Færre og større museum skulle gje fagleg styrking. Men har det fungert?

Færre og større museum skulle gje fagleg styrking. Men har det fungert?

Av Johanne Landsverk

Publisert 15. november 2021

Museumsreforma skal verte evaluert.

I den nye regjeringserklæringa heiter det at regjeringa skal: «Evaluere museumsreforma, særleg med tanke på kåra for frivilligheita og moglegheitene for å mobilisere lokale ressurspersonar».

– Vi har etterlyst denne evalueringa i mange år. Men det blir feil å berre sjå på kåra for frivillige ved musea. Det viktige er å evaluere om reforma verkeleg har ført til ei fagleg styrking eller om det meste av merksemda og midlane har gått til administrasjon. Det er det sistnemnde som bekymrar meg mest, seier Hanna Mellemsether. Ho er i dag fagsjef ved Stiklestad nasjonale kultursenter.

Annonse
Fakta
Museumsreforma
- vart påbegynt i 2000
- hadde som mål å etablere sterkare fagmiljø og større einingar
- har ført til at 350 frittståande museum på 1990-talet i dag er redusert til 62 museum i det statlege museumsnettverket
- skulle etter stortingsvedtaket i 2017 fått ei heilskapleg evaluering
- er evaluert i nokre fylke, og i 2020 kom Telemarksforsking med ei oppsummering i rapporten Museum og samfunn

Mellemsether har lang fartstid som seniorrådgjevar for forsking ved Museene i Sør-Trøndelag. Ho meiner det er viktig med ei ekstern evaluering.

– Vi må ha eit blikk på reforma utanfrå for å kunne sjå om samlingane har vorte betre tekne vare på og om det har blitt meir forsking.

Meir utfordrande for frivillige

Allereie i 2017 vedtok Stortinget å be «regjeringen gjennomføre en helhetlig vurdering av museumsreformen så langt og synliggjøre framtidsutfordringer i et helhetlig museumstilbud.»

Men den heilskaplege vurderinga vart aldri noko av. Våren 2021 la regjeringa fram ei ny museumsmelding, Musea og samfunnet -Tillit, ting og tid.

Då meldinga var oppe i familie- og kulturkomiteen, kommenterte medlemmene frå Sp og SV at dei er skuffa over måten regjeringa har handtert oppdraget frå Stortinget på, og meinte museumsreforma bør få ei uavhengig evaluering.

Ein samla komité var også uroleg for vilkåra til frivillige. Museumsmeldinga viser til ei utgreiing frå Telemarksforsking, Museum og samfunn, der det kjem det fram at «frivilligheita har fått ein meir utfordrande posisjon etter museumsreforma.

Ofte handlar dette om problematikk knytt til delt eigarskap til samlingane mellom ulike eigarstyre og den konsoliderte eininga, men ikkje berre det.

Utgreiinga viser òg at det i nokre museum er ei ambivalent haldning til frivillig innsats, særleg knytt til tilhøvet mellom frivillig arbeid og profesjonalitet.»

– Makta er flytta

Nanna Løkka ved Telemarksforsking er ein av forskarane bak rapporten.

– Når regjeringa vil sjå på kåra for frivillige, er det med tanke på lokale museum. Mange museum er vorte store konsern med ei fagleg og administrativ leiing, medan samlingane ofte er eigd av lokale eigarstiftingar som er mest opptekne av sine eigne lokale museum. Slike «doble» stiftingar som mange museum har endt opp med, er veldig kompliserte, forklarer Løkka.

– I samanslåingsprosessane har makta blitt flytta frå lokale eigarstiftingar til sentrale driftsstyre, og avstanden til dei lokale avdelingane har blitt mykje større. Det er ingen tvil om at dei store musea har strevd mest med å takle utfordringane på lokalt nivå, seier ho.

– Diskuterer å trekke seg

Etter 20 år med reform, murrar det stadig i museumslandskapet. På Sunnmøre har fem små lokalmuseum vald å stå utanfor den samanslåtte museumsinstitusjonen, som i dag har namnet Viti.

Ifølgje Sunnmørsposten vil musea lage ei ny stifting. Problemet er å få pengar frå staten og fylket til ei slik oppretting. Og nyleg skreiv Klassekampen om eit utspel frå styreleiar Gjert Heiberg ved De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, som er del av Musea i Sogn og Fjordane.

Etter ei omorganisering ved museet tok han til orde for å splitte opp det samanslåtte museet.

– Det er stadig ein del mindre museum som diskuterer å trekke seg frå museumskonstellasjonane, og nokre har gjort det, som til dømes Bø museum i Telemark. Det som skil De Heibergske Samlinger frå dei andre, er at det er styreleiaren ved hovudmuseet i Sogn og Fjordane som no ropar varsko, seier Løkka.

Ville opne for statstøtte

I forkant av regjeringsforhandlingane uttalte Sps kulturpolitiske talsperson Åslaug Sem-Jacobsen til Klassekampen at ho ville opne opp for at museum som vil bryte ut, skal kunne gjere det utan å miste statsstøtte. Men dette er ikkje nemnd i regjeringsplattforma.

– Det har vore snakk om å konsolidere ytterlegare til endå større museumsorganisasjonar. Dette er Senterpartiet heilt imot, uttalte ho før regjeringsskiftet.

Men i ein merknad til Museumsmeldinga skriv Ap, Høgre og KrF at departementet og regionale styresmakter må spele ei aktiv pådrivarrolle i å fullføre konsolideringa der museumsmiljøa framleis er for fragmentert og svakt. Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) har stadfesta overfor Klassekampen at dette framleis gjeld.

Les også: