Digital undervisning: Ansvarskjensla og motivasjonen gjekk ned
LUKK

Digital undervisning: Ansvarskjensla og motivasjonen gjekk ned

Av Johanne Landsverk

Publisert 25. august 2020 kl. 16:21

Studentane er ikkje nødvendigvis misnøgde med digital undervisning, men dei saknar det sosiale miljøet, viser ei undersøking ved Universitetet i Agder.

– Ifølgje studentane har læringsutbyttet vore dårlegare denne våren. Heldigvis, får ein vel seie. Elles hadde det stått ganske dårleg til med den ordinære undervisninga! Dette seier Morten Brekke, viserektor for utdanning ved Universitetet i Agder (UiA).

Han var blant innleiarane under eit frokostmøte som var arrangert av Nokut– Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga tysdag. Temaet var korleis ein kan sikre at studentane får den utdanningskvaliteten dei har krav på når undervisninga i større grad er digital. Og kva erfaringar kan ein ta med seg etter denne våren?

Brekke fortalde om erfaringa med digital undervisning ved UiA og om ei kartlegging blant studentane ved universitetet. Dei fekk blant anna spørsmål om korleis dei opplevde den digitale undervisninga i vår.

– Studentane ønskjer seg eit sosial og fagleg miljø, så dette jobbar UiA mykje med å få til i haust, seier Morten Brekke. Foto: UiA

I undersøkinga kom det fram at studentane ikkje nødvendigvis er misnøgde med undervisninga.

– Men eit gjennomgåande trekk er at studentane helst ville ha vore fysisk til stades på studiestaden. Dei saknar å vere i lag med studentvennene sine. Ansvarskjensle og motivasjon har gått betrakteleg ned. Og det tyngste for studentane er å ikkje kunne få vere i eit fagmiljø, fortel Brekke til Forskerforum.

Dårlegare læringsutbytte

Når det gjeld digitale førelesingar, føretrekker UiA-studentane dei asynkrone førelesingane, som er ferdig innspelte og som ein kan spele av når ein sjølv vil.

– Svara i undersøkinga viser store sprik, men studentane synes stort sett at undervisninga og læringsutbytte var dårlegare enn før. Det er vanskeleg å seie om dette er fordi sjølve førelesingane var dårlegare eller om det er fordi studentane vart sitjande isolerte, seier Brekke.   

Han meiner likevel det har gått ganske bra med den digitale undervisninga ved UiA.

– I teknologiske fag, som eg sjølv underviser i, har vi streama førelesingar i over ti år, så ein del forelesarar er vane med digital undervisning. Ved UiA har vi mange som er ekspertar, medan andre nesten må hjelp til å kome inn på PC-en. Så for dei sistnemnde vart det ei bråvakning denne våren.

UiA-studentane vil helst ha ferdig innspelte førelesingar som ein kan spele av når ein sjølv vil. Foto: Shutterstock

Krevjande for fagskulestudentar

Under Nokut-frokosten fortalde analysedirektør Ole-Jacob Skodvin i Nokut om studiebarometeret for fagskulestudentar, som viser mange liknande resultat som ved UiA. Spørjeundersøkinga vart sendt ut 12. april. Då hadde studiestadene vore stengde i over ein månad. Gjennomsnittsalder for fagskulestudentar er 32 år, og berre 57 prosent følgjer undervisning på campus. Dei andre følgjer samlingsbaserte utdanningar og nettbaserte utdanningar.

– Særleg campusstudentane svarar at nettundervisning er lite motiverande, og at dei saknar god rettleiing. Desse studentane er ofte godt vaksne, og heimeskole og heimebarnehage har gjort studiane vanskeleg. Mange har deltidsjobb, og har ikkje fått dagpengar, så for mange fagskulestudentar har denne våren vore svært krevjande, fortalde Skodvin.

Eit gjennomgåande trekk er også her at studentane meiner kvaliteten på undervisninga er dårlegare, og at læringsutbyttet ikkje er godt nok.

UiA leiger kino og restaurant

Brekke ved UiA fortalde om korleis universitetet ønsker å sikre god undervisning til hausten. For medan enkelte universitet satsar berre på digital undervisning, vil det ved UiA bli ein kombinasjon av fysisk frammøte og digital undervisning.

– Vi bestemte tidleg at hausten skal vere campusbasert, noko som baud på store utfordringar. Blant anna har vi målt opp alle romma på studiestadene i Kristiansand og Grimstad saman med kommunelegen. Der får vi ikkje plass til alle studentane, så difor har vi leigd plassar på kino og teater, og vi har gjort avtale med restaurantar og kulturhus der grupper av studentar kan få sitje og jobbe utan å kjøpe noko. Fram til no har dette fungert utruleg bra, fortalde Brekke.

Les også: