– Meir nøgde praksislærarar etter omlegging
LUKK

– Meir nøgde praksislærarar etter omlegging

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. mai 2018 kl. 15:22

– Teori og praksis heng betre saman i den nye lærarmasteren, seier forskar ved UiT. Men studentane jobbar ikkje meir enn før.

– Når studentane får praktisere faget over fleire år, kan det bli betre samanheng mellom lærarutdanninga og praksisen ute i skulane, seier førsteamanuensis Solveig Karlsen, ved UiT – Norges arktiske universitet.

Solveig Karlsen, førsteamanuensis
Institutt for lærerutdanning og pedagogikk. Foto: Torje Jenssen/UiT

Saman med forskarkollegaer har ho sidan 2012 forska systematisk på studentar ved UiT som har teke femårig lærarutdanning i naturfag. UiT innførte masterutdanning for lærarar som eit prøveprosjekt allereie i 2010.

Karlsen legg fram resultatet av forskinga torsdag, under Forskerforbundets lærarutdanningskonferanse på Lillestrøm:

– Vi har følgd studentane sidan starten til dei vart ferdig utdanna, og dei første var ferdige i 2015. Vi har brukt spørjeskjema og intervjua studentar, og vi har også spurd kva praksislærarane meiner.

Betre til rette

Karlsen seier at det etter omlegging til masterutdanning er lagt betre til rette for praksis i dei faga studentane har i lærarutdanninga, både frå institusjonane og frå skulane si side.

– Dette er også i tråd med dei nye studieplanane, og funna våre viser at dette fungerer. Eg vil ikkje påstå at kvaliteten på praksisen er blitt betre, men vi ser at interaksjonen mellom utdanninga og praksisen er større.

Forskarane har også gjort ei samanlikning mellom siste kullet av den tidlegare lærarutdanninga og masterstudentane.

– Det viser seg at praksislærarane meinte dei nye masterstudentane er betre både reint fagleg og didaktisk, seier ho.

– Masterstudentane jobbar ikkje meir

Men ikkje alt har endra seg til det betre.

– Vi har også funn som viser at det ikkje har skjedd særlege endringar når det gjeld læringstrykk og arbeidsinnsats.  Vi har spurd studentane kor mykje dei jobbar med studiet, og masterstudentane jobbar ikkje meir enn tidlegare lærarstundetar, seier Karlsen.

Det årlege studentbarometeret viser også at lærarstudentar ikkje arbeider spesielt mykje med studiane.

– Når studentane nærmar seg masteroppgåva, jobbar studentane meir, og trykket frå lærarane blir større. Men vi har ennå ikkje greidd å skape større læringstrykk dei tre første åra, seier ho.

  • Les meir: