Ho vart oppsagd etter 34 år. No går ho til sak mot Norce.
Annonse
Annonse

Ho vart oppsagd etter 34 år. No går ho til sak mot Norce.

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. mai 2021

Fire år før ho kunne gå av med AFP vart ho sagt opp. No går 58-åringen til søksmål mot forskingsinstituttet.

– Det er riv ruskande gale å seie opp ein person som har jobba i ein institusjon i 34 år utan å ha fått ein einaste klage. Dessutan meiner vi utveljinga av overtalige er mangelfull, fordi fleire med lågare ansiennitet har fått bli, seier Elisabeth Aaserød. Ho er hovudtillitsvald i Norsk Tjenestemannslag (NTL) ved forskingsinstituttet Norce (sjå fakta) og støttar den oppsagde kvinna i saka.

Fakta
FAKTA OM NORCE

Forskningsinstituttet Norce vart stifta i 2017.
Blant institusjonane som er innlemma i Norce, er tidlegare Uni Research AS , Norut, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Agderforskning AS og Teknova AS.

Norce har verksemd i Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø, Haugesund, Kristiansand, Grimstad, Bodø, Bardu, Alta og Svalbard.

Nedbemanninga ved instituttet førte til at 21 tilsette vart oppsagde i fjor haust. I tillegg vart 30 tilsette omplasserte, og mange måtte gå ned i lønn. No har ein av dei oppsagde, ein 58-årig administrativt tilsett ved Norce, gått til sak mot arbeidsgjevaren fordi ho meiner oppseiinga er usakleg og må kjennast ugyldig.

Annonse

Saka er planlagd å kome opp måndag i Sør-Rogaland tingrett. Men etter det Forskerforum kjenner til, er det no dialog mellom partane. Det inneber at det er mogleg saka ender med forlik, og at det ikkje blir rettssak likevel.

Går glipp av AFP

Når ein skal avgjere om ei oppseiing har sakleg grunn i driftsinnskrenking eller rasjonalisering, skal det ifølgje Arbeidsmiljølova gjerast ei avveging mellom verksemda sine behov og ulempene oppseiinga påfører den einskilde arbeidstakar. Her kom 58-åringen ut som den tapande parten.

NTL meiner på si side at denne interesseavveginga burde slå ut i favør av den tilsette på grunn av hennar lange ansiennitet, alder, sjukdomsbilete og at ho snart kunne ha gått av med avtalefesta pensjon (AFP).

– Det vil bli fryktelig vanskeleg for henne å finne seg ny jobb etterpå. Éin ting er alderen, men i tillegg har ho to kroniske sjukdomar som gjer dette endå vanskelegare. Det er ikkje lett for nokon å få seg ny jobb i Stavanger. Og når ein mistar retten til AFP, går ein glipp av store beløp, seier Aaserød.

– Éin ting er alder, men det er ikkje lett for nokon å få seg ny jobb i Stavanger, seier hovudtillitsvald Elisabeth Aaserød i NTL. Her ved Folkets Hus, LO-huset i Stavanger. Foto: Jon Salthe

Måtte pendle til halv jobb i Bergen

Saksøkar har vore tilsett i fellesadministrasjonen, og har blant anna jobba med støttetenester for forskarar. I sluttinnlegget i rettsdokumentet skriv motparten Norce at det på oppseiingstidspunktet ikkje var passande arbeid som kunne bli tilbydd henne. I seinare forhandlingsmøte skal ho ha fått tilbod om anna stilling, men takka nei til denne.

Men Aaserød seier at det einaste arbeidsgjevar kunne tilby som ei mogleg løysing, var å sitje i resepsjonen ved Norce i Bergen, i ein 50 prosent stilling.

– Vi meinte det ikkje var eit reelt omplasseringstilbod at ho skulle gå ned til halv jobb og pendle frå Stavanger til Bergen, seier ho.

– Eldre arbeidstakarar er fritt vilt

Også i Forskerforbundet har administrativt tilsette med svært høg ansiennitet vorte ramma av nedbemanninga, og her har det også vore tvistar. Hovudtillitsvald i Forskerforbundet Atle Blomgren er sterkt kritisk til måten Norce har handsama eldre arbeidstakarar på, ikkje minst i denne saka, der den 58-årige kollegaen er skvisa ut.    

– Saka viser at eldre arbeidstakarar i instituttsektoren er utsette for stor risiko. Det er ei brutalisering av arbeidslivet når eldre arbeidstakarar skal bli fritt vilt på denne måten, seier Blomgren.

– Denne saka viser kor stor risiko det er for eldre arbeidstakarar å jobbe i instituttsektoren, seier Atle Blomgren. Foto: Norce

– Det som har skjedd i denne prosessen, er med på å styrke biletet av at det er tryggare å jobbe i universitetssektoren. Ei så brutal behandling som vi har sett i dette tilfellet, ville aldri ha skjedd ved eit universitet, meiner han.

– Ikkje reelle drøftingar

I prosessen skal Norce ha lagt avgjerande vekt på kompetanse ved utveljinga av overtalige.

– NTL meiner oppseiinga bygger på ufullstendig kartlegging av kompetansen til den oppsagde og at ho ikkje er vurdert opp mot alle stillingar ho er kvalifisert for.

Aaserød seier det også er gjort feil i sakshandsaminga.

– Det er ikkje gjennomført fullstendige og reelle drøftingar om gjennomføringa av nedbemanninga i tråd med det fagforeininga har krav på, seier ho.

Meiner oppseiinga er sakleg

Men motparten, som er representert ved NHO-advokat Anette Eckhoff, hevdar at oppseiinga er sakleg og gyldig.

– Vi meiner sakshandsaminga har vore god og grundig.

– Men er det teke nok omsyn til saksøkar med tanke på alder og ansiennitet?

– Eg ønskjer ikkje å gå meir inn i den konkrete saka på noverande tidspunkt, seier Eckhoff.

Les også: