Folket vil ha økonomi og administrasjon
LUKK

Samordna opptak:

Folket vil ha økonomi og administrasjon

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 30. april 2025 kl. 15:58

– Ikkje alle som går her har ein toppleiar i magen. Men eg trur mange av dagens unge har eit ønske om å gjere noko meiningsfullt, seier prorektor Bendik Meling Samuelsen ved BI.

Aktuelt intervju: Denne veka kom årets søkartal til høgare utdanning, og spenninga var som vanleg stor: Får vi dei sjukepleiarane, lærarane og ingeniørane samfunnet så desperat har bruk for? Årets tal viser ein fenomenal auke i søkinga til sjukepleie. Men bakom helsefaga er det først og fremst økonomar vi får. Økonomi, administrasjon og leiing er studieområdet med flest førstevalssøkarar etter helsefaga, og søkinga aukar år for år. Desse faga kan også skilte med flest planlagde nye studieplassar nasjonalt.

Den private høgskulen BI er mellom dei største tilbydarane av utdanning i økonomi, administrasjon og leiing (heretter: økadm), og kunne melde om fleire søkarar enn nokon gong. Bendik Meling Samuelsen, prorektor for utdanning ved BI, trur fleksibiltet er ein viktig nøkkel for å forstå populariteten til fagområdet.

Fakta
Kven: Bendik Meling Samuelsen, prorektor for utdanning ved BI.

Aktuell med: Økonomi-, administrasjons- og leiingsfag blir stadig meir populære, og BI har fleire søkarar enn nokon gong.

Kvifor vil stadig fleire studere økonomi, administrasjon og leiing?

– Det er ei brei utdanning som gjer at ein ved endt utdanning kan jobbe med veldig mykje forskjellig og i mange ulike verksemder, både offentlege og private, store og små. Og det er fag som er relativt godt eigna for modulbaserte og fleksible utdanningsløp. Tala frå Samordna opptak viser at også ved dei offentlege institusjonane har ikkje-stadsbaserte økadm-utdanningar mange søkarar.

Og kvifor vil så mange studere slike fag ved BI, heller enn ved ein offentleg institusjon utan studieavgift?

– Vi ser ein tendens til at studentar søker seg til dei større studiebyane, og innanfor økadm er tilbodet relativt avgrensa ved dei offentlege institusjonane. Vi ser at slike utdanningar ved til dømes NHH og Oslomet gjer det veldig bra og har høge poenggrenser, dei har berre nokså få studieplassar samanlikna med etterspurnaden. BI har ei lang historie og eit kjent merkenamn, så når du går ut med eit vitnemål herifrå, veit mange på arbeidsgjevarsida kva du har å fare med.

Økonomi og administrasjon har hatt eit rykte for å vere fagområdet for dei som ikkje veit kva dei vil. Stemmer det?

– Eg trur det ligg i DNA-et hos oss at vi ikkje er så opptekne av kvar du kjem frå. Vi er ein stad der alle som ikkje heilt har bestemt seg, som lurar litt, har eit handlingsrom. Og vi får heile tida råd frå arbeidsgjevarsida om kva som rører seg og kva for relevante nye kompetansar vi bør vurdere.

Og kva er det som rører seg akkurat no?

– Det er jo mykje kunstig intelligens. Både korleis ein kan bruke det som ei grunnleggjande ferdigheit, kva det er og ikkje er. Men også meir disiplinbasert, korleis det blir nytta i finans, i marknadsføring, i rettsvitskap. Arbeidsgjevarar er tydeleg på at kandidatane no må vere utstyrt med ferdigheiter knytta til KI, inkludert dei juridiske og etiske aspekta. Og så er dei sjølvsagt opptekne av at studentane skal etablere gode samarbeidsevner og kunne kommunisere på tvers av disiplinar. Mange av problemstillingane verksemdene jobbar med til dagleg, er samansette, dei kan ikkje kategoriserast innanfor bedriftsøkonomi eller marknadsføring eller liknande. Det utfordrar til å finne nye læringsaktivitetar som må oppdaterast for å vere i samsvar med marknaden. Samstundes er basiskunnskapane innanfor dei grunnleggjande økonomiske disiplinane rimeleg stabile og noko vi som institusjon har ansvar for å vidareutvikle gjennom vår store forskingsaktivitet. Historisk har kanskje ikke folk tenkt på BI som ein institusjon med forskarar som publiserer i dei tyngste internasjonale tidsskrifta, men i dag er vi det.

Ikkje berre vil stadig fleire studere økadm, ei undersøking for nokre år sidan viste at åtte av ti unge vil bli leiarar. Får vi eit samfunn der færre vil utøve ein profesjon, og alle vil leie profesjonsutøvarane?

– Eg trur fellesnemnaren heller ligg i at mange har ein ambisjon om starte noko eller lage noko sjølve. Ikkje alle som går her har ein toppleiar i magen. Men eg trur veldig mange av dagens unge har eit ønske og motivasjon om å gjere noko som er meiningsfullt, og vi som er litt eldre kan av og til slite med å forstå kva som er meiningsfullt for dei, utan å bli normative.

Økadm-utdanningane har fått kritikk for å vere einsretta og ha for stor definisjonsmakt i samfunnet. Kva tenkjer du om det for dykkar del?

– Vi forstår at vi har eit veldig stort ansvar, som vi tek alvorleg. Vi var dei første i Norden som etablerte masterprogram innanfor berekraftig finans og har vore medlem av PRME-initiativet – Principles for Responsible Management Education – i mange år. Vi har definert ein overordna læringsutbyteprofil som inneber at alle utdanningane våre skal integrere berekraft, mangfald, inkludering i kursa. Det er nyttig for å seie noko om kva vi reknar som verdiane våre, utan at det går ut over den akademiske fridomen.

Kor mange økonomar har vi eigentleg bruk for?

– Du finn dei mange ulike stader, det ser du på kvar dei som tek etter- og vidareutdanning hos oss, kjem frå. Mange er i offentleg sektor. Mange har vore fagspesialistar, så hamnar dei i ei eller anna leiarstilling og oppdagar at sjølv om dei kan faget, så kan dei ikkje noko om leiing. Vi er til dømes veldig store på etter- og vidareutdanning innanfor skule- og barnehageleiing, som kanskje ikkje er noko mange assosierer med BI. Også innanfor helsesektoren er det veldig mange som får leiarutdanninga gjenom oss, og vi har vidtfemnande forskingsprogram saman med det offentlege og private helsesystemet. Så når du spør kor mange økonomar vi treng, vil eg heller snu det og spørje: Kor mange arbeidsoppgåver har vi i samfunnet som krev ei forståing for leiing, drift og utvikling?

  • Les meir: