– Svært glad for at kulturministeren skrotar regionreforma
LUKK

– Svært glad for at kulturministeren skrotar regionreforma

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. mai 2020 kl. 13:31

Kulturminister Abid Raja skrinlegg regionreforma på kulturfeltet. Mange museumsfolk er glade.

Stadig fleire i kultursektoren har den siste tida vore sterkt kritiske til gjennomføringa av regionreforma, der fylkeskommunane skulle få hovudansvaret for kulturfeltet, også for musea i regionane. I dag kunne NRK melde at kulturminister Abid Raja har bestemt seg for å skrinlegge regionreforma på kulturfeltet.

– Basert på den omfattande dialogen vi har hatt med regionane og med dei ulike institusjonane, så har vi kome fram til at vi ikkje går vidare med forslag til regionreform på kulturområdet, seier kulturminister Raja til NRK.

– Eg er glad og letta

Ein av dei som jublar over vedtaket, er direktør Petter Snare ved KODE kunstmuseer og komponisthjem i Bergen.  

– Eg er veldig glad og letta for at kulturministeren no ha skrinlagt denne reforma. Kulturlivet har brukt utruleg mykje tid, energi og pengar på å forklare at det var ein svært dårleg ide å overlate ansvaret på kulturfeltet til regionane. At kulturministeren no har lytta, tener han til ære. Dette er verkeleg ikkje noko vi treng å bruke tid på i desse koronakrisetider, seier Snare til Forskerforum.  

Protestane frå kulturlivet har siste tida blitt stadig sterkare, og kulturminister Raja seier denne motstanden er ein av grunnane til snuoperasjonen:

– Det eine er den massive motstanden dette har møtt i kultursektoren. Den andre grunnen er at fylkeskommunane ikkje er samstemte, uttaler han til NRK.

Museumsdirektør Snare i Bergen er ikkje overraska.

– Det er veldig vanskeleg å gjennomføre reformer som eit svært einstemmig kulturfelt er imot, seier han.

Snare meiner eitt av problema var at ein ville overlate det økonomiske ansvaret til fylka.  

– Region Vestland måtte kutte ein halv milliard kroner no i vår. Å tru at dei etter dette skal kunne putte store pengar i musea, var heilt utopisk, seier han.

– Vi har vore bekymra

Også museumsdirektør Nina Refseth ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST) er glad for det som har skjedd.

– Eg ser på denne avgjerda som svært positiv, seier Refseth.

– I ein uføreseieleg og pressa økonomi har vi vore redde for ein nasjonal museumspolitikk der ansvaret for dei økonomiske tilskotta skulle plasserast regionalt og lokalt. Vi har sett dette som eit steg tilbake, seier ho.