Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Foreslår «månelandingar» for EU-forsking

EUs neste rammeprogram for forsking legg opp til å ta tak i globale utfordringar gjennom store «månelandingsprosjekt». UiO er mellom dei som har spelt inn forslag.

Forslag til «månelandingsprosjekt» i neste EU-rammeprogram for forsking byrjar kome inn til EU-hovudkvarteret i Brussel.
Arbeidet med å utforme EUs niande rammeprogram for forsking (FP9) er godt i gang. Ei ekspertgruppe la fram sine råd for det nye rammeprogrammet sist sommar, der eitt av framlegga var at EU, for å maksimere det samfunnsmessige utbytet av investeringar i forsking og innovasjon, bør velje ut nokre såkalla «missions» innanfor rammene av FNs berekraftsmål. Gruppa meinte at slike «missions» burde vere enkle å kommunisere og vere eigna til å engasjere og fenge publikum, og dei burde mobilisere aktørar frå alle fagfelt og samfunnssektorar. Ekspertgruppa ba Europakommisjonen kome fram til konkrete «månelandingsprosjekt» i dialog med forskarar og andre samfunnsaktørar. Foreslår fem prosjekt Universitetet i Oslo (UiO) er einaste norske universitet i The Guild, ein organisasjon av 19 forskingsintensive europeiske universitet. The Guild lanserte nyleg sine innspel til det niande rammeprogrammet, der dei mellom anna foreslår fem konkrete «månelandingsprosjekt»:
  • Attreise vitskapens kulturelle autoritet
  • Etterlate berekraftige byar i berekraftige landskap til våre etterkomarar
  • Utslette dei digitale skilja i Europa
  • Individtilpassa medisinsk førebygging, presisjonsbehandling, og sunn aldring
  • Ta opp kampen mot antibiotikaresistens
Prosessen med å velje dei fem månelandingsprosjekta har gått fort, og UiO har vore sterkt involvert, skriv rektor Svein Stølen i ein epost til Forskerforum. – I arbeidet ved UiO engasjerte rektoratet dekanar og andre sentrale fagpersonar. Vi tok mellom anna utgangspunkt i innspelet frå UiO til revisjon av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Oslo har leia arbeidet med punktet om å utslette dei digitale skilja i Europa, og har også vore involvert i utviklinga av punktet om antibiotikaresistens, seier han. Meir enn digitalisering – Digitalisering av samfunnet er allereie eit prioritert område både i EU og i Noreg. Inneber utsletting av dei digitale skilja i Europa noko anna og meir enn det som allereie er på trappene? – Ja, absolutt! Dette handlar om utdanning og det nødvendige i ei kursendring som motverkar den samfunnsutviklinga vi ser i dag. Kunnskap må fordelast jamnare i heile samfunnet. Problemstillingar knytt til sosial klasse, som igjen ofte er knytt til etnisitet, er påtakelege, seier Stølen. – Vi er heldige som lever i eit land der forståing av kunnskap er høg og der kunnskapsinformerte avgjerder er regelen heller enn unnataket i politikkutforminga. Men boka Oslo – ulikhetenes by viser likevel at vi også har ein veg å gå. Vi må unngå eit digitalt skilje, og då handlar det om utdanning som grunnlaget for eit godt og trygt samfunn og utvikling av demokratiet. Eitt av forslaga, å attreise vitskapens kulturelle autoritet, speglar debatten som har pågått både i Noreg og resten av verda dei siste par åra, om kunnskapens status i «postfaktasamfunnet». The Guild skriv i si grunngjeving at vitskapens status i samfunnet er truga både av særinteresser som nyttar forskingsresultat til eigne føremål, og av ulike utfordringar ved sjølve forskings- og innovasjonsprosessane. Dette er ikkje noko einskilde land kan motverke åleine, og EU har eit godt utgangspunkt for å ta tak i eit slikt prosjekt. Budsjettet blir viktig Ser UiO allereie no for seg korleis ein vil arbeide med dei fem utfordringane – uavhengig av om dei blir ein del av FP9 eller ikkje? – Akkurat no er vi mest opptekne av å vere med å definere dei komande «moonshot-missions» i FP9. Det vil vere store budsjett knytt til dei prosjekta som blir valde til slutt, og det vil ha mykje å seie for kva ein kan oppnå. Uansett har UiO mykje aktivitet relatert til alle desse forslaga. Gjennom prosessen har vi også identifisert område der det vil vere mogleg å ta initiativ på tvers av dei 19 store universiteta i The Guild, seier Stølen. Også andre aktørar har byrja spele inn forslag til «månelandingsprosjekt». European Federation of Academies of Sciences and Humanities (ALLEA) tek også opp tillit til kunnskap i sine framlegg:
  • Leve saman: Bygge berekraftige, opne og demokratiske samfunn for framtida
  • Halde følgje med innovasjonen: Vere førebudd på sosiale konsekvensar og moglegheiter
  • Oppvekst og aldring i Europa: Eit godt liv og ein verdig død
  • Sanning, tillit og ekspertise: Etablere og sikre tillit som eit grunnlag for berekraftig og legitim styring
Bulgaria tek over formannskapet i Det europeiske råd frå januar 2018, og har annonsert at utforminga av FP9 – herunder spørsmålet om budsjettet for rammeprogrammet – vil ha høgste prioritet under deira formannskapsperiode.

Norce har kuttet opp mot 80 årsverk, lyser ut nye stillinger

Arkivar og tillitsvalgt ved Nasjonalarkivet, Espen Andersen, med fotball utenfor arkivet

Fotballforsker og arkivar: – Det kommer til å gå utover søvnen de neste ukene, det er helt sikkert

Sofie Danneskiold-Samsøe mener kritisk forskning på æreskultur og vold er et tabu. Foto: Julia Loge

– Universitetene er konforme

Studenter kjøper nesten ikke lærebøker

Studenter studerer mindre og får bedre karakterer

Statsråd mistenker at for mange får tilrettelegging

Nytt lønnsregime i staten. Om det blir mer fredelig enn før, er usikkert

Studenter med nevrodivergens setter ord på det mange studenter sliter med

Lukk meny