– Jakt på «excellence» skadar forskinga
LUKK
Annonse
Annonse

– Jakt på «excellence» skadar forskinga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. oktober 2016 kl. 09:00

Jamnare fordeling av forskingsmidlar er betre for både forsking og samfunn, konkluderer ny studie.

Staff Profile: Martin Eve

– Forskingssystemet må legge meir vekt på det solide, heller enn det spektakulære, seier Martin Paul Eve. Foto: Dominic Mifsud/Birkbeck Media Services

Debattar om forskingspolitikk er ofte prega av semje om at forskingskvalitet må vere det viktigaste kriteriet for å få midlar, og at konkurranse om midlar er den beste måten å sikre god kvalitet på. Internasjonalt er «excellence» blitt eitt av dei mest brukte omgrepa i akademia, og også norske aktørar snakkar stadig oftare om «eksellens» trass i at ordet ikkje finst i ordboka. I pågåande debattar om forskingskvalitet er ideen om «eksellens» sentral, og «kvalitet» er meir og meir å forstå som «framifrå kvalitet».

I ein ny artikkel, som førebels er tilgjengeleg som førtrykk-versjon, stiller forskarar frå Storbritannia og Australia spørsmål ved om retorikken om «excellence» verkeleg fører til «excellence», og konkluderer med at det gjer det ikkje – snarare tvert imot.

– Kjenner ikkje toppforsking

– Vi er alle involverte i vitskapleg publisering på eitt eller anna nivå, og spørsmålet vi stilte oss, var: Er vi gode til å kjenne att framifrå forsking når vi ser det? seier Martin Paul Eve til Forskerforum. Eve er professor i litteratur, teknologi og publisering ved Birkbeck, University of London og initiativtakar til organisasjonen Open Library of Humanities, som arbeider for open tilgang til humanioraforsking.

Forfattarane gjekk igjennom vitskapleg litteratur om publisering og kvalitetsvurdering i forsking. Dei konkluderer med at forskarar er notorisk dårlege til å sjå forskjell på forsking som er «framifrå», og forsking som berre er «god».

– Til dømes har ei lang rekkje nobelprisvinnarar i første omgang fått refusert artiklane dei seinare vann nobelprisen for. Og det er gjort eksperiment der manuskript som er blitt aksepterte for publisering i eit vitskapleg tidsskrift, har fått ei lett omskriving og blitt sende inn på nytt, berre for å bli refuserte av det same tidsskriftet, seier Eve.

– Oppmuntrar til fusk

At det finst ei rekkje problem knytt til kvalitetsvurdering i forsking, er rett nok gamalt nytt. Hovudpoenget til forfattarane er at eit forskingssystem som konsentrerer ressursar omkring «dei beste», paradoksalt nok fører til dårlegare forsking. Konkurransen om midlane fører til at forskarar blir meir opptekne av å stå fram som «eksellente», enn av å vere det.

«Forskarane har internalisert ideen om at konkurranse gjev best forsking.»

– Hard konkurranse om avgrensa ressursar oppmuntrar til fusk, seier Eve til Forskerforum.

Forfattarane viser til studiar som tyder på at forskingsfusk i ein eller annan forstand er utbreidd. Ein informant i ein av dei siterte studiane uttrykkjer det slik: «Om du kan vise meg ein akademikar som ikkje har vore nøydd til å lyge eller bløffe eller forskjønne i forsøk på å oppnå prosjektmidlar, så skal eg vise deg ein akademikar som er i trøbbel hos instituttleiaren sin.»

Positiv slagside

Eve og kollegaene hans understrekar at dei ikkje kritiserer ønsket om høg kvalitet i seg sjølv, men det at mykje merksemd og ressursar blir brukt på konkurransen om å bli mellom dei beste. Ikkje berre oppmuntrar eit slikt system til fusk, det legg også til rette for velkjente fenomen som at positive og banebrytande – men ikkje for banebrytande – resultat blir publiserte i langt større grad enn negative, og at replikasjonsstudiar som kunne ha balansert resultata, har vanskar med å få støtte og bli publiserte.

– Det er svært skadeleg for forskinga. Replikasjonsstudiar blir systematisk underfinansierte og underrapporterte, sjølv når resultata motseier studien dei var meint å gjenskape. Dersom forskarar les den opphavlege studien, men aldri får med seg at resultatet er blitt tilbakevist, så er det ei enorm sløsing med tida og ressursane deira, seier Eve.

Alle desse negative effektane er kjende, men blir ofte framstilte som resultat av at forskarane må tilpasse seg krav frå styresmakter og organisasjonar som finansierer forsking, frå institusjonsleiarar og frå publikum generelt.

– Men vi meiner at forskarane har internalisert  ideen om at konkurranse gjev best forsking, og gjort han til sin eigen, seier Eve.

Vil ha likare fordeling

Den beste måten å motverke dei negative effektane av retorikken omkring «excellence» på, vil vere å distribuere pengane breitt, meiner forfattarane. Men dei trur at det vil krevje ei stor kulturendring.

– Forsking blir betalt av skattebetalarane, og då er det i både politikarar og forskarar si interesse å seie at pengane berre går til den aller beste forskinga, seier Eve.

Store internasjonale prosjekt som partikkelfysikkeksperimentet LHC, som har så mange bidragsytarar at ingen enkeltforskar og inga enkeltgruppe kan stikke av med æra for resultata, er likevel døme på at diversifisering  snarare enn konsentrasjon gjev gode resultat, meiner dei.

– Det er på tide å tenkje nytt omkring konkurranse. Dersom alle forskarar hadde fått den same summen, ville det kanskje oppmuntre til samarbeid og deling, praksisar som vi veit er bra for forskingskvaliteten, seier Eve.

– Ikkje berre retorikk

langfeldt-liv-nifu

– Om konkurranse fører til kvalitet eller ikkje, er truleg eit spørsmål om balanse, seier Liv Langfeldt. Foto: NIFU

Medan norsk forskingsfinansiering er mindre konkurransestyrt enn i den angloamerikanske verda, er ønsket om meir konkurranse tydeleg til stades også i norsk forskingsdebatt.

Ser vi på Noreg, er det ingen tvil om at vektlegginga av kvalitet har vore meir enn retorikk. Det hevdar Liv Langfeldt, leiar for Centre for Research Quality and Policy Impact Studies ved NIFU.

– Dei siste ti–femten åra har vi sett fleire nye verkemiddel og auka ressursar for å heve kvaliteten. Vi veit ikkje nok om verknaden av dette, men vi veit at det har medverka til sterkare prioritering av midlane i ei tid med ekspansjon i forskinga. Dei nye kvalitetssatsingane har i stor grad skjedd gjennom ein auke i ressursar, og i mindre grad fortrengt midlar til breiare satsingar, seier ho.

Langfelt trur at spørsmålet om konkurranse fører til kvalitet, meir er eit spørsmål om balanse.

– Vi har indikasjonar på at meir konkurranse i eit lite konkurranseprega system kan ha positiv effekt, men også indikasjonar på at for mykje konkurranse har motsett effekt.

– Har mykje å gå på

Produktivitetskommisjonen er mellom dei som sterkast har teke til orde for å gje ein større del av forskingsmidlane til toppinstitusjonar og toppmiljø. Leiar av kommisjonen, Jørn Rattsø, seier at argumenta for ei meir jamn fordeling av forskingsmidlar er velkjende.

– Desse synspunkta kan seiast å beskrive norsk forskingspolitikk – med trygg og langsiktig finansiering av forskarar og forskingsmiljø som leverer lite. Ingen har vist at det gjev «spektakulær forsking», seier han.

Han meiner Forskingsrådets fagevalueringar gjev gode vurderingar av kvaliteten på forskingsmiljø, som er aksepterte av miljøa. Dei viser stort og vedvarande kvalitetssprik.

– Både universitet og forskingsråd har lagt om til ei styrking av kvaliteten gjennom sterkare konkurranse, i form av senter for framifrå forsking og premiering av publisering.  Det har gitt eit løft i kvaliteten, men det er mykje meir å gå på. Så må ein sjølvsagt vere merksam på utforming av ordningar som kan svekke kreativitet, nyorientering og djupne, seier han.

Rattsø meiner hovudproblemet i norsk forsking er ein lukka og beskytta forskingsmarknad . Omsynet til innovasjon og produktivitet tilseier at vi får betre tilgang til internasjonal kunnskap.

– Fleire forskingsmiljø som dei beste kan hjelpe oss til det.