navigert. Dei har lagt stor vekt på grensesnittet mellom forskarar og omverd. Samfunnet treng kunnskapsbaserte røyster, og formidlinga må flyte friare, til dels under tvang: Ph.d.-avhandlingar bør ha ein allmennretta del, og både dei og publikasjonar frå prosjekt støtta av Forskingsrådet skal ha eit samandrag på norsk.

Utvalet føreslår elles tiltak på mange plan – juss, styring, økonomi og kultur, og størst blant dei er kulturen.

Juridisk ynskjer dei nokre presiseringar i universitets- og høgskulelova. Utvalet vil tydeleggjere kva ansvar institusjonane har for å sikre akademisk fridom for tilsette og studentar. Dei skal ikkje berre få føresetnader for fridomen, men «tilstrekkelig opplæring» i fridomen, slik det er formulert i framlegget til lovtekst.

Styringsmessig kjem utvalet med framlegg om at formidling skal vere del av utviklingsavtalane. Mi uformelle utlegning: Når departementet følgjer opp den enkelte institusjonen, skal dei ikkje berre leggje vekt på forsking og undervising, men òg på formidling.

Økonomisk føreslår utvalet å gjere formidling til ein teljekant. Så lenge resultata av forsking og undervising vert premierte, må formidling òg gje økonomisk utteljing for å nå opp. Dette framlegget krasjar med konklusjonen til eit anna regjeringsoppnemnt utval: Hatlen-utvalet, som har gjennomgått finansieringsordninga i høgare utdanning og forsking, vil kutte hardt i bruken av økonomiske insentiv.

Kulturelt – korleis byggjer ein «god ytringskultur nedanfrå kvar dag»? Utvalet hjelper oss på veg ved å servere eit sett på ti «Ytringsvettreglar». I tråd med formidlingsentusiasmen er fyrste bod: «Bruk ytrings- og informasjonsfriheten din, også utenfor fagfellesskapene.» Ein annan av reglane er: «Tolk meningsmotstanderes argumenter på best mulig måte – for dem.» Då Kierulf overleverte utgreiinga til statsråd Ola Borten Moe (Sp), sa ho at vranglesing er høgt på lista over problem for akademisk fridom. Ho konfronterer individet, og eg trur akademikarar har godt av det.

Til slutt vil eg like fullt vri perspektivet frå det individuelle ansvaret til nokre tyngande strukturar: konkurransepreget og utryggleiken for dei som vågar seg på ein forskarkarriere. Er det eit mål å skape mot til å starte forsking som kollegaen din eller oppdragsgjevaren din ikkje liker? Vil vi ha folk som har tryggleik til å stå for omstridde funn? Vel, då er ikkje mellombelse tilsettingar og hierarkiske strukturar medisinen. Kunnskapsdepartementet skal no fordøye utgreiinga, og denne samanhengen vonar eg departementet og Borten Moe forstår.

  • Les også:

Noen ganger oppleves arbeidet ved Kristiania som et hamsterhjul. Vi løper fortere og fortere, men kommer ikke videre.

Epstein var besatt av akademia. Hva betydde det for hans image?

Utviklingen mot flere universiteter handler ikke om å velge forskning fremfor undervisning, men om evnen til å holde begge i balanse

Mangfold i seg selv flytter ikke forskningsfronten 

Fra kaffemaskinen til kritisk tenking: Hvorfor tverrfaglighet er vår beste investering

Universitetet i Innlandet har fått en røff start. Er det historien fra vårt eldste universitet, som gjentar seg for det nyeste, spør gjesteskribent John Peter Collett.

Nye kriterier for ansettelse og opprykk – en besværlig implementeringsreise

Me treng heilskapleg og prinsipiell danning, ikkje berre effektiv kunnskapsproduksjon

Lukk meny