– Studentar sluttar av einsemd
LUKK

- Studentar sluttar av einsemd

Av Silje Pileberg

Publisert 2. mars 2015 kl. 10:06

Framleis hoppar rekordmange norske studentar av studia. - Gje dei lyst til å bli verande på campus etter skuletid, tilrår rådgjevar Harald Åge Sæthre, som har skrive bok om problemet.

--studentar-sluttar-av-einsemd


– Studentane må bli meir involverte i forsking, seier Anders Kvernmo Langset.

Fakta
<

For 15-20 år sidan opplevde rådgjevar Harald Åge Sæthre stort fråfall, svake resultat og stadig dårlegare rekruttering til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen. Han og kollegaene bestemte seg for å undersøke kvifor, og resultatet vart endringar i opplegget for studentane.

– Vi såg mellom anna at mange syntest det var vanskeleg å bli kjende med studentane som tok same faget. Difor brukar alle nye studentar no første dagen på lærestaden til arbeid i kollokviegrupper. Dette kjem i tillegg til fadderordningar, der gruppene gjerne er meir vilkårleg sette saman, seier han.

I boka Å tilrettelegge for at studentene skal lykkes skisserer han arbeidsmetoden fakultetet har hatt suksess med, nemleg å stykke opp moglege problemområde før ein diskuterer desse med studentane i fokusgrupper. Ulike lærestader kan nemleg ha ulike utfordringar.

– Finn ein fram til dei rette tiltaka, vil det både minske fråfallet og medføre at studentane presterer betre, seier Sæthre, som sjølv har sett ei slik utvikling på sitt fakultet.

Samansveisa gjeng

Norske universitet og høgskular har ein av dei høgaste fråfallsprosentane i OECD. Heile 43,5 prosent av dei som begynte på høgare utdanning i 2002, hadde inga fullført grad ti år etter, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Forskingsinstituttet Nifu har peika på at kvalitetsreforma frå 2003 ikkje har redusert fråfallet. I staden tyder SSB-tala på at problemet aukar.

Sæthre meiner at dårleg tilrettelegging for sosiale nettverk og lite involvering av studentane er to viktige årsaker til at studentar vel å hoppe av studia. Sjølv har han sett at kollokviegrupper første dagen på lærestaden har skapt høgare trivsel.

– Vi får ein veldig samansveisa gjeng, som tør å vere aktiv i undervisinga. Den største effekten ser vi faktisk blant lokale studentar, som tidlegare reiste heim til gamle venner etter skuletid, men som i dag blir verande på campus, seier han.  

– Nokon vil fnyse og kalle det selskapsleikar. Men det går an å lage aktivitetar som er fagleg relevante, som ved NTNU, der skipsbyggjarstudentar startar studietida med å byggje småbåtar.

Kjende seg åleine

Anneli Fjeld Trulsen (20), Oda Korbi (21) og Ingrid Lien (20) studerer ved lektorutdanninga ved Universitetet i Oslo. Når dei får spørsmål om kva dei trur er årsaka til at studentar fell frå, svarer Trulsen kontant:

– Det første eg tenkjer, er at det sosiale ikkje er på plass. Du søkjer deg inn på noko du trur passar, og har du eit godt studiemiljø, vil alt kjennest lettare, seier ho.

Sjølv kjende ho seg ganske åleine det første semesteret. Lektorstudentar vandrar mellom ulike fakultet for å lære seg fagfelta dei skal undervise i, og ho hadde hamna i ei faddergruppe med studentar som ho såg lite til seinare. Heldigvis introduserte ein venn henne for Ingrid Lien.

– Mykje skjer i fadderveka. Viss du er éi veke for lenge på ferie, kan det øydeleggje for deg. Eg kan forstå at veldig mange er einsame på Blindern, seier Oda Korbi.

Dei tre har yrkesmålet klart i sikte. Det motiverer dei til å halde fram. Men dei var ikkje førebudde på kva som venta dei på universitetet. 

– Når eg ein dag får eigne elevar på vidaregåande skule, vil eg bu dei på at dei må lese mykje. Dei skal kanskje gjennom elleve bøker på eitt semester, og så ha tre sekstimars eksamenar på slutten. Ingen følgjer deg opp. Den beskjeden fekk aldri eg, seier Trulsen.

– Bruk studentane!

Ifølgje Studiebarometeret, som vart offentleggjort av Nokut 3. februar, er berre 29 prosent av norske studentar fornøgde med den oppfølginga og vegleiinga dei får. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjorde same dag at regjeringa vil leggje frem ei eiga stortingsmelding om utdanningskvalitet våren 2017.

Harald Åge Sæthre meiner at eit av dei store potensiala i norsk utdanning er å bruke studentane.

– I dag er mange gruppeleiarar orakel som gir studentane svara, men berre å presentere fakta skaper ikkje eit utgangspunkt for læring. Dei må heller leggje til rette for diskusjonar. Aktivisering aukar grunnlaget for meistring, meiner han.

Han får støtte frå leiar Anders Kvernmo Langset i Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Vi ønskjer mellom anna at studentane blir meir involverte i forsking. Dette vil gjere utdanningane meir forskingsbaserte, og studentane har mykje å tilføre, seier Langset.