– Får kjensla av at arkivmateriale blir sett på som ei plage

Av Johanne Landsverk

Publisert 25. november 2019

Arkivverket bør berre ha to arbeidsstader i landet der publikum får tilgang til fysisk materiale, ifølgje ei ny utgreiing.

I dag består Arkivverket av elleve einingar: Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk Helsearkiv. Men i ein ny samfunnsøkonomisk analyse blir det foreslått at publikum berre skal få tilgang til arkivmateriale med lesesal på to arbeidsstader.

Historikarar og andre som er på jakt etter arkivmateriale kan dermed få det vanskelegare, om analysen blir lagt til grunn for organiseringa av Arkivverket framover.

Analysen tek ikkje stilling til kva for arbeidsstader og depot (magasin for langtidsbevaring) som bør forsvinne. Problemet er, ifølgje Arkivverket, at oppgåveløysinga og behovet for geografisk nærvær har endra seg i takt med auka digitalisering. Difor har Menon Economics fått i oppdrag å sjå på ulike løysingar og kva som samfunnsøkonomisk vil lønne seg.  

Fakta
Arkivverket består i dag av
- Riksarkivet,
- statsarkiva i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Oslo, Hamar, Trondheim og Tromsø,
- Norsk helsearkiv på Tynset
- Samisk arkiv i Kautokeino.

To lesesalar i landet mest lønnsamt  

Fleire alternativ er vurderte, eitt av dei er at fylkeskommunane overtek ansvaret for depot- og brukartenester ved dei regionale arbeidsstadene i Arkivverket, ei anna mogleg løysing er å opprette samarbeid med kommunale arkivinstitusjonar.

Men den løysinga som kjem best ut i analysen, er å redusere talet på regionale arbeidsstader, det såkalla relokaliseringskonseptet. Helsearkivet på Tynset og Samisk arkiv er haldne utanfor analysen. Dei gjenverande arbeidsstadene er foreslått reduserte til to.

Tre versjonar av dette alternativet er vurderte:

  1. Publikum får tilgang til arkivmaterialet på lesesal, som i dag, på to stader.
  2. Ved førespurnad sendast arkivmaterialet til næraste bibliotek, i tillegg til lesesal på to stader.
  3. Etterspurd arkivmateriale blir skanna og sendt elektronisk til brukar utan nokon form for tilrettelegging av materialet («scan on demand»), i tillegg til lesesal på to stader.

1 og 3 kjem best ut i vurderinga når det gjeld «prissette verknader». Samla sett er det ikkje openbert kva for versjon av desse to som har høgast samfunnsøkonomisk lønsemd, står det å lese i rapporten.

Tek ikkje omsyn til rettleiing

– At Arkivverket seier at analysen berre er eitt av fleire informasjonsgrunnlag, er det liten grunn til å feste lit til, seier Frode Ulvund. Foto: Johanne Landsverk.

Historieprofessor Frode Ulvund ved Universitetet i Bergen er kritisk til analysen.

– Ein får kjensle av at arkivmateriale blir sett på som ein plage ein helst skulle vore forutan, seier Ulvund som også tidlegare har engasjert seg i debatten om nedbygging av tenestene i Arkivverket.

– I praksis ser dette ut til å vere ein rein kostnads- og effektiviseringsanalyse, og det er problematisk på mange måtar. Her målar ein kostnadseffektivitet av ulike modellar, men tek i liten grad omsyn til ein sentral del av Arkivverkets mandat, nemleg rettleiinga i bruken av materialet. Kvaliteten i tenestene og kompetansen som må vere tilgjengeleg for at materialet skal kunne nyttast på ein god måte, ser ikkje ut til å vere forstått som del av samfunnsøkonomien, seier han.

– Ikkje fagleg forsvarleg

Ulvund får støtte av historieprofessor Steinar Aas ved Nord universitet, som meiner tenestenivået i Arkivverket er sterkt svekt dei siste åra, særleg for historieforskarar. Og dette forslaget vil gjere det endå verre.

– Dette er ikkje med på å fremje forsking. Det er heller ikkje særleg fagleg forsvarleg, korkje forskingsmessig eller arkivfagleg, seier Aas.

– Dette forslaget er ein vits. Tenestenivået i Arkivverket er sterkt svekt dei siste åra, og dette vil bli ei forverring, seier Steinar Aas. Foto: Nord universitet

– I dag er det mest uråd å få tak i ein fagperson i Arkivverket som ein kan drøfte faglege saker med. Det kan ikkje halde på slik, meiner han.

– Analysen skal gje eit grunnlag

Riksarkivar Inga Bolstad seier ambisjonen til Arkivverket er at alle innbyggjarar skal kunne bruke tenestene heimanfrå, uavhengig av kvar i landet dei bur.  

– Digitalisering endrar Noreg ganske kraftig, og vi merkar at brukarane sine behov og forventningar til oss endrar seg. Årleg har Arkivverket no om lag 6 millionar digitale besøk. Talet på fysiske besøk utgjer under 1 prosent av dette.

– Men det er dramatiske forslag i rapporten, blant anna tilrådinga om å redusere talet på arbeidsstader til to i landet?

– Dette er ei samfunnsøkonomisk analyse, som undersøker og dokumenterer konsekvensane av alternative tiltak. Analysen skal gje oss eit grunnlag for å kunne jobbe vidare med å digitalisere og utvikle etaten vår, det er ikkje eit forslag til organisasjonsstruktur. Om vi skal gjere endringar i organisasjonsstrukturen, er dette berre eitt element i ei heilskapleg vurdering, seier Bolstad.   

– Eg jobbar kontinuerlig for langsiktig utvikling av etaten og forbetring av tenestene, seier riksarkivar Inga Bolstad. Foto: Erik Norrud

Inga omstilling over natta

Bolstad seier det er for tidleg å kome med ei vurdering av innhaldet i rapporten. 

– No må vi først setje oss ned og lese rapporten og gå grundig inn i analysen. Dette skal vi gjere saman med dei tilsette og organisasjonane. Det er viktig å streke under at dette ikkje handlar om å omstille seg over natta, men om å førebu og tilpasse seg dei store samfunnsendringane som kjem.

– Men kvifor har de bestilt rapporten no?

– Fordi vi treng kunnskap og innsikt for heile tida å kunne utvikle oss. Samfunnsøkonomiske analysar kan vere med å gje viktig kunnskap og innsikt før ein tek avgjerder, seier ho.

Eit eventuelt forslag om endring i den geografiske plasseringa av Arkivverket må opp i regjering og storting.

– Vanskeleg å ha tiltru til leiinga

Men historikar Ulvund er skeptisk:

 – At Arkivverket seier analysen berre skal vere eit informasjonsgrunnlag, er det liten grunn til å feste lit til. Konklusjonen i analysen samsvarer med strategien Arkivverket har hatt dei siste åra, meiner han.  

– Arkivverket har i samband med den siste omorganiseringa vist at det er vanskeleg å ha tiltru til kva leiinga seier sett opp mot kva ein faktisk gjer. Det gjeld til dømes prosessen med omorganiseringa av statsarkiva. Vi har jo sett kva som har skjedd i etterkant, statsarkiva er i praksis nedlagde og statsarkivarane som hadde leiaransvaret er omplassert til andre oppgåver, sjølv om det vart sagt at dette ikkje skulle skje.

Ulvund seier den arkivfaglege kompetansen i statsarkiva langt på veg er fjerna frå brukarane etter omorganiseringa.

– Brukarane er blitt overlatne til seg sjølve i manøvreringa i komplekse arkiv. At bruken av arkiva går ned, er blant anna ein naturleg konsekvens av dette, og utviklinga vil bli forsterka med dette forslaget.

  • Les meir: