Ønskjer eit grønare rammeprogram
LUKK

Ønskjer eit grønare rammeprogram

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 27. oktober 2017 kl. 09:08

«Det grøne skiftet» bør få sterkare prioritet i det neste EU-rammeprogrammet for forsking, meiner regjeringa.

I desse dagar går Horisont 2020, EUs åttande rammeprogram for forsking, inn i sin andre og siste arbeidsperiode, og nær 50 milliardar euro i forskingsmidlar skal lysast ut. Men bak kulissane er førebuingane av det niande rammeprogrammet (FP9) i gang. Det skal etter planen gå frå 2021 til 2027, og EU-landa er inviterte til å kome med innspel til utforminga av programmet.

Også Noreg har sendt inn sine framlegg til EU-kommisjonen. I innspelet framhevar regjeringa mellom anna fire tematiske område dei meiner FP9 bør legge meir vekt på: Det grøne skiftet, berekraftig «blå vekst» basert på havområda, velfungerande og trygge samfunn, og digitalisering.

– Treng felles utgangspunkt

Fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim fortel at sjølv om dette til dels er viktige satsingsområde i norsk forskingspolitikk, så er det ikkje automatisk overlapp mellom nasjonale forskingssatsingar og regjeringa sine ønske for FP9.

– Dei tematiske satsingane vi nemner i innspelet, er ting vi meiner EU bør ha ein betre politikk på, fordi dei representerer utfordringar som vil vere viktige framover, seier han.

– Ser ein til dømes på det grøne skiftet, så har Europa i utgangspunktet eit tett samarbeid på dette området, mellom anna med felles utsleppsmål som vi også har knytt oss til. EU-samarbeidet fungerer godt på den måten at medlemslanda forpliktar kvarandre på felles målsettingar. Men i åra framover må ein skape konkret politikk ut frå luftige målsettingar, og det må starte med eit felles kunnskapsgrunnlag. Ein må vere samde om kva utfordringane består i.

Innovasjon som universalmedisin

For snart eit år sidan etablerte EU-kommisjonen ei ekspertgruppe som skulle kome med framlegg til korleis det nye rammeprogrammet kan sikre at ein får mest mogleg att for pengane som blir brukte på forsking og innovasjon. Gruppa, under leiing av tidlegare generaldirektør i WTO, Pascal Lamy, konkluderte i sin rapport med at sjølv om kvaliteten på europeisk forsking er god, så blir ikkje forskinga omsett i økonomisk vekst i tilstrekkeleg grad. Dei tilrår at FP9 må legge til rette for at vegen frå ide til implementering i stor skala må bli så kort som råd, mellom anna ved å etablere eit Europeisk innovasjonsråd som premierer den beste innovasjonen, på same måte som Det europeiske forskingsrådet (ERC) premierer den beste forskinga.

Samstundes bør midlar til innovasjon ikkje bli spreidd for tynt, meinte Lamy-gruppa. EU bør sikre konkurranseevna ved å prioritere nokre store samfunnsoppdrag – «missions» – med FNs berekraftsmål som rammeverk.

– Med dette som utgangspunkt, korleis meiner regjeringa at FP9 bør utformast for å gje retning til all innovasjonen ein ønskjer seg?

– På dette stadiet ønskjer vi oss først og fremst ei brei tilnærming til kva innovasjon skal vere. Det må bety noko meir enn å berre skape ei ny bedrift. Ein må ikkje låse seg fast i det å skape arbeidsplassar berre for å skape arbeidsplassar, seier Asheim.

– Nye arbeidsplassar må skapast på måtar som også løyser dei andre utfordringane vi møter. Vi trur det ligg store moglegheiter for å skape både vekst og eit berekraftig lågutsleppssamfunn gjennom forsking og innovasjon, og det legg vi vekt på i innspelet vårt til EU-kommisjonen. Kanskje vil det føresette at ein også finn nye måtar å måle innovasjon på.

Uvisst budsjett

Det er førebels langt frå klart kva ein «mission-oriented» forskings- og innovasjonspolitikk vil innebere i praksis, og Asheim fortel at dei fire tematiske prioriteringane regjeringa har spelt inn i denne runden, kan reknast som starten på ein dialog med EU om kva dette skal vere.

– Dette kjem vi til å samtale vidare om, men slike «missions» må jo koplast til samfunnsutfordringar, og dei kan forandre seg undervegs i programperioden. Det er ein av grunnane til at vi ønskjer oss eit fleksibelt FP9 som kan svare på endringar, seier han.

Eitt av dei mest konkrete framlegga i Lamy-rapporten var at budsjettet for FP9 bør vere dobbelt så stort som budsjettet for Horisont 2020, og at dette må følgjast av ein tilsvarande auke i deltakarlanda sine nasjonale forskingsbudsjett, med mål om å investere 3 prosent av BNP i forsking og innovasjon både på nasjonalt nivå og EU-nivå.

– Kva EU gjer i sine budsjett, er ikkje noko vi legg oss opp i, men vi er sjølvsagt spente på kva som blir resultatet, og kjem til å følgje dette med interesse. Nasjonalt vil eg seie vi har vist både evne og vilje til å forplikte oss på store løft, gjennom langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Den vart følgt opp seinast i statsbudsjett som nyleg vart langt fram, seier Asheim, som førebels ikkje kan seie noko om korleis den neste langtidsplanen vil sjå ut.

I den vidare prosessen vil norske aktørar gjere sitt beste for å påvirke EU-kommisjonen med sine ønske for det nye rammeprogrammet, og både Forskingsrådet, Innovasjon Norge, forskingsinstitusjonane og andre aktørar vil ta del i diskusjonen. Så står det att å sjå kor mykje påverknad eit ikkje-medlemsland som Noreg kan få.

– Det er for tidleg å vite, men vår strategi, nettopp fordi vi ikkje er EU-medlem med ein plass rundt bordet, er å sende tydelege innspel tidleg i prosessen, seier Asheim.

Det er venta at EU-kommisjonen vil leggje fram sitt forslag til nytt rammeprogram i første halvdel av 2018. Det endelege programmet vil bli vedteke etter forhandlingar mellom Europaparlamentet og Rådet for Den europeiske union (ministerrådet).