– Om du er 50 eller 70 år spelar inga rolle, berre du er god til å undervise
LUKK
Annonse
Annonse

– Om du er 50 eller 70 år spelar inga rolle, berre du er god til å undervise

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. februar 2017 kl. 09:48

Pensjonerte forskarar som fortset å jobbe, får luselønn i staten. Private høgskular betaler betre.

– Om du er 50 eller 70 år spelar inga rolle, berre du er god til å undervise. Men du må vere flink om vi skal tilsetje deg her, seier Trond Blindheim, rektor ved Høyskolen Kristiania.

Forskerforum har skrive om pensjonistar ved statlege universitet og høgskular som gjerne vil halde fram med å undervise etter 70 år, og som då må ta til takke med timelønn på 196 kroner timen. Mange synest vilkåra er dårlege. Men kanskje Blindheim vil ha dei?

– Det er ingenting i vegen for at vi kan hyre inn 70-åringar, men då må vi ha behov for spesielt kvalifiserte personar, seier Blindheim.

Les også: Når dei går av med pensjon, kan forskinga starte for alvor

– For dårleg betalt

Høyskolen Kristiania er nemleg ei privat stifting, der dei tilsette har ei privat innskottspensjonsordning. Høgskulen står dermed fritt til å fastsetje kva lønn som helst, også til pensjonistar.

Blindheim fortel at høgskulen nyleg har vedteke ei intern aldersgrense på 70 år.

– Men vi har folk som underviser på timebasis som er over 70. Dei får same lønn som andre førelesarar, om lag 900 kroner timen.

Blant dei er Haakon Gran, som underviser i økonomisk historie.

– Han er ettertrakta førelesar og får applaus etter kvar einaste undervisningstime, seier Blindheim.

Gran er 71 år, og har tidlegare blant anna vore tilsett ved BI. Han ser ingen grunn til at  pensjonistar ikkje bør få ei skikkeleg lønn.

Les også: Uverdige lønnsvilkår for pensjonistar? 

– Ved Høgskolen Kristiania får eg betalt for tre timar i veka i ein periode på tolv veker. Eg har ansvar for eit kurs, så eg synest eg får for dårleg betalt. Som timelærar er det kanskje greitt med 900 i timen, men ikkje når ein i tillegg skal administrere heile kurset. Eg forhandlar no om betre vilkår, elles gidd eg ikkje fortsetje til hausten, seier Gran. Han meiner det burde vore individuell vurdering av pesonar som vil jobbe etter 70 år.

– Når ein er så gamal er det jo større fare for at ein er senil. Men nokre er betre til å førelese enn nokon gong.

Problematisk UH-sektor

Svein Sjøberg er professor emeritus ved UiO. Han jobbar ikkje for «pensjonistlønn», som mange andre UiO-professorar over 70.

Les også: – Forskere har grunn til å være misfornøyde med lønna

– Eg underviser ikkje ved eigen institusjon, men blir invitert som gjesteførelesar til mange andre. Då lagar vi gjerne ein avtale om ein sum for undervisning, reise og opphald. Det er nok ganske vanleg at institusjonar i UH-sektoren fører opp mange førebuingstimar, slik at det i praksis blir same lønn som når dei inviterer andre gjesteførelesarar.

Sjøberg seier reglane for pensjonerte universitetstilsette er strenge:

– Eg kan jobbe for kven som helst andre utan at det får konsekvensar, men ikkje for min eigen arbeidsgjevar, eller andre universitet og høgskular. Eg får mange førespurnader om å halde føredrag, og i løpet av året føreleser eg ved nærare tretti store og små institusjonar. Eg kan takke ja til kven som helst av organisasjonar, som Utdanningsforbundet og LO, men om eg føreleser ved mitt eige universitet, blir det store problem med betalinga. Nokre institusjonar, som ideelle organisasjonar, utbetaler ikkje honorar. Det synest eg er greitt, så lenge dei arbeider for saker eg støttar.

Sjøberg tek også mange oppdrag for ulike forskingsråd både i Sverige og Danmark, som til dømes vurdering av søknader.

– Eg har jobba mykje med Horizon 2020, blant anna med å evaluere prosjektsøknader. Til slike oppgåver engasjerer EU-kommisjonen folk ut frå fagleg kompetanse og erfaring, utan å spørje kor gamle dei er!

Får redusert pensjon

Sjøberg synest det er merkeleg at det skal vere så problematisk å lønne dei som har fylt 70.

– I slike tilfelle står vi ikkje i vegen for dei unge. Dette er folk med spesialkompetanse som er ønskte som gjesteførelesarar eller til andre tenester, som å sitje i sakkyndige komitear, seier han.

Hilde Wærness Jensen i Statens pensjonskasse forklarer kvifor det er forskjell på kor pensjonistane jobbar. Det gjeld nemleg særskilde reglar for utbetaling av lønn for dei som har pensjonsordning i offentleg sektor.

– Private høgskular som ikkje har offentleg pensjonsordning kan betale pensjonistane så mykje lønn dei vil, utan at dette påverkar alderspensjonen, seier Jensen.

– Om du har teke ut alderspensjonen etter 67 år, og samtidig har inntekt frå ei stilling i offentleg sektor med offentleg pensjonsordning, vil alderspensjonen din bli redusert. Har du derimot inntekt frå privat sektor, går det ikkje ut over pensjonen, seier ho.

Les også: