Den heroiske forskaren
LUKK

Den heroiske forskaren

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 30. november 2016 kl. 09:00

Vitskapen dyrkar heltar. Er ikkje det uvitskapleg?

Vi treng ein kultur for realfag, hevda kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då regjeringa annonserte si realfagssatsing. Målet med satsinga er at barn og unge skal få betre kompetanse i realfag, at fleire skal prestere på høgt nivå, og at dette skal kome arbeidslivet til gode. I samband med satsinga introduserte Isaksen omgrepet «realfagsheltar». I biletgalleriet øvst på sida er han avbilda saman med nokre av dei.

– Ein realfagshelt er ein person som kan vere eit viktig førebilete for andre. Det kan vere ein som viser at realfag «kan redde verda», for å bruke litt store ord. Det kan vere forskarar som utviklar nye livreddande medisinar. Eller det kan vere ingeniørar som borar brønnar som gjev tilgang til reint drikkevatn for tusenvis av menneske i tørkeramma område, seier Isaksen til Forskerforum.

Han presiserer at ein realfagshelt, slik han ser det, også kan vere kvardagslege typar som ikkje er mindre viktige av den grunn.

– Eg kan trekke fram Selda Ekiz som gjennom program som Newton og Barn ingen adgang har gjort realfag spennande for mange barn og unge. Eller Sunniva Rose som også har gjort mykje for å bryte ned mytar om jenter og realfag. Som kjernefysikar og bloggar er ho eit godt døme på at kvinner kan velje seg ein karriere innanfor realfag.

Symbol på utvikling

einstein-albert-held-forelesing-i-wien-i-1921-wikimedia-commons-ferdinand-schmutzer

Einstein er kanskje den forskaren som har aller høgast status i dag. Dei fire artiklane han publiserte i 1905, som handla om den fotoelektriske effekten og som la grunnlaget for den moderne fysikken og sikra han nobelprisen, blir kalla «annus mirabilis»-artiklane. Einstein figurerer i ei lang rekkje bøker, skodespel, TV-program, filmar, musikkstykke og jamvel videospel, og har ei rad med prisar, skular, gater og bygningar oppkalla etter seg. Her held han førelesing i Wien i 1921. Foto: Ferdinand Schmutzer (Wikimedia Commons)

Isaksen er ikkje åleine om å ønskje seg fleire realfagsheltar. Stadig uttrykkjer nokon uro over at vitskapen, og då særleg naturvitskapen, ikkje får respekten han fortener. Noko av den same tankegangen ser ut til å ligge bakom Forskerforbundets Hjernekraftverk-kampanje, der skinande plakatar av norske «forskarsuperstjerner» skal medverke til at forskarane får høgare status, og at norsk forskings- og utdanningsinnsats skal bli styrkt.

Men står det så dårleg til med respekten for forskarane og for realfaga? For nokre år sidan ville psykologiprofessoren James H. Liu og kollegaer undersøke om globaliseringa har ført til ein felles global kultur. Som eksperimentelle psykologar ofte gjer, undersøkte dei haldningane hos universitetsstudentar, denne gongen i 37 ulike land. Studentane vart presenterte for ei lang liste med historisk kjente personar, og bedne om å rangere dei frå positive til negative. Dei mest positive, og minst kontroversielle, figurane var vitskapsmennene Einstein og Newton.

Liu tykkjer det er interessant å spekulere på kvifor nettopp vitskapsmenn ser ut til å bli oppfatta positivt over heile kloden, medan til dømes humanitære figurar som Gandhi og Nelson Mandela var meir kontroversielle.

– Einstein passar med stereotypen om den distré professoren, men han var også oppteken av humanitært arbeid, og den kombinasjonen gjev større, vedvarande ry. Dessutan er både Einstein og Newton representantar for ein æra: Einstein for den moderne fysikkens gullalder, og Newton for opplysningstida. Det er sjeldan at store vitskapsfolk er einsame ulvar, dei blir i staden oppfatta som personifikasjonar av større meiningssystem – i dette tilfellet vitskapleg modernitet og opplysningsideal, seier Liu, som no leier det psykologiske instituttet ved New Zealands nest største universitet, Massey University.

– Minnet vårt er i stor grad organisert som forteljingar, og Einstein og Newton passar inn i modernistiske forteljingar om sivilisasjonsutvikling.

Trua på framsteget

Resultata tyder på at vitskap – eller i alle fall naturvitskap – er noko alle kan vere samde om å like. Liu påpeikar at sjølv dei mest samlande religiøse, politiske og humanitære figurane likevel var meir kontroversielle enn vitskapsmennene, og difor hamna lenger ned på lista.

Dei representerer den grunnleggjande trua på at vitskap driv sivilisasjonen vår framover.

Også kunnskapsminister Røe Isaksen trur at døde heltar som Einstein og Newton kan vere til inspirasjon.

– Eg trur at desse vitskapsfolka er viktige førebilete for mange unge den dag i dag. Desse store personlegdommane kan inspirere ungdom også i vår tid til å løyse vitskapelege mysterium eller finne opp nye, smarte løysingar. Dei representerer den grunnleggjande trua på at vitskap driv sivilisasjonen vår framover, seier Isaksen, som gjerne trekkjer fram den gamle teikneseriehelten ingeniør Knut Berg som ein personleg favoritt.

– Han var ingeniøren som kunne fikse alt. For meg er han eit godt døme på statusen realistar hadde i det norske samfunnet tidlegare.

Frå helgenar til forskarar

galilei-galileo-maleri-portrett-wikimedia-commons

Galileo Galilei blir ofte omtala som den moderne naturvitskapens far, og som helten som våga å forsvare det heliosentriske verdsbiletet mot mørkemennene i den katolske kyrkja. Dette biletet vart danna seint på 1800-talet då to amerikanske historikarar hevda at religion var eit historisk hinder for framsteg. Dei forma biletet av Galileo til å passe inn i historia, og fekk god hjelp av det faktum at Galileo var ein strålande formidlar som skreiv lettlest og slagferdig om vitskapen sin. Dei mange samtidige forskarane Galileo samarbeidde med, er stort sett gløymde i dag. Måleri av Justus Sustermans (1636)

Patricia Fara, britisk vitskapshistorikar og professor ved universitetet i Cambridge, meiner dei vitskaplege heltane til dels har teke over funksjonen helgenane brukte å ha i samfunnet.

– Vi har alltid hatt ein trong til å skape forteljingar om folk som skil seg ut som betre enn andre, seier ho.

– Det brukte å vere helgenar og kongar. Men med den generelle sekulariseringa har vitskapsfolk teke over denne funksjonen. No reiser folk på pilegrimsferd for å sjå huset til Newton og prøve å finne treet som eplet fall frå. Eg veit ikkje korleis det er i Noreg, men i Storbritannia er mange naturvitskaplege museum utforma som gotiske katedralar, som om dei er stader der folk kjem for å tilbe.

Fara trur at myten om den objektive og verdifrie naturvitskapen gjer det mogleg å sjå på han som noko nær heilagt.

– Eit dikt eller eit kunstverk kan vere produsert av eit geni, men ingen er i tvil om at det spring ut av eit subjektivt, inspirert sinn. Men gravitasjonsteorien berre er der, allmenn og opphøgd, og ventar på å bli funnen av eit geni som Newton.

Eit konstruert geni

newton-isaac-maleri-av-sir-godfrey-kneller-wikimedia-commons

Isaac Newton har oppnådd status som ein av dei største vitskapsmennene gjennom tidene. Men vitskapshistorikaren Patricia Fara har vist korleis biletet av Newton har vore i stadig forandring gjennom historia, og ofte har vore fylt av motsetnader, avhengig av kva som vart oppfatta som viktig i ulike periodar. Newtons omfattande arbeid innanfor alkymi og bibelsk kronologi er blitt oversett av historikarar inntil nyleg. Måleri av Sir Godfrey Kneller.

Fara har skrive ei bok om Newton og om korleis heltestatusen hans er blitt forma og forandra gjennom tida.

– Newton var ikkje oppfatta som noko geni i starten. I det 17. og 18. hundreåret var eit geni snarare folk som diktaren Goethe, som produserte litterære meisterverk gjennom kunstnarisk inspirasjon. Newton kunne forklare ideane sine gjennom logikk, og det vart ikkje rekna som genialitet. Det var først i romantikken at den britiske mytologien, med til dømes Robin Hood-forteljingane, vart produsert, og det var då Newton gjekk frå å vere ein nasjonalt viktig figur til å bli eit «fødd geni», den einaste som var i stand til å sjå dei samanhengane ingen hadde sett tidlegare, fortel ho.

Seinare har vitskapshistorikarar fylt ut biletet av Newton. Han var ikkje berre ein stor vitskapsmann, han var også sterkt oppteken av alkymi, og han var hemngjerrig og vanskeleg og ein nokså ufordrageleg person.

– Så pidestallen hans er ikkje fullt så høg som tidlegare. Men eg vil tru at Einstein og Newton er på topp fordi arbeidet deira handla om kosmos, og dermed forma heile verdsbiletet vårt, seier Fara.

Objektiv eller heroisk?

curie-marie-wikimedia-commons

Marie Curie kjempa mot fattigdom og diskriminering for å kunne drive forsking, og fekk to nobelprisar. Men vitskapshistorikaren Naomi Oreskes skriv at der dei mannlege kollegaene hennar vart skildra som heroiske trass i at arbeidet deira kunne vere rutineprega og kjedeleg, vart Curie omtala som ei kvinne som hang over laboratoriebenken år ut og år inn, som eit slags monotont kjøkenarbeid. Det viser kor vanskeleg det er for kvinner å passe inn i den vitskaplege helteforteljinga. Foto: Wikimedia Commons

Når vitskaplege heltar som Galileo og Kopernikus – eller Einstein og Newton – blir omtala, er det gjerne den vitskaplege objektiviteten som blir trekt fram. Dei er heltar fordi dei sette fakta høgare enn overtru eller religiøse dogme, og dermed endra verdsbiletet vårt. Men ikkje alle er samde i at objektivitet er det som definerer den vitskaplege helteforteljinga. Den amerikanske vitskapshistorikaren Naomi Oreskes tok opp tilhøvet mellom objektivitet og heroisme i ein prisvinnande artikkel tidleg i karrieren. I artikkelen viser ho til at moderne vitskapleg arbeid blir omtala snart på den eine, snart på den andre måten. Ofte er det den objektive observatøren i labfrakk som personifiserer det vitskaplege idealet. Men det finst ei anna forteljing også: Den om det heroiske individet som ofrar seg for vitskapen, i kamp mot overtru og mørkemakter. Han er ikkje objektiv, men heller djupt engasjert og lidenskapeleg.

Oreskes skriv at biletet av den einsame vitskapsmannen som sit heroisk over mikroskopet sitt midt på natta, blir assosiert med vitskapleg objektivitet. Men objektivitet er nettopp ikkje ein individuell eigenskap, hevdar ho. Objektivitet er noko som blir oppnådd gjennom størst mogleg grad av standardisering og etablering av rutinar, der målet er at kven som helst skal kunne gjennomføre ein prosedyre og kome fram til same resultatet. Det er viktig for å minke sjansen for fusk og feiltolkingar i vitskapen. Men biletet av Galileo eller Newton legg tvert imot vekt på at nettopp desse personane og ingen andre kunne ha gjort det dei gjorde. Oreskes spekulerer på om dei to ulike bileta av forskaren blir trekte fram i ulike situasjonar. Førestillinga om den objektive forskaren fungerer bra mellom kollegaer som deler den same oppfatninga av vitskapleg aktivitet, medan den sjølvoppofrande forkjemparen for sanninga fungerer for omverda, til dømes når det skal skaffast pengar til forskinga.

Felles for begge forskarmytane, meiner Oreskes, er at dei held kvinner ute av forteljinga. Ein av grunnane til at kvinner forsvinn ut av vitskapshistoria, er at vitskapen blir presentert gjennom heroiske forteljingar som kvinner ikkje passar inn i, hevdar ho.

Har alltid trunge heltane

– Kanskje førestillinga om vitskap som noko objektivt nettopp er grunnen til at vi treng heltehistoriene.

Det er tydeleg at vi treng heltane, og har gjort det i 2000 år.

Det seier professor Ralf von den Hoff ved Albert-Ludwigs-Universität Freiburg. Universitetet har gåande eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt som studerer helten som sosialt fenomen, frå antikken til i dag.

– Det er tydeleg at vi treng heltane, og har gjort det i 2000 år. I alle fall her i Tyskland blir termen «helt» brukt heile tida, til dømes i media og i reklame. Samstundes har vi eit historisk vanskeleg forhold til det heroiske, spesielt med tanke på verdskrigane, men likevel ser ikkje konseptet ut til å forsvinne. Det er interessant, seier han.

Han peikar på at helten ikkje er noko som eksisterer i seg sjølv, men alltid blir konstruert av andre.

– Det er vanskeleg å definere kva ein helt er, men evne til handling er ein viktig eigenskap. Om helten utgjer ei endringskraft eller ei stabiliserande kraft, kjem heilt an på kva samfunnet treng akkurat då. Men ein helt er ofte i opprør mot noko, anten det er normer eller ei gruppe eller ein fiende.

Ein post-heroisk æra?

Von den Hoff meiner at dersom ein vil rekruttere folk til eit felt som blir oppfatta som så objektivt som vitskap, så treng ein noko som kan appellere til kjenslene, og der kjem helten inn.

– Ein faktor er nok at heltar alltid har menneskelege eigenskapar som ein kan identifisere seg med. Det er ikkje så lett å identifisere seg med ein bygning eller eit ideal. I dag trur eg rett nok det er litt annleis, eg trur vitskap er så sentralt for samfunnet at det er attraktivt i seg sjølv. Kanskje har ein mindre bruk for helten, seier han.

Der er dei som vonar han har rett i det. Dei seinare åra har det til dømes kome stadig meir kritikk mot dei vitskaplege nobelprisane. Kritikarane meiner at prisane fører vidare eit utdatert vitskapssyn, der gjennombrot skjer på grunn av den heroiske innsatsen og genialiteten til éin mann, eller ein sjeldan gong ei kvinne. Prisane underkommuniserer det faktumet at vitskap er ein sosial aktivitet som ikkje lenger kan utførast i einsemd, meiner dei.

Mange forskarar dyrkar Newton med ei ærefrykt som grensar til tilbeding.

Samstundes har historikarane teke oppgjer med dei gamle heltane. Dei var slett ikkje dei einsame genia dei ofte blir framstilte som. Galileo samarbeidde tett med andre, og dei aller fleste av oppdagingane han blir kreditert for, vart gjorde samstundes eller tidlegare av andre forskarar som i dag har forsvunne ut av historia. Galileo greidde heller aldri å leggje fram noko prov for det heliosentriske verdssystemet, slik helteforteljinga om han ofte hevdar. Heller ikkje Newton var åleine om oppdagingane sine.

Vitskapleg mytologi

Vitskapshistorikaren Patricia Fara meiner at den vitskaplege helteforteljinga er vel så viktig for forskarane sjølve som for samfunnet ikring.

– Og det er rart, for ideologien om vitskap går ut på at det er metodisk og nøyaktig, ein byggjer stein på stein og kjem fram til nye samanhengar på basis av dei gamle. Medan ideen om geniet er det motsette: Eit geni dreg overraskande slutningar i ein augneblink av inspirasjon. I løpet av karrieren min har eg vore i kontakt med mange naturvitskaplege forskarar, og mange av dei dyrkar Newton med ei ærefrykt som grensar til tilbeding. Dei blir sterkt personleg såra når Newton blir kritisert.

Fara trur vitskapsfolk treng heltane for å byggje sine eigne skapingsmytar. Vi bruker heltane for å fortelje kvarandre kven vi ønskjer å vere.

– Og dessutan finst framleis denne utbreidde oppfatninga, som eg meiner er feil, om at før Newton var alt berre magi og overtru, og då Newton kom, vart alt klart og logisk og vitskapleg.

Psykologen James H. Liu er samd i at vi konstruerer historiene om oss sjølve ved hjelp av heltane.

– Då vi publiserte artikkelen vår, var det rangeringa av dei historiske figurane som vekte mest merksemd. Men eg meiner det mest interessante er påstanden vår om at heltar og skurkar er viktigare kulturberande element enn hendingar er, og at dei er ein del av ei større forteljing som hjelper folk til å forstå kven vi er som nasjonalitetar og som verdsborgarar, seier han.