Kva skal vi med Forskingsrådet?
LUKK

Kva skal vi med Forskingsrådet?

Av Erik Døving, førsteamanuensis, Handelshøyskolen ved HiOA

Publisert 21. desember 2016 kl. 10:00

Vi må innsjå at Noregs forskingsråd er eit dyrt og overflødig mellomledd.


Dagens system for fordeling
av forskingsmidlar er for omfattande og tungrodd, skreiv Forskerforum (nr 9/2016) i ein reportasje frå Nederland. Situasjonen i Noreg er ikkje så ulik. Her heime kan vi byrje med å legge ned det meste av Noregs forskingsråd og fordele midlane direkte til institusjonane.

Tusenvis med skarpskodde folk kastar bort tida si på søknadar.

La oss seie at det krev eitt månadsverk å lage ein god prosjektsøknad. Dersom det i gjennomsnitt er ti prosent av søknadane som får tildelt midlar kan vi enkelt seie at det for kvar tildeling har gått med nesten eit årsverk berre til å lage søknader. Det er minst ein million kroner. Kostnadane med å lage dei bortkasta søknadene må naturlegvis dekkast inn av tildelingar institusjonen faktisk får. Dersom tildelingane er i gjennomsnitt 5 millionar kroner, går altså 20 prosent av forskingsmidlane med til å lage bortkasta søknader.

I tillegg må vi rekne med kostnadene ved å drive Forskingsrådet og kostnader ved ekstern vurdering av søknader. Toppsjefane i Forskingsrådet er til og med dei best lønna i heile sektoren, meir enn rektor ved Universitetet i Oslo (UiO). Det er ei mager trøyst at det er endå meir kostbart å kanalisere forskingsmidlar om EU, slik Stein Tønnesson, Thomas Hylland Eriksen og Thomas Hegghammer viste i Aftenposten (25. mai 2016). Dei tre viste at det kan ha gått med over 500 forskarårsverk for å hente heim 1 milliard kroner av EUs forskingsmidlar, med andre ord går nesten alle forskingsmidlane frå EU med til å skrive søknader til EU.

Ekstern finansiering skaper også ekstra administrasjonskostnader hos universitet og høgskular, institutt og andre som blir tildelt midlar: Kontraktar må handterast og arkiverast, budsjett må settast opp og rekneskap bli kontrollert – dette blir ofte gjort av ein eigen administrativ stab. Kort sagt er det ei omfattande sløsing med offentlege midlar vi er vitne til. Dessutan er det tusenvis med skarpskodde folk som kastar bort tida si på dette.

Delar av Forskingsrådets budsjett bør brukast til å styrke grunnfinansieringa for universitet, høgskular og forskingsinstitutt.

For å kome ut av dette uføret bør delar av Forskingsrådets budsjett brukast til å styrke grunnfinansieringa for universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Dei nye universiteta, som Universitetet i Agder, har langt dårlegare finansiering enn dei gamle, som UiO. Forskjellane i grunnfinansieringa til institusjonane i universitet- og høgskulesektoren er historisk bestemt og heng ikkje saman med reelle forskjellar i aktivitet og kompetanse. Kvaliteten i desse institusjonane blir sikra gjennom tilsetting i kombinerte stillingar der vitskaplege kvalifikasjonar er avgjerande. Styrka grunnfinansiering for dei nye universiteta og for høgskulane bør då gå til å styrke FoU-delen av budsjetta for at desse kjem opp på same nivå som UiO og NHH.

Delar av Forskingsrådets budsjett bør på same måte gå til å styrke grunnfinansieringa for instituttsektoren, særleg slik at dei som no har svært lite grunnfinansiering kjem på nivå med dei som har relativt gode vilkår. Minimum 35 prosent grunnfinansiering er eit greitt tal å ta utgangspunkt i. Dei milliardane som blir kanalisert om EU kan godt leggast i potten medan vi er i gang. Forskinga ved universitet og høgskular er fagleg kopla til studieprogram, men det vil alltid finnast viktige forskingstema som fell utanfor. Det som er igjen av Forskingsrådet kan då handtere forskingsmidlar innanfor spesielle, nye satsingsområde som ikkje blir fanga opp av universitetas og høgskulanes fagområder.