Dei beskjedne heltane
LUKK

Dei beskjedne heltane

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 21. desember 2016 kl. 12:08

Heltedyrking er vanleg i vitskapen, men kva eigenskapar er det eigentleg som er verd å beundre? Det vil Robert Marc Friedman få folk til å tenkje over.

friedman-robert-marc-uio

– Oppfattinga at vitskap er eit mål i seg sjølv og ikkje ein konkurranse, er eit stort tema i vitskapshistoria, seier Robert Marc Friedman.

Forskerforum skreiv for litt sidan om hangen til heltedyrking i vitskapen. Vitskapshistorikaren Patricia Fara er mellom dei som meiner vitskapsfolk treng heltar som Einstein og Newton for å byggje sine eigne skapingsmytar og fortelje kvarandre kven ein ønskjer å vere. Samstundes fører dette lett til at «heltane» blir tillagt eigenskapar som passar betre med våre førestillingar om dei, enn med kven dei verkeleg var og kva dei gjorde.

– Eg har lagt merke til dette overalt der eg har arbeidd, at det er utruleg kor nærsynte vitskapsfolk, som er så reflekterte og analytiske i sitt eige arbeid, kan vere for ein del flosklar og sjølvsagtheiter som vi bruker for å forstå forskingsverda. Ofte er det som om forskarar lever i ei evig notid, der dagens verdiar, haldningar og sjølvforståing blir oppfatta som naturlege og den einaste måten ting kan vere på, seier Robert Marc Friedman.

Snakkar ikkje lenger om moral

Friedman er vitskapshistorikar og professor ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Han har formidla forskinga si i form av teaterstykke der han stiller spørsmål ved kven det er som oppnår vitskapleg heltestatus og kvifor. Det gjev han høve til å kome i dialog med publikum både innanfor og utanfor akademia, og resulterte i UiOs formidlingspris i 2015. Friedman meiner at språket som blir brukt til å grunngje kvifor ein skal drive med vitskap, har endra seg sterkt i løpet av det siste hundreåret.

– Før andre verdskrigen inngjekk vitskapen i eit moralsk språk som seinare er forsvunne. I diskursen frå den tida ser vi ei sjølvforståing hjå fysikarar som gjekk ut på at søking etter kunnskap er eit gode i seg sjølv og gjer ein til ein meir moralsk person. Etter krigen vart diskursen mykje meir amoralsk og handla mest om dei morosame problema fysikken kunne løyse. Vitskap har alltid involvert store ego, men no er det blitt ein ekstrem konkurranse om å vere best, kome med oppdagingar som kan teljast, vinne prisar og dra inn forskingsmidlar. I den konkurransen er det ikkje plass til tankar om moralske verdiar, korleis ein skal oppføre seg mot kvarandre som kollegaer, korleis universitetet bør vere som arbeidsplass eller kva som skapar lojalitet, seier han.

Kven blir heltar?

Friedman har mellom anna studert dei subjektive og maktpolitiske vurderingane som ligg bakom tildelingane av dei vitskaplege nobelprisane. I teaterstykket Remembering Miss Meitner fortel han historia om Lise Meitner, som vann over kvinnediskriminering og vart Tysklands leiande kjernefysikarar i mellomkrigstida, men flykta til Sverige då nazistane kom til makta, der ho opplevde å bli marginalisert. Meitner utvikla teorien bak kjernefysisk fisjon, men det var kollegaen Otto Hahn, som demonstrerte fisjon eksperimentelt utan å kunne forklare det teoretisk, som fekk nobelprisen. Friedman fortel at Hahn, også etter krigen, nekta å hugse kor avhengig han var av Meitner i perioden då dei sende hemmelege brev mellom Berlin og Stockholm, og kor mykje han skulda henne.

– Det stykket får fram, er ikkje først og fremst at Lise Meitner ikkje fekk nobelprisen, men at ho elska vitskap. Grunnen til at ho var viljug til å ofre så mykje, var at ho fekk oppleve den fantastiske kjensla av å vere ein del av det store vitskaplege eventyret, og å vere del av ein fellesskap. Så kven bør vi betrakte som helten – nobelprisvinnaren Hahn eller Meitner, spør Friedman.

Han er samd i at vitskapen treng heltar for å sosialisere nye kollegaer inn i fagfellesskap og tradisjonar.

– Og nettopp difor er det viktig at ein reflekterer over kven og kva vi held fram som ideal, seier han.

Meir enn gjennombrot

bonnevie-kristine-wikimedia-commons

Ein kultur som berre legg vekt på banebrytande oppdagningar vil undervurdere forskarar som Kristine Bonnevie, som var sterkt sosialt engasjert i tillegg til å ha ei solid forskarkarriere.

Teaterstykket om Meitner er blitt vist ved mange ulike høve, og har ofte ført til diskusjon etterpå. Mange som ikkje kjenner historia vil vite meir, og forskarar gjev uttrykk for at stykket minner dei om verdiar som er blitt gløymt.

Friedman har også skrive teater om heltar som Einstein, Nansen og Amundsen, men han har ikkje alltid møtt forståing for vala sine. Då han for mange år sidan byrja jobbe med eit filmmanus om Noregs første kvinnelege professor, Kristine Bonnevie, fekk han spørsmål om kvifor han valde å kaste vekk tid på henne – ho som aldri hadde gjort noka banebrytande oppdaging?

– Men eg meiner det er andre grunnar til at historia hennar fortener å bli meir kjend. Vitskap bør ikkje bli redusert til ei stor oppdaging av den typen nobelkomiteen set pris på. Bonnevie engasjerte seg sterkt i studentane sine og arbeidde for å skape gode tilhøve for kvinnelege studentar, og ho la ned ein stor innsats for å avhjelpe matmangel under første verdskrigen. Samstundes dreiv ho viktig forsking som fekk støtte frå Rockefeller-stiftinga. Eg trur det finst mange heltar blant folk som ofrar tid og energi for å hjelpe kollegaer og studentar, eller ta administrative verv som tek tid frå forskinga, fordi dei tykkjer det er deira tur til å ta ansvar. Det er fleire ting enn berre dei store oppdagingane, som gjer nokon verd å hugse og beundre, seier han.

Sjølv er han sosialisert inn i amerikansk individualisme og konkurransekultur og meiner det er interessant kor raskt utviklinga har gått i Noreg, frå jantelov til krav om sjølveksponering og eit sterkt fokus på kor mykje pengar ein greier å hente inn.

– Slike endringar i nasjonale verdiar og kultur kan vere gjenstand for historiske undersøkingar, og det er ei bøn om meir vitskapshistorie. Skikkeleg, kritisk, analytisk vitskapshistorie, ikkje berre lettvinte forteljingar om gamle professorar, seier han.