Forskerforbundet skeptisk til nytt karriereløp i akademia

Av Johanne Landsverk

Publisert 24. september 2018

– Vil skade norsk akademia, meiner lokallaget ved UiB.

– Vi er redde for at ein kombinert forskar/lektor-stige vil føre til eit B-lag, der dei tilsette får meir undervisning og dårlegare forskingsvilkår, seier Kjell Erik Lommerud. Han er professor i økonomi og sit i styret for lokallaget i Forskerforbundet ved UiB.

Eit ekspertutval, som vart leia av Arild Underdal, kom i vår med forslag til ny stillingsstruktur i høgare utdanning. Utvalet gjekk inn for tre karrierestigar i akademia: ein kombinert forskar/lektor-stige, ein førsteamanuensis/professor-stige og ein fagstøtte-stige ( sjå faktaboks).

Førsteamanuensis/professor-stigen blir omtrent som i dag, men blir utvida med eit ekstra toppnivå. Det noverande førstelektor/dosent-løpet vil utvalet fase ut.

Den nye forskar/lektor-stigen skal vere ein karriereveg for både undervisarar og forskarar.  Ifølgje utvalet skal dette løpet lettare kunne dekke arbeidsgjevaranes behov for fleksibilitet, og også forskarar som går på eksterne midlar, skal kunne delta i undervisninga.

Forskerforbundet ved UiB går sterkt imot ein slik kombinert forskar/lektor-stige.

– Mange forskarar jobbar på eksternt finansierte prosjekt, og må kanskje slutte når prosjektmidlane tek slutt. Men å løyse problemet med å dytte desse over på undervisning, er ei dårleg løysing. Om desse forskarane skal dekke opp ein større del av undervisninga, vil det bli mindre grunn til å tilsette folk i vanlege kombinerte stillingar som førsteamanuensis og professor. Dette vil skade norsk akademia, seier Lommerud.

Professor-stigen

Forsker/lektor-stigen

Fagstøtte-stigen

Fakultetsprofessor FakultetslektorFakultetsforsker Fagansatt 1 (lederstilling)
Professor SeniorlektorSeniorforsker Fagansatt 2 (seniorstilling)
Førsteamanuensis FørstelektorForsker Fagansatt 3
LektorForskningsassistent

 

– Uklar forskar/lektorstilling

Også Forskerforbundet sentralt er skeptisk til forskar/lektor-løpet.

– Fleire av forslaga verkar lite gjennomtenkte, seier Petter Aaslestad.
Foto: Erik Norrud

– Vi er positive til meir fleksibilitet for dei tilsette i sektoren og at det skal være mogleg å kvalifisere seg og bevege seg mellom ulike løp. Men forskar/lektorstillinga verkar uklar og synest først og fremst å framheve fleksibilitet for arbeidsgjevar. Det er vi skeptiske til, seier Petter Aaslestad, styreleiar i Forskerforbundet. Han seier forbundet ønskjer å etablere ei forpliktande stilling mellom stipendiat og førsteamanuensis, og ønskjer ei vidare utgreiing om dette.

Underdal-utvalet vil stramme inn på bruken av postdoktorstillingar, og utvide postdoktorperioden til fire år. Dette forslaget får full støtte i Forskerforbundet.

–  Postdoktorstillinga er i dag misbrukt, og forslaget om innstramming er heilt i tråd med politikken til Forskerforbundet.

Aaslestad meiner fleire av framlegga frå ekspertutvalet ikkje er godt nok utgreidd.

– Det gjeld ikkje minst forslaget om ein eigen fagstøttestige. Det ville vere bra med ei opprykksordning også for gruppa som jobbar med fagstøtte, men forslaget treng ei meir omfattande utgreiing.

Les høyringsuttalen til Forskerforbundet her.

– Dosentløpet er viktig

Underdal-utvalet foreslår å fase ut dagens førstelektor/dosent-løp. Hovudtillitsvald Roald Tobiassen ved Høgskolen i Østfold seier lokallaget er sterkt imot dette forslaget.

– Dosentløpet har vore svært viktig med tanke på kompetanseutvikling for tilsette ved høgskulen. Spesielt innanfor profesjonsutdanninga er dette ein viktig karriereveg, og vi ser ingen grunn til at det skal takast bort, seier Tobiassen.

Ifølgje rapporten vil ein ny forskar/lektor-stige kombinere trekk frå den noverande dosentstigen samtidig som det lagast ein stige for den veksande gruppa av forskarar i sektoren.

Tobiassen er skeptisk.

– Berre det at utvalet bruker ordet lektor om alle nivåa i stigen, verkar ikkje særleg stimulerande med tanke på ei karriereutvikling. Det som gjer at ein i dag kan bli vurdert til førstelektor og dosent ved profesjonsutdanningane, er at ein kan vise til vidareutvikling av profesjonskunnskapen, både når det gjeld undervisning, erfaringsbasert kunnskap og FoU-verksemd. Undervisning og FoU-verksemd bør sjåast i samanheng, meiner han.