Kritikk | Bokanmeldelse
Boka er ei forteljing om ein nasjon i strid med seg sjølv, ikkje berre mellom jødar og palestinarar, men striden mellom jødane om kva ein jøde er, og kva Israel skal vere.Boka er ei forteljing om ein nasjon i strid med seg sjølv, ikkje berre mellom jødar og palestinarar, men striden mellom jødane om kva ein jøde er, og kva Israel skal vere. Dette er ein etnisk og religiøs strid forma gjennom innvandringsbølgjer, frå den sterke europeiske innvandringa etter krigen til innvandringa av ein million jødar frå Russland dei siste tiåra. Men boka er også forteljinga om sterk jødisk einskap. Det fellesskapet som ligg til grunn for at Israel kan utveksle ein jødisk soldat mot tusen palestinske fangar, er også grunnlaget for dei ytterleggåande kreftene si evne til å forskuve det politiske og territoriale tyngdepunktet til nasjonen. Alliansen mellom den nasjonalreligiøse busetjarrørsla og miltære haukar har endra det okkuperte territoriet alle må svare for. Men det er ein jødisk, ikkje ein nasjonal einskap. Nokre Palestina-vener vil kanskje innvende at dette ikkje er ei bok om Palestina. Men det er også styrken hennar, overfor dei. Og den palestinske lagnaden – undertrykking, fattigdom, andrerangs borgarskap, krig og intifada – er inngåande skildra. Det er også konfliktdynamikken og krigane som skapar stadig meir ytterleggåande posisjonar på både jødisk og palestinsk side.
Metoden har den intellektuelle sitt særmerke, det å stille ulike, til dels motstridande bilete og informasjon ved sida av kvarandre.Dette er ei bok som kan verke informerande og meiningskorrigerande for dei fleste av oss. Metoden har den intellektuelle sitt særmerke, det å stille ulike, til dels motstridande bilete og informasjon ved sida av kvarandre. Boka er tematisk, ikkje kronologisk strukturert, stort sett utan repetisjonskostnader. Vinsten er auka innsikt i samspelet mellom religion, identitet, økonomi og politikk, mellom stormaktsintervensjon og busetjingsmønster. Den saklege, presise prosaen driv teksten framover, og den nøkterne tonen er truleg naudsynt for at dette kunne bli ei bok som kan lesast av folk med ulike fordommar og forkunnskap. Kunnskap kan ofte vere nedslåande. Så også her. Vi får meir forståing av alle involverte partar, men mindre tru på fred i form av to-statsløysing eller eit sekulært Israel. Men historisk kunnskap har også noko anna ved seg. Menneska sine vegar er nok ikkje uransakelege, men dei er uføreseielege. Det tok femti år frå jødestaten kom i bokform til han vart ein realitet. Mangt som er fastlåst, blir verande det, men mangt løyser seg opp og tek nye former. I den innsikta fins ei strime av håp.