Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Studentane brukar KI utan opplæring

Dei fleste studentar brukar KI i studiearbeidet, men får liten eller inga opplæring, viser Studiebarometeret 2024.

Norske studentar er jamt over tilfredse med studieprogramma sine. Biletet er frå opningsveka ved Universitetet i Bergen. Foto: Julia Loge

Studiebarometeret 2024 viser at studentane i hovudsak er tilfredse med studieprogramma. Som i fjor er det studentar på religionsfag som er mest tilfredse med studieprogramma sine, med ein score på 4,5 av 5. Nederst ligg, også som i fjor, lektor og grunnskulelærarutdanningane, med høvesvis 3,6 og 3,4.

Barometeret viser også at tida studentane bruker på studiet, er den lågaste som nokon gong er målt, og tre timer lågare enn i 2017. Tida studentane brukar på betalt arbeid, har auka, men ikkje nok til at det kan forklare heile nedgangen i tid brukt på fagleg arbeid.

Den største endringa frå i fjor, er at 81 prosent av studentane oppgjev å ha brukt generativ kunstig intelligens i studiearbeidet, opp frå 61 prosent i fjor. 59 prosent brukar det av og til eller ofte, opp frå 38 prosent i fjor. KI-bruk er mest utbreidd på administrative og økonomiske fag, der 79 prosent brukar det av og til eller ofte, og minst ubreidd på humanistiske og estetiske fag (32 prosent). Samtidig svarar 2 av 3 studentar at dei får lite eller inga opplæring i bruk av KI-verktøy.

– Dette er alvorlege tal. Å bruke KI utan tilstrekkeleg opplæring er som å køyre bil utan lappen, seier leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO), Kaja Ingdal Hovdenak, i ei pressemelding.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland opplyser i ei pressemelding at regjeringa set ned eit ekspertutval som skal gje råd om bruk av KI i høgare utdanning. Dette vart først varsla av tidlegare forskingsminister Oddmund Hoel i januar, og blir no følgt opp av den nye statsråden.

På lanseringa av årets barometer, som fann stad i Bergen, trekte Nokut-direktør Kristin Vinje fram at læring krev at ein investerer tid og konsentrasjon, og ikkje er noko ein kan få berre ved å trykke på ein KI-knapp.

– Det krev at ein kan overvinne rastløysa. Korleis kommuniserer institusjonane rundt det? sa Vinje.

Studiebarometeret er ei årleg spørjeundersøking om opplevd studiekvalitet, som hausten 2024 vart gjennomført for tolvte gong. Om lag 26 000 andre- og femteårsstudentar på rundt 1900 studieprogram har svart på undersøkinga.

  • Les mer:
studenter på lesesal i Bergen

Studentbarometeret 2025: Tre av fire studenter er fornøyde med studiet

KI tvinger fram slutt på skriftlig ex.phil.-eksamen i Tromsø

Økonomisk-administrative fag på topp for videreutdanning

Undervising er nedprioritert, mener leder av UiOs Pedagogiske akademi

HVL-kommuner på topp over søknader om sletting av studiegjeld

Politiutdanningen i Alta overlever

Nesten 200 studenter felt for KI-fusk

Aasland med klar beskjed til rektorer: – Få studentene tilbake på campus

Lukk meny