Ber universiteta ta styringa på nye sosiale medium
LUKK

Ber universiteta ta styringa på nye sosiale medium

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 9. februar 2023 kl. 10:00

Dei siste månadene med uro på Twitter har fått mange til å spørje korleis akademia kan ta større ansvar for å forme den offentlege debatten om forsking og utdanning.

– Vi har ikkje slutta å bruke Twitter enno, seier Bastian Fromm ved UiT – Norges arktiske universitetet, som står bak twitterkontoen The Fromm Lab.

Då Forskerforum snakka med han i starten av desember, hadde han laga ein tilsvarande konto på Mastodon, det mest etablerte alternativet til Twitter. Han tenkte å slette twitterkontoen ved årsskiftet, men det har ikkje skjedd. Det største problemet er, no som då, at Mastodon har langt færre brukarar enn Twitter.

– Vi tapar for mykje om vi sluttar med Twitter no, i staden nyttar vi begge kontoane. Dessutan har vi også byrja å nytte LinkedIn meir. Så vi brukar fleire sosiale medium enn før, til ulike ting. Tidlegare var det berre Twitter, seier han.

Prøver ut alternativ til Twitter

Twitter er populært hos akademikarar fordi tenesta tilbyr ein enkel måte å drive forskingskommunikasjon, bygge nettverk og diskutere faglege og karriererelaterte spørsmål på, alt i eitt. Det mest nærliggande alternativet er Mastodon, som har tilnærma same funksjonalitet. Men der Twitter er sentralstyrt, er Mastodon «distribuert»: Tenesta er bygd opp av tusenvis av serverar (såkalla instansar), og den som eig serveren, bestemmer kven som får lage konto der, og kva reglar som gjeld. Men fordi dei alle er del av same nettverk, kan ein konto på éin instans følgje og kommunisere med kontoar på andre instansar.

Instansane er i stor grad drifta og finansierte av frivillige, noko som kan gjere driftstryggleiken sårbar. Difor har nokre byrja lure på: Bør institusjonane ta ein større del av ansvaret for den offentlege samtalen ved å drifte sine eigne instansar på Mastodon?

Ein av dei er Helge Høivik, rådgjevar ved universitetsbiblioteket ved Oslomet.

– No er vi komne dit at nokre hevdar at institusjonane ikkje lenger greier seg utan løysingane dei sosiale media tilbyr. Då må dei også fungere på ein måte som er i tråd med verdisettet til institusjonen, seier Høivik.

– Korleis dei store kommunikasjonsplattformene skal fungere, er eit viktig samfunnsmessig spørsmål, seier Helge Høivik. Foto: Erik Norrud

Han meiner debatten som har gått om måten Twitter blir styrt på etter at milliardæren Elon Musk vart majoritetseigar og tok over som dagleg leiar, viser at institusjonane sjølve har ei strategisk interesse av i større grad å kunne definere premissane for diskusjonane dei deltek i.

Teknisk er det ikkje noko problem å sette opp ein Mastodon-server, alle IT-avdelingar kan få det til, meiner Høivik.

– Men det er også eit poeng at når det er så mange serverar, må ein søke seg til den ein likar best. Det ligg altså eit interessefellesskap bak desse instansane, og eigarane kan innføre ulike former for redaksjonelt ansvar. Difor hadde det vore spennande om også aktørar som Forskerforum og Khrono, som er under redaktørplakat, hadde laga eigne instansar der dei kunne legge opp til løpande, aktiv diskusjon, seier han.

Universitet har laga eigne instansar

Nokre institusjonar har gjort tanke om til handling og etablert eigne instansar på Mastodon der dei tilsette kan lage seg ein konto. Ein av dei er Centre for Science and Technology Studies (CWTS) ved Leiden universitet i Nederland.

– Som mange andre akademikarar gjekk vi over til Mastodon, sjølv om fleire framleis er aktive på Twitter også. Spørsmålet var kva server vi skulle velje. For meg personleg var det tidleg klart at det ville vere bra om institusjonen var til stades der. Skulle vi velje ein server driven av andre, ville desse andre bestemme reglane, og vi måtte dessutan finne ei løysing for å bidra økonomisk til drifta, seier forskar ved CWTS, Vincent Traag.

Det tekniske har ikkje vore vanskeleg, fortel han. Den største investeringa har vore i form av tid til administrasjon.

– Til dømes korleis vi skal lage velfungerande retningsliner for moderering. Nokre frykta at det ville bli for mykje institusjonell kontroll – ville tilsette kunne diskutere og kritisere arbeidsgjevaren gjennom ein konto på ein server eigd av institusjonen?

Løysinga har vore å lage ein moderasjonskomité som er underlagd senterleiinga. Dermed skjer modereringa alltid i to ledd, og leiinga kan ikkje gå inn og slette innlegg dei ikkje likar.

– Det større biletet er at stadig meir av den offentlege debatten skjer på sosiale medium. I dag er det eksterne selskap som legg til rette for debatten, men då bestemmer dei også reglane. Ved å ha ein eigen server og eigne retningsliner kan vi vere med på å forme debatten og engasjere oss på eigne premissar, og det trur eg er til det gode for debatten som heilskap, seier Traag.

Nasjonalt pilotprosjekt på Mastodon

Den nederlandske kunnskapssektoren har sin eigen IT-tenesteleverandør, SURF, som tilsvarar det norske Sikt. I desse dagar lanserer SURF eit pilotprosjekt der dei tilbyr tilsette og studentar ein enkel måte å prøve seg fram med Mastodon på ved å logge seg inn med institusjonskontoen sin.

– Ein stor fordel er at kunnskapssektoren, i Nederland som i Noreg, allereie har ein god mekanisme for verifisering i form av kontoen du brukar for å logge deg inn på institusjonsnettverket ditt, seier prosjektleiar hjå SURF, Wladimir Mufty.

Pilotprosjektet er eit ledd i ein større plan i den nederlandske kunnskapssektoren om å ta tilbake noko av styringa over dei digitale verktøya som blir brukte.

– Vi er opptekne av funksjonalitet, men også av verdiar som autonomi, rettferd, tryggleik og etterrettelegheit. Når kunnskapssektoren brukar plattformer som plutseleg endrar seg, spør ein seg kva som kan gjerast. I dette tilfellet såg vi at Mastodon er eit veletablert alternativ til Twitter og er bygd på verdiar vi meiner er viktige, seier Mufty.

Pilotprosjektet skal avdekke både kva brukarane ønskjer seg, og korleis den tekniske tilrettelegginga bør vere.

– Alle lands kunnskapssektorar sit med dei same spørsmåla, så dette er noko vi vil dele og utveksle erfaringar frå med andre, seier Mufty.

  • Les også: