VID vitenskapelige høgskule: Vil gjerne bli Noregs første kristne universitet
LUKK

VID vitenskapelige høgskule: Vil gjerne bli Noregs første kristne universitet

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. mars 2019 kl. 21:25

VID vitenskapelige høgskule vil gjerne bli Noregs første kristne universitet, men får ikkje med seg partnarar.

– VID har som mål å vekse, slik at vi kan ruste oss til framtida. Vi vil gjerne bli eit kyrkjeleg universitet på sikt, men vi er avhengig av at også andre institusjonar ser nytten av det, seier rektor Ingunn Moser ved VID vitenskapelige høgskule. Høgskulen, som har ei kyrkjeleg forankring, har dei siste åra blitt stadig større. Etter fusjonen mellom Misjonshøgskolen, Diakonhjemmet Høgskole, Haraldsplass diakonale høgskole og Høgskolen Betanien, har også Høyskolen Diakonova og eit par mindre institusjonar gått inn i VID (sjå faktaboks). 

Fakta
<

Forskerforum har tidlegare skrive om at Høyskolen Kristiana har planar om å bli Noregs første private universitet. Også VID drøymer om å bli universitet, men har berre 4 500 studentar. Difor er høgskulen avhengig av å vekse, og at andre likesinna høgskular blir med på laget.

– Om andre høgskular vil fusjonere med oss, er vi opne for det. Men det må vere høgskular innanfor same profilen som vår, seier Moser.

 

Har fleire doktorgradsprogram

VID har akkreditering som vitskapleg høgskule og har allereie to doktorgradsprogram.

– Slik sett kunne vel VID bli universitet mykje tidlegare enn Høyskolen Kristiania?

– Det kunne vi sikkert, men vi kjøper ikkje opp institusjonar og må gå fram på ein annan måte. Dei høgskulane som vil kunne vere interesserte i oss, vil nok ikkje bli kjøpt. Det er ikkje den måten vi nærmar oss andre samarbeidspartnarar på, seier Moser.

 

Fakta: Krav for å bli universitet

  • Må tilby fire doktorgradsprogram som er godt dekkande for institusjonens faglege profil.
  • Må dokumentere at dei tek opp minst 15 doktorgradsstudentar per program over tid.
  • Må dokumentere at dei uteksaminerer i snitt minst fem kandidatar i året over ein treårsperiode i minst to av doktorgradsprogramma.

 

Les også: Blir dette Oslos tredje universitet?

 

Får ikkje med seg andre 

VID må vekse seg større før dei kan bli universitet. Her frå campus Diakonhjemmet i Oslo. Foto: Johanne Landsverk

Rektor ved MF vitskapelege høgskole for teologi, religion og samfunn seier det ikkje er aktuelt for dei å bli universitet. MF har om lag 1300 studentar og to doktorgradsprogram.

– MF ønskjer å fortsetje aleine. Vi trivst veldig godt med å vere akkurat så store som vi er, og vi vil fortsetje som vitskapleg høgskule, seier MF-rektor Vidar L. Haanes.

Han er ikkje redd for meir press frå styremaktene om større einingar.

– Dei vitskaplege høgskulane vart skjerma frå fusjonar. Så MF ønskjer å utvikle seg vidare som ein liten men framifrå forskings- og utdanningsinstitusjon.

Heller ikkje den kristne NLA Høgskolen er klare for å hjelpe VID på vegen mot universitetsstatus.

– På lang sikt kan det vere ei aktuell problemstilling, men førebels har vi 2 500 studentar og ikkje noko doktorgradsprogram. Så det er svært langt dit, seier rektor Erik Waaler ved NLA Høgskolen.  

Etter samanslåing av fire kristne høgskular har NLA i dag studiestader i Bergen, Oslo og Kristiansand.

 

Ønskjer felles doktorgrad 

– Vi har ikkje konkrete planar om fusjon med VID akkurat no, seier Erik Waaler, rektor ved NLA Høgskolen. Foto: NLA Høgskolen

NLA Høgskolen er store på lærarutdanning, og  samarbeider no med VID om å opprette eit felles doktorgradsprogram i utdanningsvitskap.

– Dette vil styrke VID, som då får tre doktorgrader. Så eg håpar vi skal få til dette, seier NLA-rektor Waaler.

– Er det aktuelt å fusjonere med VID?

– Vi snakkar jo saman om ulike framtidssenario, men vi har ikkje konkrete planar om fusjon akkurat no, seier han.

Ikkje fusjonspress utanfrå 

VID vil bli større, men kjenner ikkje på fusjonspress frå styresmaktene.

– Fusjonsdrivet vil kome innanfrå, meiner Moser. – Krava til fagmiljø innan utdanning og forsking er dei same for oss private som for dei statlege. Og om alle andre blir store og sterke, blir vi relativt sett svakare.

Waaler ved NLA Høgskolen seier krava er utfordrande.

– Det er rammevilkåra som pressar oss. Staten har fått nokre få store institusjonar, og veldig få små står igjen. Utfordringa for oss som er små er å klare alle dei nye krava styresmaktene set til kompetanse og akkreditering av utdanningar, seier han.