Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Dei kristne høgskulane slår seg saman

Fire kristne høgskular fusjonerer til éin. Dei tilsette gler seg, men er spente på vilkåra.

– Som vitskapleg høgskule må vi ha gode forskingsvilkår, seier rektor Ingunn Moser. Foto: Nicolas Tourrence
dei-kristne-h-gskulane-sl-r-seg-saman

Fire kristne høgskular slår seg saman til VID vitenskapelige høgskole. VID står for vitskapleg, internasjonal og diakonal. Her frå Diakonhjemmet i Oslo.

Fakta
<

– Som ein stor vitskapleg høgskule kan vi utvikle sterke fagmiljø, seier Ingunn Moser, rektor ved Diakonhjemmet høgskole. Frå 1. januar 2016 er ho rektor ved VID vitenskapelige høgskole, som er eit resultat av at fire kristne høgskular slår seg saman:  Diakonhjemmet høgskole i Oslo og Sandnes, Høgskolen Betanien og Haraldsplass diakonale høyskole i Bergen og Misjonshøgskolen i Stavanger.

Moser fortel at Diakonhjemmet høgskole i mange år har søkt eit forpliktande samarbeid med andre høgskular i same tradisjonen.

– Vi skjønte at vi var for små lenge før Røe Isaksen la fram dei nye krava til større institusjonar i statleg sektor. Motivasjonen vår kjem innanfrå. Vi ønskjer å styrke kvarandre og byggje opp eit sterkare læringsmiljø innan fagområda våre.

Spente tilsette

Av dei fire institusjonane er det berre Misjonshøgskolen (MHS) som hadde status om vitskapleg høgskule frå før. Torstein Jørgensen er leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved MHS:

– Vi gler oss, men vi er spente. Fusjonen har støtte i organisasjonen, også blant dei tilsette her ved MHS. Men vi lurer sjølvsagt på kva som skjer med arbeidsvilkåra, som lønnsutjamning og vilkår for forsking. Det ligg an til at alle i førstestillingar og professorar får ei ordning med 40 prosent undervisning, 40 prosent forsking og 20 prosent administrasjon, som er den ordninga ein har hatt ved MHS, seier Jørgensen.

Han seier dei tilsette ved MHS er opptekne av at teologi som fagdisiplin skal få ein framskoten plass i den nye organisasjonen.

– Akkrediteringa som vitskapleg høgskule kviler på dette faget.

– Må søkje om tid

Rektor Moser seier høgskulen må samordne vilkåra både når det gjeld lønn og rett til forsking.

– Vil forskingstida ved MHS bli ført vidare?

– Ikkje på same måten. Vi ønskjer eit system med normer for ulike stillingskategoriar, men der ein søkjer om forskingstid og rapporterer. Dei med høg forskingsproduksjon vil då også kunne få meir enn norma.

Ifølgje Moser er målet å oppnå vitskapleg høgskolenivå på tvers av alle fagområda.

– Det får vi til med doktorprogramma ved Diakonhjemmet og MHS.

– Men oppfyller de dei nye krava?

– MHS har eit stabilt tal på 30 stipendiatar i programmet sitt, og Diakonhjemmet har i dag 22. Vi må utseksaminere fem kandidatar i året over ein treårsperiode, og det vonar vi å klare på sikt. No får vi større rekrutteringsgrunnlag, og vi er i samtalar med Høgskolen Diakonova i Oslo, som vi vonar blir med i fusjonen, seier ho.

Her kan det bli streik neste fredag

Forskningsbudsjettet krympes med over en halv milliard kroner

Liza Reisel er forsker 1 ved Institutt for samfunnsforskning i Oslo. Foto: Julia Loge

Akademisk skriving er fullt av uskrevne regler. Liza Reisel sitter på oppskiften.

UiT-ansatt etterforskes for mulig millionsvindel

Hvordan sikre en levelig startlønn? UiB har lagd en modell.

– Tilhengere av særlig uavhengige stillinger gjør seg selv en bjørnetjeneste

Aasland styrker klimaforskning som trues av Trump

Canvas-leverandør ble hacket – har betalt løsepenger

Lukk meny