Må små forskingsinstitutt fusjonere eller døy?
LUKK

Må små forskingsinstitutt fusjonere eller døy?

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. oktober 2017 kl. 16:19

No må institutt med 20 tilsette konkurrere mot mastodontar med nesten 1000.

Fakta
<
Fusjonsfeberen har herja ved universitet og høgskular, og no har han gripe tak i instituttsektoren. Frå før er det Sintef som har vore den dominerande instituttkjempa i Noreg. I 2015 kom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som etter ei samanslåing av tre statlege institutt også er ein stor aktør. Og frå 1. januar 2018 kjem to nye, gigantiske forskingsinstitutt: Havforskingsinstituttet (HI) og NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking er fusjonerte, og får med dette nærare 1000 tilsette. Samtidig vil det nye storinstituttet på Sør-Vestlandet, som inntil vidare går under namnet Forskningsselskapet Sørvest AS, sjå dagens lys. Også dette blir ein mastodont med over 900 tilsette, og er eit resultat av ein fusjon mellom Uni Research og Christian Michelsen Research i Bergen, IRIS i Stavanger og Agderforskning og Teknova i Kristiansand.

– Utviklinga i sektoren går mot større einingar, og det er for risikabelt å vere eit lite forskingsinstitutt i dag. Trenden er at dei store institusjonane stikk av med oppdraga, seier seniorforskar Migle Helmersen, som er tillitsvald for lokallaget til Forskerforbundet ved Agderforskning.

Helmersen meiner det er positivt å bli del av eit større forskingsmiljø.

– Her ved Agderforskning har vi svært få forskarar innanfor kvart fagfelt. No får vi store fagmiljø, som gjer at vi kan bli ein reell konkurrent til Sintef.

Hovudsetet for det nye instituttet blir i Bergen, men avdelingane blir geografisk der dei er i dag.

– Vi blir ikkje tvinga til å byte arbeidsstad, seier Helmersen.

Vanskeleg å rekruttere

Agderforskning har vore ein pådrivar for den nye storfusjonen.

– Vi har jobba i fleire år med å greie ut ulike modellar for samarbeid med andre forskingsinstitutt. Så vi har vore klare for å få til dette veldig lenge, seier Roger Normann, administrerande direktør i Agderforskning.

– Kvifor kunne de ikkje halde fram aleine?

– Det er ei utfordring å rekruttere til små fagmiljø som vårt. Agderforskning er stasjonert i Agder og Kristiansand, og det er krevjande å få forskarar til å flytte hit. Det at vi no blir del av eit større institutt, vil gjere oss meir robuste med tanke på både marknad og rekruttering.

Det er skilnad på å vere liten og spiss og liten og brei.

Han meiner eit forskingsinstitutt må vere stort nok til å takle svingingane i oppdragsmarknaden.

– Det andre som er vanskeleg for dei små, er forskingsprofilen til Forskingsrådet. Prosjekta har blitt større og meir kompliserte, og det blir stilt store krav til infrastruktur og støtte. Eit lite institutt som vårt fekk problem med å tilby forskarane dette. Vi har blitt kontakta av kommunar og andre på Agder som ønskjer at vi skal vere med på å utvikle større EU-prosjekt. Det skulle vi gjerne ha gjort, men i praksis må vi investere nesten eit årsverk om vi skal lage ein konkurransedyktig søknad. Investeringa hadde blitt for stor, og vi har ikkje våga å gå inn på det, seier han.

Normann trur det er lettare å vere liten i ein større by med god tilgang på akademisk arbeidskraft.

– For dei institutta som greier å spisse seg reint fagleg og utviklar høg kompetanse, vil det kunne gå bra i mange år. Det er skilnad på å vere liten og spiss og liten og brei, seier han.

– Uro i sektoren

I Noreg er det i dag ti regionale institutt, og eitt av dei er Telemarksforsking i Bø, som er ei frittståande stifting.

– Vi sit litt bekymra på gjerdet og ser på alle institutta som slår seg saman med andre institutt eller høgskular. Det er mykje uvisse i sektoren for tida, seier forskar Hanna Nyborg Storm, som også er tillitsvald for Forskerforbundet ved Telemarksforsking.

– Vi har teke eit standpunkt om at vi føretrekkjer å vere sjølvstendige. Men når vi ser at så mange institutt går meir eller mindre frivillig inn i store samarbeidskonstellasjonar, gjer det noko med oss. Det kan bli vanskeleg å vere liten, ikkje minst ute i distrikta, seier Storm. Direktør Karl Gunnar Sanda ved Telemarksforsking fortel at styret og dei tilsette har diskutert problemstillinga over ein lang periode. Men han vil ikkje høyre tale om fusjonspress.

– Det er ikkje noko press, men vi er svært merksame på kva som skjer rundt oss. Fram til no har vi valt å stå aleine, for ei eventuell samanslåing må føre noko godt med seg, seier Sanda.

Eigarane vil ha vekst

– Det er ei forventning frå eigarane om at vi bør vekse, seier Elisabeth Maråk Støle. Foto: Møreforsking

Elisabeth Maråk Støle er direktør for Møreforsking, som lenge har diskutert å alliere seg med andre.

– Vi ser jo at fleire institutt finn saman. Førebels ønskjer vi å fortsetje som eit sjølvstendig institutt, men vi er i dialog med fleire andre institutt om tettare alliansar, seier Støle.

Møreforsking AS er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde.

Heller ikkje Støle vil vedgå at instituttet er under press.

– Dette er i stor grad frivillig. Men både frå eigarane og frå Forskingsrådet er det ei forventning om at vi bør vekse, og dette ligg i botnen for strategien vår. Eg trur alle institutta i Noreg har ein strategi på at dei ønskjer vekst. Dette kan ein få til ved å tilsetje fleire eller fusjonere med andre. Forskingsrådet tildeler også midlar ut frå storleiken på forskingsmiljøet.

Institutta står fritt

– Det blir spennande å sjå korleis storfusjonane vil påverke resten av landskapet, seier Agnes Landstad i FFA. Foto: Heidi Widerøe

Talet på forskingsinstitutt har vore ganske stabilt dei siste ti åra, særleg om ein samanliknar med universitets- og høgskulesektoren, der talet på institusjonar har gått drastisk ned. I 2008 var det 47 institutt som fekk basisløyving, og i 2017 var det 43 (sjå faktaramme). I 2018 blir det færre.

Agnes Landstad, som er dagleg leiar i Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA), seier det heile tida har vore strukturendringar i instituttsektoren.

– Nokre institutt har delt opp verksemda, og andre har fusjonert – alt etter kva eigarane eller stiftingane synest har vore strategisk eller fornuftig. Det som er nytt no, er at vi får nokre svært store einingar, seier Landstad.

Fusjonen mellom Havforskingsinstituttet og NIFES er vedteken av Nærings- og fiskeridepartementet, som eig dei. Men dei aller fleste institutta er sjølvstendige aksjeselskap eller stiftingar.

– Dei gjer sine val ut frå kva eigarane meiner er til det beste for instituttet, seier Landstad.

– Har institutta same fusjonspress som i UH-sektoren?

– Den store skilnaden er at dei statlege institusjonane i UH-sektoren berre har ein eigar, nemleg Kunnskapsdepartementet. I instituttsektoren er det gjerne fleire eigarar, som står fritt til å bestemme. Men det at vi får nokre svært store institutt, vil nok trigge denne typen diskusjonar i sektoren.

– Kan lett sanere små

Eitt av kriteria for å få basisløyvingar frå Forskingsrådet er at instituttet må ha minst 20 forskarårsverk. Forskingsrådet stiller også krav til publisering og at institutta har ein viss andel bidragsforsking, til dømes forsking som er delfinansiert av Forskingsrådet eller EU.

Direktør Sanda i Telemarksforsking synest krava er greie.

– Vi bør publisere på eit visst nivå, og grensa på 20 årsverk er fornuftig. Om Forskingsrådet verkeleg ønskjer å sanere bort små institutt, ville det vore nokså effektivt å heve denne grensa. Mange av institutta ligg omtrent på dette nivået, seier han.