Fusjonsreisa

Av Johanne Landsverk og Aksel Kjær Vidnes (foto)

Publisert 4. november 2015

Etter fusjonane har mange fått reising på timeplanen, på godt og vondt.

fusjonsreisa

fusjonsreisa

Bussen går! Det er tidleg måndag morgon utanfor høgskulebygget på Kjeller. Ei handfull tilsette stig inn i den vesle skyttelbussen som skal frakte dei til Oslo og hovudsetet for Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) i Pilestredet. Dei er ein fast gjeng på bussen.

– Tysdagar er det fleire her. Men vi er dei faste kundane, seier Canisius Habyarimana. Han er seniorrådgjevar i sentraladministrasjonen ved HiOA, og no skal han på møte i byen.

– På bussen blir vi kjende på tvers av fag og arbeidsstad, og vi har fast sjåfør, som er veldig hyggeleg.

Gjengen på bussen er heldige, for samanlikna med mange andre fusjonerte høgskular er avstanden kort til hovudcampus i Oslo. Mange nye fusjonar kjenner ingen grenser når det gjeld geografi, og 40 eller 60 mil til nærmaste kollega er snart normalen.

– HiOA er jo ikkje eit dramatisk eksempel på dette med avstandar. Bussen bruker ein halvtime inn til Oslo. Men for mange er det mentalt veldig langt frå P35 til P46 også, seier Gunnar H. Gundersen, og siktar til to ulike adresser i Pilestredet, der HiOA held til. Gundersen er leiar ved Institutt for produktdesign på Kjeller.

Avstanden frå Steinkjer til Bodø med bil er 601 kilometer.

Etter fusjonen mellom Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus har bussen gått att og fram mellom dei to studiestadene tre gonger om dagen. Det er eit samarbeid mellom HiOA og Universitetet i Oslo (UiO), og ein av turane køyrer bussen også mellom UiO og forskingssenteret Unik på Kjeller.

– Dette er eit gratis tilbod til oss tilsette, først og fremst for at vi skal kome oss fram og tilbake til møte i Oslo eller omvendt. Men i løpet av dei fire åra eg har vore instituttleiar, har fakultetet berre hatt eitt leiarmøte på Kjeller, seier Gundersen. Avstanden er altså lengre mellom Oslo og Kjeller enn mellom Kjeller og Oslo.

– Meiningslaust langt

I campus Steinkjer ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) sit Espen Leirset på kontoret sitt. Han er høgskulelektor i statsvitskap ved HiNT.

– Eg sit og ser på Google maps at avstanden frå Steinkjer til Bodø med bil er 601 kilometer. Det er same avstanden som frå Steinkjer til Oslo. Ser du reint geografisk på det, er det meiningslaust langt, og vi kunne like gjerne bli slått saman med Høgskolen i Oslo, seier Leirset.

For nyleg vart det vedteke at HiNT og Universitetet i Nordland (UiN) slår seg saman, og toppleiinga, ja, den blir plassert i Bodø.

– Det er ein raritet for Noreg at ein organiserer universiteta heilt på tvers av store geografiske avstandar. Om ein definerer avstand ut som eit kriterium, opnar det seg eit hav av moglegheiter for store institusjonar. Då er det ingen grunn til at ikkje universiteta i Bergen, Trondheim og Oslo skulle slå seg saman.

Det som gjer Leirset betenkt, er likevel ikkje avstanden, men fusjonsvedtaket ved HiNT, og at det først i 2019 blir klart korleis strukturen ved det nye universitetet vil bli. Som dei fleste Forskerforum har snakka med i denne saka, er han meir oppteken av andre sider ved fusjon enn all reisinga:

– UiN har i dag fire fakultet med kvar si doktorgradsutdanning, medan HiNT ikkje har doktorgradsutdanning i det heile. Slik sett blir HiNT den svake parten, og det er vanskeleg å kome utanom at tyngdepunktet blir i Bodø. Men vi snakkar ikkje same dialekten, og Nord-Trøndelag er eit senterpartifylke der sjølvråderetten er viktig. Så i utgangspunktet er det jo ein framand tanke for oss trønderar å bli fjernstyrte frå Bodø.

Leirset er ikkje uroa over avstanden, for det er ganske bra flydekning mellom Værnes og Bodø.

– Det er omtrent like praktisk å reise til Bodø som til Oslo. Og dei har jo klart det i Tromsø, då.

Sponsar SAS og Widerøe

På flyplassen i Alta står Wenche M. Kjæmpenes og ventar på flyet til Tromsø. Ho er dekan ved Finnmarksfakultetet, som ligg under Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Fusjonen mellom Høgskolen i Finnmark og Universitetet i Tromsø har ført til mykje møteverksemd og reising på leiarnivå, først og fremst frå Alta til Tromsø.

– Det har blitt mykje reising, ja. Vi har sponsa SAS og Widerøe sterkt i den fasen vi har vore inne i. Eg reiser til Tromsø minst ein gong kvar fjortande dag, for annankvar tysdag møtest dekanane og universitetsleiinga. I Tromsø har eg eit kontor eg kan sitje på, og eg brukar dagen ganske aktivt til å knyte nettverk og lage avtalar, seier Kjæmpenes.

[wip4: photo=751948 width=512 align=middle]

Med mange campusar i lang avstand frå kvarandre er det viktig med god planlegging.

– Ein må planlegge møteverksemda slik at ein unngår å flytte møte i siste liten. Etter fusjonen har det vore viktig å bruke tid på å bli kjend med universitetsstrukturen og dei nye aktørane. Etter kvart som vi lærer å kjenne den nye institusjonen, blir det lettare å prioritere. Det kjem nok eit tidspunkt der vi vil bruke teknologi som Skype endå meir, rett og slett for å spare tid. Lyd og bilete kan fungere utmerkt, men ikkje ved større diskusjonar, meiner ho.

Reising tek tid. Men det er likevel lett å kome seg frå Alta til Tromsø.

– Eg reiser herifrå halv åtte med flyet, og er tilbake klokka halv seks. Dei aller fleste møte på dekannivå er i Tromsø. Men det blir spennande no når også Narvik og Harstad blir del av universitetet. Om vi skal flytte møta rundt på ulike campusar, kan reisinga bli meir utfordrande.

– Det er fint å reise!

Tilsette i Alta er vane med å reise milevis for å forelese i Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.

– Så overgangen for dei tilsette er ikkje så stor etter fusjonen. Vi har stor kompetanse på reising her, seier Kjæmpenes.

Dette gjeld også Merethe Giertsen, som er førstelektor ved Institutt for barnevern og sosialt arbeid ved Finnmarksfakultetet. Ho meiner det ikkje har blitt meir reising på grunn av fusjonen. Snarare tvert imot.

– Det er jo fint å reise! Vi har alltid gjort det. Instituttet har mellom anna samlingsbaserte utdanningar i Tromsø, og eg reiste ein del dit. Men etter fusjonen med UiT har vi fått dårlegare råd, og vi har nylig fått beskjed om å ikkje reise andre stader for å undervise. Tilsette med fast arbeidsstad i Tromsø er tenkt å overta dei områda dei sjølv har kompetanse på, så det blir nok mindre reising, seier Giertsen.

Mange campusar

Lærarutdanninga ved UiT er i dag styrt frå Tromsø, med ein assisterande instituttleiar i Alta. Instituttleiar Odd Arne Thunberg reiser til Alta ein gong i veka.

– Instituttet har 50 tilsette i Alta og 150 i Tromsø, og det er mange campusar å hanskast med. Vi har faste Skype-møte, men det er ikkje tilstrekkeleg for å oppnå god fagleg utvikling. Vi må møte kvarandre, seier Thunberg.

Han seier dei tilsette ved UiT er blitt vane med stadige strukturendringar.

– Det har vore ein serie av fusjonar. Strukturen endrar seg heile tida, så det har blitt ein del av kvardagen å tilpasse seg, også når det gjeld reising.

Ikkje berre leiinga og administrasjonen, men også mange fagleg tilsette må reise meir, ifølgje Thunberg:

– Det er meir reising begge vegar, ikkje berre til Tromsø. Dette var noko vi visste før fusjonen. Vi har felles studieplanar, og det første vi gjorde etter fusjonen, var å starte opp femårig lærarutdanning i Alta. Programgruppene frå Tromsø og Alta har ofte møte, og dei ulike studieplanane skal harmoniserast. Dessutan har reiseverksemda i samband med etter- og vidareutdanning eksplodert, heilt uavhengig av fusjonen, seier han.

Likevel: For dei fleste er det nok lenger å reise frå Tromsø til Alta enn frå Alta til Tromsø.

Det er ikkje alle møte som kan gjennomførast over nett, som til dømes lønnsforhandlingar. 

Tillitsvalde på reisefot

Ikkje berre leiarar, men også tillitsvalde merkar reisetrykket. På campus Vestfold i Horten sit Berit Bratholm, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Ho har nettopp landa på kontoret etter fire dagar på reisefot.

– Eg reiser mykje meir enn før, ja. Eg skal eigentleg ha møte med hovudtillitsvald i Telemark på fredag, men vi har avtalt møte på Skype, fordi vi nesten brukar ein heil dag på å reise til og frå Porsgrunn, seier Bratholm. Ho brukar som oftast kollektiv transport.

– Eg bur slik til at eg kan gå til jernbanestasjonen i Tønsberg. Eg kjøpte faktisk kundekort på NSB i går.

Bratholm står midt i fusjonsprosessen med Høgskolen i Telemark. Og det blir heller ikkje slutt på reisinga etter at fusjonen er gjennomført.

– Når Høgskolen i Telemark blir del av fusjonen, får Forskerforbundet eitt stort lokallag med medlemmer på åtte campusar.

Også for Hans Engenes, som er hovudtillitsvald ved Høgskolen i Gjøvik (HiG), har den siste tida vore prega av reising.

– Og meir skal det bli når det frå 1. januar 2016 blir eitt lokallag av Forskerforbundet ved NTNU.

Då blir nemleg HiG, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Sør-Trøndelag innlemma i NTNU.

– Eg kan kome meg til Trondheim med fly frå Gardermoen eller med tog frå Lillehammer. Det er klart det blir meir tungvint når vi må reise langt for å møte kvarandre.

Teknologi ikkje nok

Engenes er ikkje sikker på at alle tilsette vil merke så mykje til avstanden.

– Men vi får mange nye kollegaer og nye leiarnivå å innrette oss etter. Mange vil jo gjerne bli kjende med kollegaene i Ålesund og Trondheim, og då er det ikkje nok med teknologiske løysingar.

Heller ikkje Bratholm trur at kommunikasjon på nett er tilstrekkeleg.

– No skal vi få opplæring i korleis vi skal samarbeide ved hjelp av digitale medium, og korleis vi skal arrangere møte og dele ordet på Skype. Men eg har erfart at det er ikkje alle møte som kan gjennomførast over nett, som til dømes lønnsforhandlingar. Då mistar ein blikkontakt og viktig kommunikasjon, meiner ho.

Bratholm seier det er uklart om nokre av dei tilsette etter fusjonen må reise langt for å forelese.

– I omstillingsavtalen står det at ingen må byte arbeidsstad på grunn av fusjonen, men kva som skjer om to–tre år, er det jo ingen som veit. Det kan bli omorganisering av studium på lengre sikt.

Ein kjem heller ikkje unna at all reisinga blir kostbar for institusjonen

– Treng ikkje uroe seg

Statssekretær Bjørn Haugstad har tidlegare uttalt til Forskerforum at det ved fusjonerte institusjonar truleg blir billigare å setje ein forelesar på fly, båt eller buss enn å sende studentane til ulike campusar.

Instituttleiar Thunberg ved UiT fortel at ein ved lærarutdanninga har eit ønske om felles fleksibilitet mellom stillingane.

– Det blir nok aktuelt at somme som jobbar fast i Tromsø og i Alta, må rekne med førelesingar på begge campusane. Dette blir også presisert i framtidige stillingsutlysingar, seier han.

Engenes trur derimot ikkje dei tilsette ved HiG må reise til Trondheim eller Ålesund for å førelese når høgskulen blir del av NTNU.

– Eg ser på det som uaktuelt. Dette er i første omgang ei organisatorisk samanslåing, og ikkje ei geografisk flytting av aktivitetar. Administrative oppgåver vil nok til dels bli sentraliserte, og for nokre vil arbeidsoppgåvene bli endra. Men vi har fått garantiar for at fusjonen ikkje skal føre til flytting for dei tilsette. Ein kjem heller ikkje unna at all reisinga blir kostbar for institusjonen, seier Engenes.

Heller ikkje tillitsvald  Ole Jakob Sørensen ved HiNT trur dei tilsette treng uroe seg.

– Dei aller fleste vil jobbe på den staden dei er i dag. Kanskje kan somme få ein del undervisningsdagar i Bodø, men fusjonen legg ikkje opp til at det blir tvangsflytting av undervisninga.

Sørensen seier dei i Nord-Trøndelag er vane med lange avstandar.

– Det er 18–20 mil mellom ytterpunkta ved HiNT i dag. Kanskje er den mentale avstanden lengre mellom ulike fakultet ved Universitetet i Oslo enn han er mellom ulike campusar i Nord-Trøndelag.

Stemning på bussen

I Oslo nærmar bussen seg hovudcampus i Pilestredet. Nokre les. Andre pratar. Stemninga er god. Dei fleste på bussen jobbar i leiinga eller administrasjonen. Seniorrådgjevar Ingrid Jacobsen prøver å førebu seg til møte. Ho tek bussen i gjennomsnitt tre gonger i veka.

– Det tek tid å reise. Men det hender eg tek toget, og då brukar eg minst ein halvtime meir kvar veg, seier ho.

Gunnar H. Gundersen meiner bussen gjer arbeidsdagen hans litt mindre kompleks.

– Og kvar gong eg sit og ventar på bussen i Pilestredet, møter eg folk som eg absolutt skulle ha snakka med.

Gundersen fortel at han har fått sin eigen stoppestad like ved P35, der han har dei fleste møta sine.

Så stoppar bussen.

– No er vi på Gunnars plass!

[wip4: photo=751949 width=512 align=middle]