Publisert 26. august 2021
Nord universitet vedtok å leggje ned sjukepleieutdanninga i Sandnessjøen i 2019. Men den private, kristne høgskulen VID stod klar til å ta over. I haust opna utdanninga.
Og studentane lét ikkje vente på seg. Medan søkjartalet til sjukepleieutdanninga gjekk litt ned på landsbasis, søkte nærmare 600 på dei 30 plassane ved deltidsutdanninga i sjukepleie i Sandnessjøen.
– Eg trivst veldig godt her i byen, så det var supert at eg kom inn, seier Ine-Sofi Walther, som er fersk student ved det nye samlingsbaserte deltidsstudiet i sjukepleie. Sist veke møtte ho medstudentane for første gong.
– Det er ein god del veldig unge folk, og mange av studentane kjem frå Helgeland, seier Walther.
Utdanninga skal gå over fire år i staden for tre.
Bård Mæland er rektor ved VID vitenskapelige høgskole:
– VID ønskjer å vere tidleg ute med å satse på desentraliserte utdanningar, i tillegg til dei tradisjonelle utdanningane våre. Dette har ført til rekordstor søkning, fortel han.
For VID satsar ikkje berre i nord. Då Oslomet i 2019 la ned studietilbodet i sjukepleie og vernepleie i Sandvika, var høgskulen raskt på pletten for å ta over også her.
– Vi fekk svært mange søkjarar til dei nye desentraliserte studiestadene som vi starta opp i haust, både på Helgeland og i Sandvika i Bærum. Aller flest søkjarar hadde vi til deltidsutdanninga i vernepleie i Sandvika, som var den nest mest søkte av alle utdanningar i landet, seier han.
Deltidsstudiar er rekna for å passe eldre studentar og folk med familie, men rektoren ser ein annan tendens:
– Det interessante er at alderen på studentane ved deltidsstudiane i gjennomsnitt går ned. I Sandvika er halvparten av studentane under 25 år, og dette vart vi litt overraska over. Mange kjem faktisk direkte frå vidaregåande skule. Det kan sjå ut til å vere ein trend at mange unge menneske ønskjer å kunne jobbe ved sidan av studiane, men likevel kome seg gjennom ganske raskt, seier Mæland.
Han seier trenden er den same på Helgeland.
– Også der er det fleire unge som har vald deltidsutdanning, og kommunane på ytre Helgeland er jo veldig interesserte i å behalde folk i regionen. Av dei 34 studentane som nå startar opp, er 33 frå regionen.
Ine-Sofi Walther har berre så vidt fylt 20 år. I fjor haust reiste ho til Trondheim for å studere pedagogikk ved NTNU.
– På grunn av korona vart eg sitjande veldig mykje aleine på hybelen, og for meg som var førsteårsstudent, vart det temmeleg tungt, seier ho.
Walther bestemte seg for å reise heim att, og fekk seg jobb på sjukeheimen i Sandnessjøen.
– Eg fekk også sommarjobb på fødeavdelinga ved Helgelandssykehuset, og fann ut at sjukepleie var det rette for meg.
No skal ho jobbe på sjukeheimen ved sida av studiane.
– Det blir interessant å sjå kva som skjer etter valkampen, for aldri har vel politikarane snakka så varmt om desentralisert utdanning.
Rektor framhevar det gode samarbeidet med Helgelandssykehuset og kommunane i regionen, som alle har gått tungt inn i satsinga.
– Det er heilt avgjerande for oss at studentane er sikra praksisplass ved sjukehuset og i kommunane rundt.
Mæland seier VID har tett kontakt med ulike regionar og kommunar om fleire desentraliserte tilbod.
– Det blir interessant å sjå kva som skjer etter valkampen, for aldri har vel politikarane snakka så varmt om desentralisert utdanning. VID vil gjerne opprette endå fleire tilbod i distrikta, men per i dag har vi ikkje fleire konkrete planar.
Når VID ønskjer å ekspandere, er det også fordi dei må ha fleire studentar. I vår vedtok nemleg styret at høgskulen skal jobbe aktivt med planane om å bli Noregs første verdibaserte og kyrkjeleg forankra universitet. VID har i dag to doktorgradsprogram, eitt i teologi og religion og eitt program i diakoni, verdiar og profesjonell praksis.
– Vi har no sett i gang arbeidet med eit tredje doktorgradsprogram i helsevitskap, og skal søke Nokut om godkjenning neste år.
– VID har 5300 studentar. Når kan de bli universitet?
– Kanskje i 2026 eller nærare 2030. Det er klart det ville vore ein fordel å bli noko større, særleg med tanke på eit fjerde doktorgradsprogram. Vi skal nok klare det for eigen kjøl, men det hadde gått raskare om vi fusjonerte med andre med ein liknande profil som vår. Vi har tidlegare hatt samtalar med blant andre Dronning Mauds Minne Høgskole, MF vitenskapelig høyskole og NLA Høgskolen om forsterka samarbeid. Eg trur vi alle kan ha mykje å tene på å utvikle eit universitet saman, men ingen av desse har per i dag ønske om å fusjonere. Men ting kan endre seg, seier Mæland.