Vil ha innovasjon med retning
LUKK

Vil ha innovasjon med retning

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. mars 2018 kl. 12:07

Ein må kunne drepe feilslåtte prosjekt for å skape innovasjon som kan løyse samfunnsutfordringane, meiner ekspertar.

Mykje tyder på at det no er innovasjon som skal bli den nye oljen – ordet er nemnt 49 gonger i den nye regjeringsplattforma, to gonger meir enn «kunnskap», og er omtala som nøkkelen til vekst og verdiskaping. Då Forskingsrådet nyleg arrangerte sin årlege konferanse om kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken, var temaet «innovativt samarbeid» og korleis ein kan skape nye samarbeidsformer eigna til å løyse vår tids store samfunnsutfordringar.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen illustrerte temaet ved å påpeike at i tida hans som kunnskapsminister møtte han knapt forskarar som ikkje var medvitne om at dei også var medansvarlege for å skape arbeidsplassar for framtida, men at Noreg framleis har noko å gå på når det gjeld å skape koplingar mellom forskingsmiljø og delar av næringslivet.

– Ein statleg innovasjonspolitikk kan ikkje plukke vinnarar og taparar, men vi kan sjå på kvar vi har gode føresetnader, kva for område som er viktige for Noreg som nasjon, der vi kan sette inn instrument. Og vi må syte for at signala Forskingsrådet sender, heng i hop med det Innovasjon Norge gjer, sa Isaksen.

– Fiksing er ikkje nok

Andre etterlyste meir aktive inngrep.

– Tradisjonell innovasjonspolitikk skapar ikkje engasjement, meiner Mariana Mazzucato.

– Eg meiner vi manglar ein retningsgjevande innovasjonspolitikk. Det er for mykje snakk om å «leggje til rette» og om «konkurranse på like vilkår». Eg er ikkje glad i slike ord. Dei skapar ikkje engasjement og byggjer ikkje samarbeid, sa Mariana Mazzucato frå University College London (UCL), som var ein av innleiarane på konferansen og heldt innlegget sitt via video.

Mazzucato er professor i økonomi og er for tida spesialrådgjevar for EUs forskingskommissær, der ho arbeider med innovasjonsdriven vekst, og særleg med «missions» – månelandingsprosjekta som vil bli ein viktig del av EUs neste rammeprogram for forsking. Ho er også medlem i Forskingsrådets nyoppretta internasjonale rådgjevingsutval.

– «Missions» er ein annan måte å ramme inn måten vi tenkjer om innovasjon på. Det tradisjonelle synet er at innovasjonspolitikken skal verke korrigerande, den skal fikse ein marknadssvikt eller systemsvikt. I staden må innovasjonspolitikken legge til rette for at ulike aktørar kan skape og forme marknaden i lag, sa ho.

Ho har nyleg laga ein rapport til EU-kommisjonen om korleis ein kan organisere slik innovasjonspolitikk.

– Vi veit at innovasjon er usikkert og ikkje-lineært. Mykje avheng av heldige samantreff og av grasrot-initiativ. Det vil krevje fleksible system og organisasjonar. Ein politikk som skal skape innovative samarbeid, må kunne ta risiko og handtere feil som skjer undervegs. Det er noko ein ikkje lærer mykje om i offentleg sektor, og det må vi endre på, elles når vi aldri målet, meiner ho.

Vinnarar og taparar

Forsking og innovasjon utgjer eit mikrokosmos av alle dei problemstillingane globalisering fører med seg, hevdar Jack Stilgoe. Foto: Martin Skulstad/Forskningspolitikk

Jack Stilgoe, som er førsteamanuensis i vitskaps- og teknologistudiar, også han ved UCL, tok også til orde for at forskings- og innovasjonspolitikken må gje retning og ta omsyn til konsekvensane av innovasjonen. Han viste til ei undersøking i fjor, der berre 16 prosent av innbyggjarane i Storbritannia var samde i utsegna «fordelane ved ny teknologi kjem alle til gode».

– Når ny teknologi blir utvikla, kven sine privilegie vil teknologien forsterke? Kven er det som får lov til å krevje at omverda må tilpasse seg den nye teknologien? Det kan vi berre finne ut ved å snakke saman – med fagfolk frå andre disiplinar, med politikarar, og med vanlege folk, seier han.

I ein av pausane under konferansen utdjuper han synspunkta sine til Forskerforum:

– Regjeringar, forskarar og folk flest kan ha interesser som går i heilt ulik retning. Det blir viktig etter som styresmakter legg meir vekt på innovasjon. Ein må vere klar over at innovasjon skapar taparar og vinnarar, og ein må vere tydeleg om det. Ein kan ikkje berre late som om alt nytt er bra for alle.

Vil folk ha det?

Stilgoe meiner at eit spørsmål som får lite merksemd når det er snakk om innovasjon som drivkraft for økonomisk vekst, er om folk eigentleg vil ha den nye teknologien.

– Tradisjonelt har ein tenkt lineært om innovasjon: Ny fantastisk teknologi blir utvikla, og deretter tek folk teknologien ivrig i bruk. Vi gløymer dei mange døma på at folk ikkje vil ha teknologien. For nokre år sidan trudde vi at alle skulle gå ikring med Google-briller, men det synte seg jo at det ville ikkje folk. Interessene til dei som utviklar ny teknologi, har ikkje nødvendigvis noko til felles med folk sine behov.

– Så korleis kan denne sida ved innovasjonsdebatten få meir plass?

– Vi må syte for at innovatørane får vite om andre sine meiningar. Mykje av dette må kome frå grasrota, men det er også viktig at styresmakter legg til rette for slik debatt og aktivt tek avgjerder om kva ein skal putte pengar i. Akkurat no er det til dømes freistande for mange å putte mykje pengar i kunstig intelligens, men det er ikkje sikkert det er der pengane trengst mest, seier han, med referanse til den store hypen kring sjølvgåande bilar, som han har studert spesielt.

Stilgoe meiner det er eit problem at ein aktiv innovasjonspolitikk føreset kompetanse i offentleg sektor, som han meiner har forvitra mange stader.

– For nokre tiår sidan visste statar godt kva dei ville ha ut av ny teknologi. No er haldninga mykje meir tilbakelent, som om all innovasjon er bra. Så kanskje må universitet og forskingsråd ta ein meir aktiv rolle i denne debatten. Det kan vere ein uvant tanke for mange, men det er ikkje nødvendigvis inkompatibelt med målet om at den beste ideen skal vinne fram, seier han.

Må identifisere gode samarbeid

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, tok i sitt innlegg opp korleis Forskingsrådet kan medverke til ein framtidsretta forskings- og innovasjonspolitikk.

– Ein har kanskje har tenkt for lineært om forsking og innovasjon, seier John-Arne Røttingen. Foto: Forskningsrådet

– Noreg er unikt fordi vi har eitt samla forskingsråd, som gjer det lettare for oss å sjå heilskapen i systemet, sa han, og presenterte ei kort punktliste for Forskingsrådets arbeid:

– Vi må identifisere dei beste ideane og dei beste samarbeida, vi må støtte desse samarbeida effektivt, og vi må bli ein tydelegare rådgjevar.

Det vil mellom anna seie at Forskingsrådet vil bli betre til å sjå pengesekkane dei styrer på vegner av dei ulike departementa, i samanheng, og å passe på at tverrfaglege prosjektsøknader ikkje kjem dårlegare ut i søknadsprosessane.

– Vi skal ikkje berre vere eit programhotell, men vurdere heilskapen i forskingsinvesteringane.

Til Forskerforum seier Røttingen at ein kanskje har tenkt for lineært om forsking og innovasjon, ved at ein først har bestemt kva det skal forskast på, og deretter tildelt midlar basert på kor godt søkarane svarer på problemstillingane.

– Kanskje bør vi heller spørje kva framtidssituasjon vi ønskjer oss, og så invitere til ein prosess om korleis vi skal kome dit – ein prosess som involverer både forskingsaktørar, næringslivet, det organiserte sivilsamfunnet og publikum elles, seier han.

Treng kultur for risiko

Røttingen er samd med Mariana Mazzucato i at det trengst ein kultur for å ta risiko.

– I forskingsrådssamanheng har vi liten tradisjon for å drepe prosjekt som syner seg å ikkje ha noka framtid. Det må vi utvikle prosessar for, og dei må ha legitimitet, for mange vil kjempe hardt for sine eigne interesser.

Røttingen viser til Jens Stoltenbergs månelandingsprosjekt på Mongstad som eit døme på kva slags risiko framtidas innovasjonspolitikk må kunne handtere. Fullskala-anlegget for CO2-reinsing vart aldri realisert og til sist forlate. Men no er pilotar for karbonfangst og –lagring mogne for ny vurdering.

– Vi lyt akseptere å putte pengar på ting som ikkje fungerer – det må også gjelde statlege aktørar. I vårt politiske system medfører det at ein statsråd vil få kritikk på eitt eller anna tidspunkt. Likevel kjem vi ikkje dit vi skal om ingen i forskingssystemet vågar å satse stort og konkurrere mot kvarandre, så vi treng ein kultur for å satse og feile, seier han.

  • Les meir: