Guro Lind tek attval som leiar i Forskerforbundet
LUKK
Annonse
Annonse

Guro Lind tek attval som leiar i Forskerforbundet

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. september 2021 kl. 15:53

– Sak nummer éin er å jobbe for betre lønnsutvikling for dei langtidsutdanna, seier Guro Elisabeth Lind. Ho tek gjerne ein periode til som leiar i Forskerforbundet.

Guro Elisabeth Lind er innstilt til ein ny periode som styreleiar i Forskerforbundet. Valkomiteen har også innstilt Kristian Mollestad som ny nestleiar. Valet av styre skjer på representantskapsmøtet i Forskerforbundet 22. oktober.

Sjå forslag til styre nedst i saka.

– Ønskjer å fortsetje forskarkarrieren

I tillegg til styrevervet i Forskerforbundet jobbar Lind som kreftforskar og leiar for ei forskingsgruppe ved Oslo universitetssjukehus.

– Eg har jobba veldig hardt for å etablere meg som forskar og forskingsgruppeleiar. Og det var lidenskapen for forsking som gjorde at eg i utgangspunktet takka ja til å stille som leiar i Forskerforbundet. Vi som er kunnskapsarbeidarar må vere med på å drive aktivt påverkingsarbeid, og eg var ikkje i tvil då eg takka ja då eg vart spurd første gongen, seier ho.

– Har du vore i tvil om å stille til attval?

– Eg var redd det måtte bli eit vegval om eg vart spurd om å sitje ein periode til. For eg ønskjer jo å fortsetje forskarkarrieren. Eg kan ikkje gje slepp på karrieren for å ta over eit mellombels verv over nokre år. Det som har vore avgjerande for meg, er at eg har fått god støtte til å kombinere dei to jobbane. Eg skal ikkje legge skjul på at det har vore krevjande. Dette er i utgangspunktet to fulltidsjobbar og meir enn det. Men no har eg gjort dette i to og eit halvt år, og det har gått fint. Difor er det naturleg for meg å takke ja til ein periode til då eg vart spurd.

– Gapet aukar dramatisk

Lind er ikkje i tvil om kva som blir den aller viktigaste saka framover:

– Sak nummer éin er å jobbe for betre lønnsutvikling for langtidsutdanna. Gapet mellom offentleg og privat arbeidsliv har auka dramatisk, og det gjeld ikkje berre for forskarar men for alle med høgare utdanning. Det er eit strukturelt problem, og det skjer på tvers av organisasjonar og tariffområde.

Lind viser blant anna til ein ny rapport om lønns- og karriereutvikling blant høgt utdanna i Noreg, som vart utført av Institutt for samfunnsforsking på oppdrag frå Forskerforbundet.

– Offentleg tilsette med høg utdanning tapar lønnskampen. Eg trur verkeleg ikkje at nokon ønskjer ei slik utvikling. Det er innlysande at samfunnet ikkje er tent med at vi ikkje greier å ivareta lønna til dei langtidsutdanna. Difor må vi få ei større bevisstgjering rundt dette. Noko av det viktige Forskerforbundet kan gjere, er å opparbeide eit kunnskapsgrunnlag som viser kva som skjer.

Vurderer andre samarbeidspartnarar

Som leiar av Forskerforundet har Lind også vore forhandlingsleiar i Unio stat. Etter lønnsoppgjeret i vår var Lind svært skuffa over LO og YS, og uttalte at Unio vil vurdere andre samarbeidspartnarar.

– Du nemnde eit mogleg samarbeid med Akademikerne?

– Ja. I statsutvalget til Unio diskuterer vi no korleis vi skal få mest mogleg gjennomslag for dei langtidsutdanna. Det inkluderer også ein diskusjon om samarbeidskonstellasjonar. 

Eitt punkt er ho likevel svært nøgd med etter lønnsoppgjeret i vår:

– Vi fekk gjennomslag for at partane skal lage ei felles utgreiing om lønn for ulike grupper i staten.  Vi veit kva som vil kome fram, nemleg at lønnsutviklinga for langtidsutdanna går i feil retning. Men det er lettare å få gjennomslag når partane går saman om å utarbeide ei utgreiing om lønnsutviklinga. Så dette er eg veldig godt nøgd med.

– Bruken av mellombels stillingar må ned

Lind nemner fleire viktige saker Forskerforbundet skal prioritere framover:

– Vi skal fortsetje å jobbe for gode arbeidsvilkår. Bruken av mellombels stillingar må ned, og kunnskapsarbeidarane i alle sektorar må vere sikra meir foruseielege jobbar, karrierevegar og meir tid til forsking og utviklingsarbeid. Ei anna viktig sak er å stoppe konkurranseutsetjinga i sektoren. Vi brukar altfor mykje tid på å konkurrere om midlar, og vi treng fleire midlar som må kome heile breidda til gode.

– Kva saker har du lykkast best med?

– Ei av sakene som eg gjekk til val på, var å redusere bruken av mellombels stillingar, og der har vi klart å få til mykje i perioden. Dette har vore ei kampsak for Forskerforbundet gjennom mange år, og eg synest det har skjedd ein del i perioden eg har vore leiar, sjølv om det er langt igjen. Ikkje minst fekk vi med oss tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, som var framifrå når det gjaldt å setje krav til sektoren, og kalla institusjonane  inn på teppet når dei ikkje innfridde.

Lind meiner Forskerforbundet også har lukkast med å setje søkjelys på at unge forskarar må få meir føreseielege karrierevegar og at det blir mindre bruk av mellombels stillingar for denne gruppa.

– Regjeringa har sett dette på dagsorden, og har utarbeidd ein strategi for å rekruttere og behalde forskarar og undervisarar. I tillegg har Forskerforbundet sett i gang eit arbeid med si eiga forskarmelding, som vil bli lagt fram under Forskingspolitisk seminar i november. Meldinga vil danne eit viktig kunnskapsgunnlag som kan setje fart på arbeidet med å betre dagens situasjon.

– Skal vere rom for ulike meiningar

– Kva har du som leiar lukkast best med?

– Eg har lukkast med å bygge gode lag. I sektoren er det så utruleg mange kloke hovud. Saman er vi sterke, og eg har jobba aktivt for å foreine dei kreative kreftene, inkludert i hovudstyret. Det skal vere høgt under taket og rom for ulike meiningar. Så gjeld det å lande på eit felles standpunkt slik at vi saman kjem oss vidare. Dette er viktig om vi skal på gjennomslag for politikken vår.

Lind var tidlegare politisk aktiv i Akademiet for yngre forskere. Og det er ingen tvil om at styreleiaren har eit glødande engasjement.

– Ja, og eg blir ikkje mindre engasjert no når eg ser korleis samfunnet mislukkast med lønnsdanninga for dei langtidsutdanna. Dess tydlegare dette kjem fram, dess meir utolmodig blir eg, seier ho.

Valkomiteens innstilling:

Leiar
Guro Elisabeth Lind, leiar i Forskerforbundet

Nestleiar
Kristian Vilhelm Eger Mollestad, Presteforeningen – ny

Medlemmer
Sebastian Eiter, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Kristin Lofthus Hope, Høgskulen på Vestlandet (HVL) – ny
Belinda Eikås Skjøstad, Universitetet i Oslo (UiO)
Kristian Steinnes, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) – ny
Hugues Verdure, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) – ny

Varamedlemmer
1. varamedlem: Bente Ovèdie Skogvang, Høgskolen i Innlandet – ny
2. varamedlem: Randi Godø, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design – ny
3. varamedlem: Gisle Andersen, NORCE – Norwegian Research Center – ny

  • Les også: