Fylka kan få større museumsansvar
LUKK

Fylka kan få større museumsansvar

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. januar 2019 kl. 14:09

Meir museumsansvar kan bli overført til fylkeskommunane. – Men den nasjonale museumspolitikken blir tydelegare, meiner museumsdirektør.

– Fylka skal fordele meir pengar, men dei må i større grad enn før rette seg etter ein nasjonal museumspolitikk.

Slik samanfattar museumsdirektør Ole Aastad Bråten ved Valdresmusea signala frå styresmaktene om kva som skal skje med musea i samband med regionreforma. Mange i museumssektoren har vore skeptiske til forslaget i det såkalla Hagen-utvalet om å overføre ansvaret for dei fleste musea under Kulturdepartementet til dei nye fylkeskommunane. Då den nye kulturmeldinga vart lagd fram, kom det få svar.

Men Kulturdepartementet la samtidig fram Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet, som går gjennom forslaga frå Hagen-utvalet om overføring av oppgåver. Utgreiinga kjem med tilrådingar bygde på faglege vurderingar, medan dei politiske vala går fram av kulturmeldinga.

Vil ha dialog med fylka

I utgreiinga tilrår departementet at fylkeskommunane vil kunne få større ansvar for musea. Framleis skal det vere ei form for tredeling av finansieringa mellom kommune, fylke og stat. Men i utgreiinga skriv Kulturdepartementet at det kan vere relevant å gjere endringar i den prosentvise fordelinga melom stat og region, slik at hovudansvaret ligg hjå fylkeskommunen: «Dette vil innebære at staten overfører deler av tilskuddsmidlene for gitte virksomheter til fylkeskommunen.»

Kva for verksemder dette gjeld, står det ingenting om. Departementet legg opp til dialog og vil samarbeide med kvar einskild fylkeskommune om kor stor del av finansieringa som skal vere statleg eller regional.

Frå Vest-Agder-museet(Arve Lindvig Vest-Agder-museet)

– Staten vil gjennom Kulturrådet framleis ha ei tydeleg styring over museumspolitikken, seier Ole Aastad Bråten. Foto: Arve Lindvig/Vest-Agder-museet

 

– Tydeleg nasjonal styring

Utgreiinga framhevar samtidig at den nasjonale politikken skal styrkast.

– Kulturmeldinga gjer det ganske klart at sjølv om fylkeskommunane skal få meir innverknad over ressursane, skal den nasjonale museumspolitikken bli tydelegare, seier museumsdirektør Bråten.

Han er ikkje veldig bekymra for at fylkeskommunane får eit større ansvar for musea.

Bråten viser blant anna til at departementet vil gjennomgå kulturlova med sikte på at ho skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa på kulturfeltet.

– Kulturlova skal bli skjerpa, og staten vil gjennom Kulturrådet framleis ha ei tydeleg styring over museumspolitikken. Kulturmeldinga legg også vekt på armlengds avstand-prinsippet, det vil seie at politikarane ikkje skal blande seg inn i programmering og museumsfagleg arbeid. Det har vore ein tendens til dette i mange fylke. No må også fylkespolitikarane ta omsyn til dette i større grad enn før, meiner han.

Ole Jakob Furset i Kulturrådet stadfestar dette.

– Det vil bli overført eit større ansvar til fylkeskommunane. Samtidig ønskjer ein å behalde det nasjonale perspektivet, seier Furset, som er seksjonsleiar for museum i Kulturrådet.

– Det skal også i større grad vere nasjonale føringar når det gjeld innsamling og bevaring av dokumentasjon  og formidling, noko som er svært viktig for musea.

Kulturrådet skal også behalde same posisjonen som i dag.

– Ansvaret for den nasjonale kulturbyggordninga og utviklingsmidlar skal fortsatt ligge hjå oss, seier han.

– Høg kompetanse i regionen

Direktør Arne Julsrud Berg ved Mjøsmuseet er glad for at fylkeskommunane får større ansvar.

– I utgreiinga er det klare teikn på at regjeringa har lytta til Hagen-utvalet som ville flytte fleire oppgåver og finansiering til dei nye regionane. Dette handlar om ei demokratisering av kulturarven, meiner Berg. Han er ueinig med dei som har vore skeptiske til å flytte meir ansvar til regionane, ut frå faglege vurderingar.

– Eg jobbar i ein region som er svært offensiv på museums- og kulturvernområdet. I den nye fylkeskommunen, som no skal heite Innlandet, vil det vere eit svært høgt kompetansemiljø innanfor kulturminneforvaltning. I regionen vil det jobbe om lag hundre personar med høg kompetanse innan museum og kulturminnevern. Å seie at det faglege blir borte ved å flytte ut fleire oppgåver, er eg sterkt ueinig i.

  •  Les mer: