Meiner mange postdoktor-jobbar burde vere fagstøtte-stillingar
LUKK

Meiner mange postdoktor-jobbar burde vere fagstøtte-stillingar

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. oktober 2018 kl. 14:01

Akademiet for yngre forskere hyllar forslaget om fleire karrierevegar i høgare utdanning.

I dag går høyringsfristen ut for forslaget om ny stillingsstruktur i høgare utdanning. Eitt av spørsmåla utvalet skulle ta stilling til, var om dagens karrierevegar gjer det attraktivt å jobbe ved norske universitet og høgskular. Meiningane i sektoren er delte.

Fakta

Utvalet, som vart leia av Arild Underdal, har foreslått tre karrierestigar i akademia.

  • Førsteamanuensis-professor-stigen blir omtrent som i dag, men blir utvida med eit steg på toppen.
  • Utvalet foreslår ein heilt ny forskar-lektor-stige, som skal vere ein karriereveg for både undervisarar og forskarar.
  • Endå eit nytt løp, den såkalla fagstøttestigen, er meint for fagtilsette som jobbar med støttefunksjonar for forsking og utdanning.
  • Den noverande førstelektor-dosent-løpet, som har vore eit alternativ til førsteamanuensis-professor-løpet, vil utvalet fase ut.
– Vi er svært positive til at utvalet går inn for større mangfald i stillingsstrukturen, og vi ønskjer nye karrierevegar på plass så snart som råd, seier Magnus Aronsen, som er leiar for Akademiet for yngre forskere. Han har doktorgrad i medisin, og jobbar som forskar ved Universitetet i Oslo (UiO).

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UiB) er meir tvilande til dei nye stigane.

Annonse

– Eg er skeptisk til at vi kan ende opp med mange parallelle karrierestigar inn mot meir eller mindre same aktiviteten, nemleg forsking, seier han.

Ønskjer fagstøttestige

Underdal-utvalet vil stramme inn på bruken av postdoktorstillingar, og utvide postdoktorperioden til fire år. Aronsen i Akademiet for yngre forskere er svært glad for dette.

Han har også stor tru på ein eigen fagstøttestige, som ifølgje utvalet skal synleggjere gruppa som arbeider med ulike støttefunksjonar.

– I mange fagmiljø er det stipendiatar og postdoktorar med høg teknisk kompetanse som gjer mykje av jobben i store forskingsprosjekt. Mange postdoktorstillingar blir misbrukte. Reelt sett blir postdoktorane brukte som fagstøtter, men utan høve til vidare karriere i det noverande systemet.

Aronsen meiner difor det ville vere betre å satse på fagstøttestillingar.

– Vi trur at ein god del av postdoktorstillingane heller burde vere fagstøttestillingar, der det kan vere mogleg å utvikle ein karriere. Innanfor moderne forsking jobbar vi stadig meir i lag, og det er lettare å setje saman forskarlag som har eit felles mål i staden for at alle konkurrerer mot kvarandre.

– Men målet for mange postdoktorar er vel å bli professor?

– Ja, og ein del av postdoktorane skal kunne konsentrere seg om det tradisjonelle førsteamanuensis-professor-løpet.

– Lite gjennomarbeidd

Rektor Olsen meiner forslaget frå ekspertutvalet verkar lite gjennomarbeidd.

– Ved UiB er vi ikkje sikre på at forslaget slik det ligg føre i dag, er moge nok til å gje oss gode retningslinjer framover. Eg kunne tenkt meg at utvalet hadde sett meir på karriereløpet ved andre universitet i Europa, og i større grad late seg inspirere av dei, seier han.

– Det er positivt at utvalet har sett på karrierevegar for unge akademikarar, som det kanskje ikkje er plass til i det tradisjonelle førsteamanuensis-professor-løpet. Vi treng høgt utdanna akademisk arbeidskraft for å bemanne ein del av det tekniske utstyret og utføre grunnleggande analysar. Fleire med doktorgrad jobbar i denne typen tekniske stillingar, og det er viktig å anerkjenne desse, seier han.

Utvalet meiner den kombinerte forskar-lektor-stigen skal vere fleksibel, og innehalde trekk frå lektor–dosent-stigen, men samtidig skal det vere ein stige for den veksande gruppa av forskarar i sektoren.

– Når det gjeld forskar-lektor-stigen, er vi mest opptekne av korleis vi kan utvikle forskarressursar og arbeidskraft til store eksternt finansierte prosjekt, seier Olsen.

Ifølgje utvalet skal det vere mogleg å bevege seg frå forskar-lektor-stigen over til førsteamanuensis-professor-stigen.

– Ei førsteamanusis- eller professorstilling skal vere noko ein søkjer seg til eller søkjer opprykk innanfor. Det er jo også mogleg i dag, så eg forstår ikkje kva dette nye momentet er. Dette er eit eksempel på at forslaget er lite gjennomarbeidd.

  • Les mer: