– Kan svekke Riksarkivaren
LUKK

– Kan svekke Riksarkivaren

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. januar 2020 kl. 09:27

– Det er urovekkande om ikkje Riksarkivaren får avgjere kva som skal bevarast, seier Torkel Thime.

Arkivloven i Noreg skal reviderast. Det nye lovutkastet og utgreiinga «Fra kalveskinn til datasjø – Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver» (NOU 2019:9 ) har vore på høyring med frist i desember. Nokre endringar får positiv respons, men det vankar også kritikk frå arkivsektoren.

– Svært urovekkande

– Det verste med det nye lovforslaget er etter mitt syn at Riksarkivarens myndigheit til å bestemme kva som skal bevarast og kva som skal kastast, blir underminert, seier Torkel Thime. Han er førstearkivar ved statsarkivet i Stavanger, som i dag er ein del av Arkivverket.

– I lovutkastet står det at andre særlover skal gå føre arkivloven med tanke på kva for materiale som skal slettast, og dette er svært urovekkande. Dei som lagar særlover for eit saksfelt, til dømes innan helsesektoren, vil sjeldan ha arkivbevaring i tankane. Dette kan føre til utilsikta og svært uheldige vedtak om kassasjon, seier han.

Ved kassasjon slettar ein nemleg originalmaterialet.

– Dette vil også kunne få store konsekvensar for forsking, fordi mykje materiale som er svært viktig for forskinga, kan bli kassert, seier Thime, som også har vore med på å utforme høyringssvaret frå Forskerforbundet.

– Materialet vil bli redusert

Ifølgje lovutkastet skal statlege verksemder som overfører dokumentasjon til langtidsbevaring, avtale med Arkivverket (i utkastet kalla Nasjonalarkivet) i kva grad personopplysningar og andre opplysningar skal minimerast. I dette ligg det at offentlege verksemder vil kunne redusere personopplysningar, som å anonymisere eller gjere eit utval av eit materiale, noko Thime er kritisk til:

– Dette er å rekne som kassasjon eller sletting, og informasjonen i materialet vil bli sterkt redusert, seier han.

pressebilde av Ingrid Nøstberg. Foto: Vestfoldmuseene IKS
– Det er positivt at vi får ei ny arkivlov som er tilpassa den digitale tida, seier Ingrid Nøstberg. Foto: Vestfoldmuseene IKS

Thime får støtte av Ingrid Nøstberg, som er leiar i Arkivarforeningen, ei fagpolitisk foreining i Forskerforbundet. Ho viser til dagens lov der Riksarkivaren har såkalla kassasjonsmyndigheit.

– Vi meiner dette blir svekt i det nye lovutkastet, og at det bør presiserast i den nye loven at Riksarkivaren fortsatt skal ha dette ansvaret, seier Nøstberg. Ho jobbar i Vestfoldarkivet, som er ein del av Vestfoldmuseene IKS.

I høyringssvaret sitt tilrår også Arkivverket sjølv at «Nasjonalarkivets rolle som statens fagorgan på området bevaring og kassasjon må videreføres på same nivå som i dag».

Betre vern av private arkiv

Nøstberg er svært positiv til at den nye loven gjev private arkiv sterkare vern.

– Om eit arkiv har meir enn 50 prosent offentleg eigarskap, skal arkivloven gjelde. Dette vil bety at fleire verksemder vil falle inn under loven enn tidlegare, seier ho.

Nøstberg synest det er bra at fylkeskommunane etter det nye lovforslaget vil få fleire lovpålagde oppgåver. 

– Fylkeskommunane vil få eit større lovpålagt ansvar for private arkiv på regionalt nivå, og det vil vere ein styrke for regionen. Dette utelukkar ikkje at også Arkivverket kan ha eit regionalt engasjement, noko vi også har peika på i høyringssvaret vårt frå Forskerforbundet, seier ho.

Thime seier det regionale ansvaret til Arkivverket er omstridd i arkivsektoren.

– I dagens lov er statsarkiva nemnde som ein eksplisitt del av Arkivverket, og ein kan ikkje berre fjerne dei. Men Arkivverkets regionale rolle er ikkje teke med i det nye lovutkastet, slik at Arkivverket har fått ei rein direktoratrolle, seier han.  

Saknar forsking

Nøstberg peikar på at det i utgreiinga er slått fast at det blir forska for lite i arkivsektoren, og at Arkivverket skal ha forsking som oppgåve.

– Vi hadde difor håpa at forskingsoppdraget skulle bli nedfelt i lovteksten, slik det for eksempel gjer i den danske arkivloven. I innspelet vårt frå Forskerforbundet ber vi om at forskingsansvaret må bli lovfesta, seier ho.

  • Les også: