Blir dette Oslos tredje universitet?
LUKK

Blir dette Oslos tredje universitet?

Av Johanne Landsverk

Publisert 20. februar 2019 kl. 22:41

Høyskolen Kristiania vil bli Noregs første private universitet, men har ein lang veg å gå.

– Det finst ikkje éin privat høgskule vi ikkje er interessert i å snakke med. Når vi ser kva som skjer i sektoren, kan ikkje dei små private sitje lukkelege og aleine, seier rektor Arne H. Krumsvik ved Høyskolen Kristiania. I dag har den private høgskulen 10 000 studentar, og målet er å doble studenttalet. Planen er å bli Noregs første private universitet innan 2030. 

Fakta
<

Dei siste åra har Høyskolen Kristiania kjøpt opp fleire høgskular, den siste var Westerdals Oslo ACT i 2017.

– No er Norges dansehøyskole på veg til oss, og vi nærmar oss ein fusjon med Musikkteaterhøyskolen.

– Så du vil ta imot alle?

– Eg har ikkje noko imot det, for eit stort privat universitet kunne vere ein god utfordrar til dei statlege, som er veldig godt finansierte, seier Krumsvik.

Siklar på Deichman

Aftenposten skriv at Høyskolen Kristiania ønskjer å kjøpe bygget til Deichmanske bibliotek, som snart blir ledig når biblioteket flyttar til nye lokale.

– Vi har behov for større plass, så vi har meldt interessa vår. Deichman har ei fantastisk plassering midt i Oslo og kan vere godt eigna for undervisning. Det hadde jo vore eit flott signalbygg for universitetet, seier Krumsvik.

Han seier det ideelle for høgskulen er å etablere fleire lokale i same området.

– I eit bygg som Deichman er det ikkje plass til alle. Alternativet er å samle alt i eitt nybygg, men vi ønskjer å ligge sentralt i Oslo. Det trur eg er eit konkurransefortrinn, både for å rekruttere studentar og tilsette.

– Men kvifor er det så viktig å bli universitet?

– I framtida har vi kanskje ein struktur med berre fagskular og universitet, og vi ønskjer å høyre til begge stader. Vi har ambisjonar om å bli eit arbeidslivsuniversitet der vi tilbyr utdanning frå fagskule til doktorgrad.

Retta mot arbeidslivet

Krumsvik seier høgskulen er i ferd med å peike ut kva for doktorgrader som skal vere på plass i 2025.

– Vi har ambisjonar om å bli eit arbeidslivsuniversitet der vi tilbyr utdanning frå fagskule til doktorgrad, seier rektor Arne H. Krumsvik ved Høyskolen Kristiania. Foto: Høyskolen Kristiania

– Det er for tidleg å definere alle fire doktorgradsprogramma, men i løpet av våren skal vi bestemme dei to-tre første. Vi har fire bein å stå på: Kunst og design, der vi  samarbeider med fleire universitet om eit doktorgradsprogram i kunstnarisk utvikling. Dei andre satsingsområda er kommunikasjon og leiing, økonomi og teknologi – og helsevitskap.

Alle utdanningane ved høgskulen er retta mot arbeidslivet.

– Difor skal vi kalle oss eit arbeidslivsuniversitet.

Fakta: Krav for å bli universitet

  • Må tilby fire doktorgradsprogram som er godt dekkande for institusjonens faglege profil.
  • Må dokumentere at dei tek opp minst 15 doktorgradsstudentar per program over tid.
  • Må dokumentere at dei uteksaminerer i snitt minst fem kandidatar i året over ein treårsperiode i minst to av doktorgradsprogramma.

Kjelde: Kunnskapsdepartemetnet 

– Må spele etter same reglane

Karl-Fredrik Tangen, som er førstelektor ved Høyskolen Kristiania, har tidlegare vore sterkt kritisk til høgskular som søkjer universitetsstatus.

– Eg er fortsatt kritisk til eit system der alle skal bli universitet, fordi det er del av ei overakademisering av verda, der det akademiske lukkar seg inn i si eiga boble. Det er trist at vi ikkje lenger har sjukepleiehøgskular og ingeniørhøgskular. Men dette skjer i heile sektoren, og vi må spele etter dei reglane som er laga. Då er det inga bønn: «anten spise og bli universitet eller bli spist», seier Tangen.

– Blir Kristiania eit annanrangs universitet?

– Nei, det veit eg ikkje, men når alle skal bli universitet, må nokre av dei bli annanrangs. Di lenger vekk frå byen og di lågare opptakskrav eit universitet har, di dårlegare er statusen. Det er opplagt at Høyskolen Kristiania startar på botnen av hierarkiet. Vi har lågare opptakskrav enn Handelshøyskolen i Bergen, og vi har eit stykke att til same kulturelle prestisjen som Teaterhøgskolen og Kunstakademiet.

Kravet er fire doktorgradsprogram

Tilsynsdirektør Øystein Lund i Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) seier private høgskular må rette seg etter same krav som dei statlege.

Nokut er det organet som gjer den faglege vurderinga om ein høgskule kan bli universitet, medan det er regjeringa som reint formelt godkjenner nye universitet.

– Nokut er fargeblinde når det gjeld eigarform. Når det gjeld krav til kvalitet, stiller vi akkurat same krav til private som til statlege institusjonar, seier han.

Dette er første gongen ein privat høgskule i Noreg satsar på å bli universitet.

– Vi har ein del vitskaplege høgskular som har gjort same jobben, men då innanfor eitt eller to fagområde, seier Lund.

Han er ikkje overraska over universitetsplanane til Høyskolen Kristiania.

– Dei er godt i gang med marknadsføringa, men dei skal jo levere også. Kravet er fire doktorgradsprogram, og førebels har dei ingen. Først må programma etablerast, og deretter få dei til å fungere. Og etter tre år må høgskulen ha sendt ut femten kandidatar frå to av doktorgradsprogramma. Dette tek minimum fem-seks år. Deretter tek det minst eitt år å søke om universitetsstatus.

  • Les også: