– Engelsk er ikkje eit nøytralt vitskapleg språk
LUKK

- Engelsk er ikkje eit nøytralt vitskapleg språk

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. februar 2014 kl. 09:13

Vitskapleg publisering på engelsk aukar over heile verda. Det inneber at visse former for kunnskap døyr ut, åtvarar forskarar.

--engelsk-er-ikkje-eit-n-ytralt-vitskapleg-spr-k


Forskerforum tek i ein serie artiklar opp språksituasjonen i forsking og høgare utdanning. (Faksimile av nr. 8/2013.)

--engelsk-er-ikkje-eit-n-ytralt-vitskapleg-spr-k


– For meg ser det ut som dei skandinaviske landa oppfattar det anglosaksiske vitskapssynet som det einaste gyldige, seier Karen Bennett.

--engelsk-er-ikkje-eit-n-ytralt-vitskapleg-spr-k


– Eg meiner temaet i ein artikkel og graden av poesi i språket må stå i høve til kvarandre, seier Johan Tønnesson. Foto: Ram Gupta

Fakta
<

– Vi er på veg inn i ein monokultur, der alle tileignar seg den same konseptuelle forståinga av røyndomen som ein har i den anglosaksiske delen av verda, seier omsetjar og forskar Karen Bennett.

Tilpassar seg engelsk

Det er godt dokumentert at engelsk dominerer i forsking og høgare utdanning. Det kjem delvis av eit sterkt press i retning av å publisere internasjonalt – som stort sett er synonymt med å publisere på engelsk. Spreiinga av engelsk inneber på den eine sida at utviklinga av det engelske språket no først og fremst skjer på den internasjonale arenaen, ikkje mellom morsmålsbrukarane, slik Forskerforum skreiv i nr. 10/2013. På den andre sida inneber det at forskarar som ikkje har engelsk som morsmål, har større vanskar med å bli publiserte i engelskspråklege tidsskrift. Det kjem både av at dei gjerne ordlegg seg på ein litt u-engelsk måte, og av at forskingstemaet deira ofte ikkje blir vurdert som «internasjonalt nok».

Karen Bennett er engelsk, men har arbeidd i Portugal i mange år, først som omsetjar, sidan som omsetjingsforskar. I arbeidet med å omsetje forskingsartiklar til engelsk oppdaga ho at ho ofte måtte skrive dei om til det ukjennelege for at dei skulle bli akseptable for engelskspråklege tidsskrift. Ho vart interessert i kvifor det var slik, og enda med å ta doktorgrad på spørsmålet.

– Eg trur at innanfor dei romanske språka finn du ei heilt anna tilnærming til kunnskap enn du gjer i den engelskspråklege verda. Hypotesen min er at denne skilnaden kan førast attende til før den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet, seier ho.

Fakta og presisjon

Med den vitskaplege revolusjonen vart merksemda flytta frå mennesket til verda utanfor mennesket, frå subjektiv erfaring til objektive fakta. Med det følgde ein akademisk diskurs kjenneteikna av hierarkisk strukturerte argument, presise definisjonar og økonomisk ordbruk, og eit objektivt og passivt språk som skil klart mellom fakta og tolking. Teksten skulle vere enkelt organisert med tydeleg innleiing, utdjuping og konklusjon – det som i dag har utvikla seg til å bli den såkalla IMRAD-modellen (Introduksjon, Metodar, Resultat og Diskusjon).

For meg som skriv både engelsk, spansk og svensk, så er det tre ulike måtar å skrive på.

– Den vitskaplege revolusjonen slik han tok form i England på 1600-talet, heng i hop med protestantisk kultur. Protestantane hevda kvart menneske sin rett til direkte tilgang til Gud, utan bruk av symbol og mellommenn. På same måten hevda vitskapsfolk at ein kunne få direkte tilgang til verda gjennom sansane. Humanistane, på den andre sida, meinte at ein berre kunne få tilgang til kunnskap om verda ved å bruke språket som medium. Dette er to radikalt ulike måtar å forstå verda på, og etter kvart som den første måten spreier seg gjennom bruken av det engelske språket, blir den andre måten utradert, seier Bennett.

– Fordel med fleire språk

Cecilia Alvstad, førsteamanuensis i spansk ved Universitetet i Oslo, er kjend med argumenta til Bennett, og ho kjenner seg att i dei.

– For meg som skriv både engelsk, spansk og svensk, så er det tre ulike måtar å skrive på. Engelsk har svært høge krav til presisjon og stringens. Eg oppfattar spansk som ein meir assosiativ skrivemåte. Ein nyttar fleire underordna setningar og byggjer opp lengre resonnement i same setning. Det gjer at om ein skriv på den «spanske måten» på engelsk, kan det bli oppfatta som upresist. Skriv ein på den «engelske måten» på spansk, kan det høyrest fattig og barnsleg ut, seier Alvstad, som presiserer at ho snakkar utifrå si eiga røynsle.

Ho er samd i at spreiinga av engelsk gjer at visse typar kunnskap forsvinn.

– Reint personleg kjenner eg det som ein fordel å skrive på fleire språk, fordi eg får hjelp til å tenkje i fleire retningar. Det har med tradisjonane som ligg bakom språka å gjere. Men engelsk er jo det universelle forskingsspråket, og hadde det ikkje vore det, ville ikkje dei ulike tradisjonane hatt nokre kryssingspunkt i det heile. Ein kan ikkje kommunisere berre på sitt eige språk.

Kunnskap gjennom retorikk

Karen Bennett fortel at då ho byrja som omsetjar, møtte ho ofte frustrerte forskarar som tykte at deira eiga røyst vart borte når artiklane deira vart omsette til engelsk.

– I Portugal, og andre land som står i ein katolsk tradisjon, lærer ein klassisk retorikk i skulen. Det er eit teikn på kompetanse og autoritet å meistre eit språk som er komplekst og rikt på vokabular, som er litterært og figurativt og som framkallar bilete og kjensler. Det er ein sterk kulturell tradisjon for å formidle kunnskap gjennom eit slikt språk, meiner ho.

Men den som skriv slik, vil aldri få innpass i eit engelskspråkleg vitskapleg tidsskrift. I staden vel mange å publisere i til dømes Brasil, eller å få artiklane omsette til fransk eller spansk. Det vil seie at det finst kunnskapsstraumar som går den anglosaksiske verda hus forbi.

– Så båe partar tapar på einsrettinga, konkluderer Bennett.

Det er sjølvsagt hardt å skulle svelgje at engelsk, med sine sterke poesitradisjonar, ikkje skulle ha ei opning for det poetiske i sakprosaen.

Ja til sjangerfornying

Professor i sakprosaforsking og redaktør for tidsskriftet Sakprosa, Johan Tønnesson, tykkjer det er interessant å reflektere over om det er sjølve den engelske skrifttradisjonen som legg føringar i retning av eit naturvitskapleg kunnskapssyn.

– Georg Johannessen har gjort norske lesarar merksame på skilnaden mellom ein engelsk og ein fransk essaytradisjon, representert ved høvesvis Francis Bacon og Michel de Montaigne. Eg ser at Karen Bennett etterlyser det poetiske i språket, og det er sjølvsagt hardt å skulle svelgje at engelsk, med sine sterke poesitradisjonar, ikkje skulle ha ei opning for det poetiske i sakprosaen. Men samanliknar du ein franskspråkleg filosofisk artikkel med ein engelskspråkleg, så er det oftast mykje meir poesi i den franske. Det er klart at innanfor vitskap har Bacon gått sigrande ut.

Som tidsskriftredaktør vil han gjerne vere med på å oppmode til sjangerfornying, og han ser ingen grunn til at alle skal leggje seg inn under IMRAD-strukturen. Han meiner likevel at Bennett går for langt i å hylle det subjektive og ikkje-dokumenterbare. I staden tek han til orde for det han kallar eit «etterrettelegheitsregime».

Må diskutere normene

– Eg meiner det må gjelde for all vitskapleg kommunikasjon, inkludert humaniora, at lesaren skal vere trygg på at forfattaren strekkjer seg mot å vere etterretteleg. Innan filosofi kan det bli verre, mange store filosofar står nær poesien – det handlar som eit «eg» som er i dialog med seg sjølv om dei store spørsmåla i livet, og kor etterretteleg kan det bli? «Epistemisk alvor» er foreslått som eit omgrep som skil mellom eit filosofisk essay som berre er uforpliktande lause tankar, og eit filosofisk essay som forpliktar seg i høve til ein kunnskapstradisjon.

Tønnesson trur ikkje det er tvil om at kombinasjonen av engelsk og naturvitskapleg tradisjon har påverka norsk humaniora. Mange opplever at det som gjev karrieremessig utbyte, er dei sjangrane som blir framelska i engelskspråklege internasjonale tidsskrift.

– Når det er sagt, så tykkjer eg det er bra at det finst eit felles språk, og det er viktig at ein internasjonalt diskuterer seg fram til gode normer for vitskapleg publisering. Problemet er at normene har lett for å oppstå av seg sjølv. Difor er eg glad for at slike som Bennett gjev oss høve til å reflektere omkring dei.