Nyheter | Berekraft

Publisert 11. desember 2025 kl. 11:39
Utfasing av oljeproduksjon er truleg det viktigaste feltet vi burde hatt mykje forsking på, men ikkje har. Det hevdar Jennie C. Stephens, professor i klimarettferd ved National University of Ireland, Maynooth.
Ho peikar på eksnovasjonsforsking, altså forsking på utfasing av destruktive teknologiar og praksisar, som ei openberr oppgåve for akademia – ikkje minst fordi ingen andre gjer det.
Ein utfasingsplan for norsk oljeproduksjon var eit sentralt krav frå MDG i forhandlingane om neste års statsbudsjett. Det vart ikkje noko av, men MDG fekk gjennomslag for å sette ned ein omstillingskommisjon som skal sjå på omstillingsevna for norsk økonomi i lys av fallande oljeproduksjon.
Då trengst det forsking på alt frå det reint tekniske ved å stenge ein oljebrønn, til korleis nedtrapping av oljeaktiviteten vil slå ut lokalt og regionalt, hevdar MDGs førstevara til Stortinget frå Hordaland og postdoktor ved Noregs handelshøgskule, Andreas Ormevik.
– Kva vil omstilling vekk frå olje krevje av omskolering, av omleggjing av infrastruktur? Det finst nok av skrekkdøme på samfunn som nesten døydde ut då hjørnesteinsindustrien forsvann, og det vil vi jo ikkje. Ved siste store oljeprisfall gjekk det raskt å få folk inn i nye næringar, men det er ikkje gitt at det skjer neste gong, seier han.

Debatten om berekraft og grøn omstilling har lenge handla om teknologiutvikling og korleis vi kan bygge ut fornybar energi. Forsking på korleis vi kan slutte å øydeleggje, har fått langt mindre merksemd.
– Når eg tenkjer ti-femten år tilbake, hugsar eg kor begeistra vi var då solenergi vart billegare enn andre energiformer, seier Håvard Haarstad ved Universitetet i Bergen.
– Vi tenkte at no er det løyst! No kan vi berre lene oss tilbake og vente på at den fossile energien forsvinn av seg sjølv.
Haarstad er professor i samfunnsgeografi og leier UiBs Centre for Climate and Energy Transformation (CET). Senteret arrangerer mellom anna ein stor konferanse annakvart år, med den løpande tittelen Beyond Oil.
– Vi har lenge trudd at dersom vi berre finn opp tilstrekkeleg god fornybar energiteknologi, så vil det løyse klimaproblemet, seier Haarstad.
Men det har ikkje skjedd. I staden har verdas samla energiforbruk halde fram med å auke. Fornybar energi blir utbygd i stor skala, men det fører ikkje til utfasing av den fossile, berre til eit høgare totalforbruk.
Difor etterlyser stadig fleire, ikkje berre i Noreg, ein strategi for korleis verda kan frigjere seg frå avhengigheiten av fossil energi. Ved årets internasjonale klimaforhandlingar i Brasil kravde meir enn 80 land at FN må gjere alvor av å leggje ein plan for å fase ut fossile brennstoff, og kom til forhandlingane utstyrt med eit vegkart for slik utfasing. Møtet enda likevel med ein avtaletekst som ikkje nemnde fossil energi, men vegkart-prosessen vil halde fram utanfor dei offisielle forhandlingane. Nederland og Colombia har kunngjort at dei vil organisere den første internasjonale konferansen for ein «koalisjon av villige partar» våre 2026, for å halde fram med å diskutere oljeutfasing.
Kva kan forskarar bidra med i utfasingsdebatten, når vi no altså kan slå fast at det ikkje er nok å innovere betre fornybar teknologi?
– Då blir spørsmålet, kva er grunnen til at det ikkje er nok? seier Haarstad.
Han viser til vitskapshistorikaren Naomi Oreskes, som var hovudinnleiar på årets Beyond Oil-konferanse.
– Ho har arbeidd mykje med eitt aspekt ved det, nemleg lobbyverksemd frå oljeselskapa. Klimatoppmøtet i Brasil kom ikkje så veldig langt, og mange har peika på kor enormt mange oljelobbyistar som er til stades ved klimatoppmøta, og kor sterke krefter som har økonomisk interesse knytt til vidare oljeutvinning, seier han.

Difor prøver forkarane ved CET å undersøke nærare kva som skjer i overgangen mellom naturvitskapleg faktakunnskap og politisk handlinga.
– Det er jo ikkje slik at ting endrar seg berre vi får fakta på bordet. Mange aspekt spelar inn, frå geopolitikk og internasjonale maktforhold, til strategiane til oljeselskapa, til enkeltmennesket og våre oppfattingar om kva som er normal og forventa åtferd og korleis vi skapar oss eit liv i kvardagen. Forsking må bidra med analyse på alle desse nivåa, seier Haarstad.
Nasjonal politikkutforming er også eit openbert forskingsobjekt, meiner Haarstad.
– Om ein vil ha stans i oljeleiting, korleis skal ein forhandle med Arbeidarpartiet om det?
Han viser til det som skjedde då Klimautvalet 2050 leverte si utgreiing om korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn, hausten 2023. Der tilrådde dei ein strategi for sluttfasen av norsk petroleumsverksemd.
– Men det var skote ned av politikarane med ein gong. Det skulle ein ikkje snakke om. Her kan forskarar bidra med å forstå kva som skjer, seier Haarstad.
Som eit bidrag til debatten om oljeutfasing har MDG sjølve laga ein slik utfasingsplan. Den vart publisert hausten 2024 og tilrår mellom anna å starte utfasinga av dei felta som har høgast utslepp og lågast lønsemd, allereie no. I tillegg ønskjer MDG slutt på leiting etter nye ressursar, grunngjeve med at det allereie er funne langt fleire petroleumsressursar i verda enn vi kan brenne dersom vi vil avgrense den globale oppvarminga. Andreas Ormevik er ein av hovudforfattarane.
– Vår plan byggjer i stor grad på tilgjengeleg informasjon om prognosedata, utsleppstal og produksjonstal frå opne kjelder, seier han.
– Samstundes oppdaga vi i arbeidet med planen at mange tal burde ha vore meir tilgjengeleg. Vi skriv til dømes mykje om utsleppsintensitet, og det er data ein må lage sjølv ved å kople informasjon frå ulike kjelder. For nokre felt er det informasjon det passar bra å skjule, fordi det elles ville øydeleggje forteljinga om at vi lagar den reinaste oljen i verda, seier Ormevik.
Forskarar kan altså bidra allereie på det mest overflatiske nivået, med å offentlegjere god oversikt over produksjon og utslepp, kor mykje som er olje og kor mykje som er gass.
Dessutan trengst det meir kunnskap om, og erfaring med, det tekniske og logistiske ved nedstenging av oljefelt, meiner han. Dette er ein stor jobb som må gjerast anten utfasinga er planlagd eller skjer på grunn av marknadskreftene, og MDG skriv i planen at det vil vere mykje betre å starte no enn å sende heile jobben og rekninga vidare til komande generasjonar.
– Vi har lite data om plugging og nedstenging av oljefelt fordi det knapt har skjedd, og det ville vere fint å vite meir om kva det vil innebere og logistikken rundt det. Det vil vere dei same riggane som no blir brukte til leiting, som også må brukast til å plugge brønnar. Mykje utstyr vil måtte leverast. I den grad oljeselskapa har plugga brønnar, har det ofte vore mellombels i påvente av metodar for å hente opp meir olje. Og kostnadane ved plugging skal fellesskapet vere med på å betale, og vi treng å få fram kor store dei vil bli, seier han.
Ormevik peikar på at når så mykje ressursar er bunde opp i petroleumssektoren, går det ut over andre aktivitetar, eit poeng han meiner er underkommunisert.
– Folk trur at Noreg går konkurs om vi trappar ned. Det finst noko forsking som seier at det ikkje stemmer, men det er ei forteljing det gjerne kan gravast djupare i.
William Helland-Hansen er professor i geologi ved UiB, og fekk merksemd då han for nokre år sidan erklærte at han etter meir enn tretti år med oljeforsking ikkje lenger hadde samvit til å bidra til å forlengje oljealderen. Han meiner det er på høg tid med ein utfasingsplan, men har han tankar om korleis han som forskar kunne ha medverka til ein slik plan?
– Plugging av brønnar er meir ein jobb for ingeniørar enn geologar. Geologar kan brukast til å forske på CO2-deponering, eller grunnundersøkingar ved fundamentering av vindturbinar. Til utfasing er det ikkje først og fremst vår kompetanse som trengs, sjølv om det vil vere viktig med folk som har kjennskap til, og nettverk i, industrien, seier han.
Geologar kan bidra til å nyansere oljedebatten ved til dømes å peike på geologisk risiko ved utbygging av oljefelt, eller ved å stille seg kritisk til nokre av ressursanslaga som blir gjort for norsk sokkel, meinar han.
– Men når det gjeld akkurat korleis ei utfasing skal skje, vil nok samfunnsvitskaplege forskingsmiljø vere viktigare enn geologar, seier geologen.
Håvard Haarstad ved CET fortel at ei viktig oppgåve for forskarar er å prøve å sjå for seg samfunnet etter oljen.
– Vi prøver å diskutere kva som er viktige forskingstema i den samanhengen. Kva er dei store ideane, trendane, maktforholda, som gjer dette så vanskeleg?
Sjølv er han blitt stadig meir oppteken av korleis vi har organisert samfunnet rundt eit stadig raskare og høgare forbruk av energi og materielle ressursar.
– Det er betre å bruke fornybar enn fossil energi, men den verkeleg store oppgåva er å finne måtar å adressere det aukande forbruket på, for teknologien reddar oss ikkje. Teknologiutvikling er viktig, men handterer ikkje det grunnleggjande kring ressursforbruk, seier han.