Slik blir reglane for heimekontor etter korona
LUKK

Slik blir reglane for heimekontor etter korona

Av Johanne Landsverk

Publisert 15. august 2021 kl. 21:07

I ein ny normalkvardag vil mange teknisk-administrativt tilsette kunne jobbe meir heimanfrå.

Etter halvtanna år med mykje heimekontor kjem snart ein ny kvardag for mange tilsette ved universitet og høgskular. Vi har høyrd det lenge: meir jobbing heimanfrå vil bli den nye normalen i norsk arbeidsliv. Men kva planar har institusjonane i sektoren for tida etter pandemien?

Universitetet i Bergen (UiB) har allereie vedteke ein ny politikk for heimearbeid for tilsette i teknisk-administrative stillingar, som skal gjelde etter pandemien. I den nye «normalarbeidsdagen» kan arbeidstakarane jobbe heimanfrå inntil 40 prosent av arbeidstida, altså to av fem dagar.

– Erfaringa mi under korona er at eg jobbar svært effektivt og konsentrert på heimekontor, seier Runa Jakhelln ved UiB.

– Det blir spennande å sjå kor mange av dei administrativt tilsette som kjem til å nytte seg av heimekontor. Mange synest det har fungert fint å kunne jobbe heime når dei sit med konsentrasjonskrevjande arbeid. Men eg trur det kjem mykje an på arbeidssituasjonen, til dømes om ein sit i landskap eller har eige cellekontor på jobb, seier tillitsvald Runa Jakhelln. Ho er seniorrådgjevar i HR-avdelinga ved UiB og sit i styret for lokallaget i Forskerforbundet.

Ho ser for seg at heimekontor kan bli aktuelt for mange av medlemmene i Forskerforbundet.

– Utfordringa blir nok møteverksemda, og det kan vere smart å organisere seg slik ved einingane at nokre dagar blir meir møteintensive enn andre.

Også Jakhelln kan tenkje seg å jobbe ein del heimanfrå.  

– Erfaringa mi under korona er at eg jobbar svært effektivt og konsentrert på heimekontor, og eg sparer tid på reise. Eg liker fleksibiliteten, og eg deler også kontor på campus. Samtidig er det svært viktig for meg å være en del av arbeidsmiljøet fysisk på campus, seier ho.

Skal inngå avtale med leiar

HR-direktør Sonja Irene Håland Dyrkorn ved UiB seier hovudregelen er at ein avtale om heimearbeid ikkje bør overstige 40 prosent av stillinga.

– Vi må jo sjå korleis det går, men i utgangspunktet er det leiar med personalansvar som skal inngå avtale med kvar einskild. Avtalar om heimekontor bør ha ei lengd på mellom 6 og 12 månader.

Hovudregelen er at arbeidsgjevar skal stille ein arbeidsplass til disposisjon i UiB sine lokale. I retningslinjene blir det presisert at: «hjemmearbeid er frivillig, og arbeidsgiver kan derfor ikke dimensjonere sin egen kapasitet, basert på at noen arbeidstagere til enhver tid har hjemmekontor». UiB kan altså ikkje planlegge for framtidig areal ut frå at folk arbeider delar av tida i andre lokale.

HR-direktøren seier UiB har diskutert om det skulle innførast felles retningslinjer for alle.

– Men det viktigaste har vore å få på plass ein ny politikk for tilsette i teknisk-administrative stillingar, som i svært liten grad har kunna hatt heimekontor før pandemien. Dei vitskapleg tilsette i særleg uavhengig stilling har allereie fleksible ordningar når det gjeld arbeid heimanfrå, seier Dyrkorn.

Ho viser til at Arbeids- og sosialdepartementet er i ferd med å endre forskrifta «om arbeid som utføres i arbeidstakers hjem». Forslaget om endring av forskrifta har nyleg vore på høyring.

– Staten kan difor kome med endringar som vil påverke regleverket vårt, seier ho.

– Grip inn i fridomen

Også ved NTNU er det laga nytt regelverk som skal gjelde for normalarbeidsdagen etter pandemien. Som ved UiB kan tilsette søkje om å jobbe heime to dagar i veka: «Det kan avtales at inntil 40 prosent av arbeidstiden kan legges til hjemmekontor med hjemmel i dette regelverket, og fordelingen mellom hjemmekontor og oppmøte på arbeidsplassen skal være slik at den ansatte regelmessig møter på arbeidsstedet».

– Mange opplever at dei nye reglane grip inn i fridomen til vitskapleg tilsette, seier Patric Wallin. Foto: privat

Men i motsetning til ved UiB skal dei nye reglane ved NTNU gjelde for alle, også dei vitskapleg tilsette. Dette har vekt sterke reaksjonar blant medlemmer i Forskerforbundet, og lokallaget har vore kritisk til dei nye retningslinjene. I eit innlegg i Universitetsavisa i sommar skriv hovudtillitsvald og styreleiar for Forskerforbundet ved NTNU at mange vitskapleg tilsette opplever dei nye retningslinjene som ei innstramming og eit angrep på autonomien. Dei peikar på at vitskapleg tilsette i særleg uavhengig stilling har eit arbeidsforhold som er kjenneteikna av høg fleksibilitet.

Patric Wallin, som er leiar i lokallaget i Forskerforbundet ved NTNU, seier det har kome tilbakemeldingar frå medlemmer som opplever at reglane grip inn i fridomen til vitskapleg tilsette i særleg uavhengige stilling.

– Mange reagerer på at universitetet plutseleg skal bestemme kvar dei skal sitje og jobbe og kva for oppgåver som skal utførast heimanfrå. Mange er jo tilbake på kontoret no, men folk reagerer på byråkratiet rundt dette, og at ein må avtale med næraste leiar om ein skal ha heimekontor, seier Wallin.

Han trur også det blir ei stor oppgåve for instituttleiarane å skulle handtere alle spørsmål frå vitskapleg tilsette.

­Wallin viser til ei spørjeundersøking blant medlemmene i Forskerforbundet ved NTNU. 

– Medlemmene våre ønskjer moglegheit til å jobbe heime når det er meiningsfylt. Dei er veldig bevisste på kva for oppgåver som best kan utførast heimanfrå og kva som gjerast best på kontoret. Dei er samtidig opptekne av å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø for studentar og kollegaer, seier han.

NTNU meiner reglane må gjelde alle

Avdelingsdirektør Arne Kr. Hestnes, som er HR- og HMS-sjef ved NTNU, seier hovudregelen er at alle tilsette har fast arbeidsplass i NTNU sine lokale.

 – Alle tilsette må ha ein fast oppmøtestad, og reglane må difor gjelde for alle, sjølv om tilsette i særleg uavhengig stilling har stort handlingsrom når det gjeld kvar og korleis arbeidet gjennomførast. Dette har vi også teke omsyn til i regelverket, seier Hestnes.

– Reglane må gjelde for alle, sjølv om tilsette i særleg uavhengig stilling har stort handlingsrom når det gjeld kvar og korleis arbeidet skal gjennomførast, seier Arne Kr. Hestnes ved NTNU. Foto: NTNU

Han seier vitskapleg tilsette som har behov for lengre periodar til å forske eller lage ferdig publikasjonar kan avtale dette med næraste leiar. 

–  I realiteten inneber dette at vitskapleg tilsette kan vidareføre arbeids- og oppmøtepraksis som tidlegare, utan unødvendig byråkrati.

Ifølgje Hestnes er NTNU ueinig med det lokale Forskerforbundet i kva som ligg i ein «særleg uavhengig stilling».

– Vi opplever nokre gonger at Forskerforbundet primært er opptekne av om tilsette i uavhengig stilling skal møte på kontoret eller ikkje. Men NTNU meiner at ei særleg uavhengig stilling først og fremst handlar om kva type oppgåver, ansvar og fridom som ligg innebygd i jobben, ikkje om du er på kontoret eller ei, seier han.

– Trur du mange teknisk administrativt tilsette vil jobbe meir heimanfrå ?

– På kort sikt vil nok mange vere glade for å kome tilbake til arbeidsmiljøet. Men på litt lengre sikt vil nok arbeidsdagen tendere mot større fleksibilitet, og at mange vil oppleve heimekontor som eit gode med tanke på arbeidsro, effektivitet, mindre reising til å frå jobb – og større fleksibilitet med tanke på i privatlivet. Eg trur nok dette blir ei varig endring, seier han.

– Viktig å møte kvarandre på jobb

Fleire institusjonar har ikkje kome i land med nye reglar for heimekontor. Ved Oslomet er dei i ferd med å utforme forslag til nye reglar.  

– Vi har ikkje vedteke noko enno, men vi kjem til å legge oss tett opp til statens arbeidsgjevarpolitikk på området, det vil seie større grad av fleksibilitet med tanke på heimekontor. Samtidig er det viktig å oppretthalde ein kultur for å vere til stades på jobb, fordi dette bidreg til arbeidsmiljøet, produksjon og kreativitet. Vi jobbar med å finne ein balanse mellom heimekontorløysing som samtidig tek vare på behovet for å møte kvarandre fysisk, seier Asbjørn Seim, direktør for digitalisering og virksomhetsstyring ved Oslomet.

Han seier det nye reglementet er meint å gjelde frå det tidspunktet samfunnet opnar opp igjen.

– Vi vil innrette regelverket slik at det tek vare på behovet for fridom som dei vitskapleg tilsette har. Utan å vere for skråsikker, vil nok endringane bli størst for teknisk-administrativt tilsette. Dei vil få større fleksibilitet i arbeidssituasjonen sin enn i dag. Det blir nok ei rettleiande føring om eit visst tal heimearbeidsdagar, seier han. Dei nye reglane skal takast opp med organisasjonane i løpet av dei næraste vekene.

Nye reglar for alle ved UiO

Ved UiO vart det laga nye retningslinjer i juni 2020, som skal gjelde både under ein pandemi og i ein normalsituasjon. Reglementet gjeld for tilsette som skal ha fast fjernarbeid, til dømes heimekontor, om lag 2 dagar i veka innanfor ein avtalt periode, og for tilsette som under ein pandemi har behov for heimekontor.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen presiserer at lokala til arbeidsstaden er hovudarbeidsplassen til den tilsette. Han skriv til Forskerforum:

«Hjemmekontor av kortere varighet og mer sporadisk karakter kan avtales løpende mellom leder og ansatt. Hjemmekontor av mer regelmessig karakter og over en lengre periode skal avtales skriftlig. Retningslinjene gjelder for alle ansatte ved UiO. Vitenskapelig ansatte i særlige uavhengige stillinger har hatt og vil fortsatt ha stor frihet med hensyn til organisering av arbeidet».

Direktøren seier dei nye retningslinjene er drøfta med organisasjonane før dei vart sett i verk.

– Mange spørsmål frå administrativt tilsette

Hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskerforbundet ved UiO stadfestar at organisasjonane har fått kome med innspel, men at avtalen ikkje er signert av partane.

– Vi er opptekne av at avtalane ikkje skal bli for rigide, seier Belinda Eikås Skjøstad. Foto: Forskerforbundet

– Det har ikkje vore støy rundt dette. Vi har fått god informasjon frå arbeidsgjevar, og det skal framleis vere fleksibilitet med tanke på heimekontor. Men organisasjonane har sagt at vi ønskjer å kome tilbake og drøfte saka med leiinga ved eit seinare tidspunkt.

Ho fortel at 75 prosent av medlemmene i Forskerforbundet ved UiO er vitskapleg tilsette.

– Mange av desse ønskjer seg tilbake til normalkvardagen slik han var før, medan andre ser fordelane med å jobbe ein del heimanfrå. Det vi må ta inn over oss, er at vi alle har behov for gode fysiske arbeidsmiljø og faglege nettverk.  

Skjøstad er glad for at også tilsette i teknisk-administrative stillingar no vil kunne jobbe ein del heime. Ifølgje reglementet skal det gjerast skriftleg avtale mellom leiar og tilsett om fjernarbeid.

– Enkelte som jobbar med tekniske oppgåver er nok nøydd til å utføre jobben på kontoret. Men vi har fått ein del spørsmål frå administrativt tilsette om dette: Kan dei få fortsetje å jobbe heimanfrå? Kva kan arbeidstakaren styre sjølv og kva skal arbeidsgjevaren med personalansvar kunne styre? Det er store diskusjonar rundt dette no, og vi er opptekne av at ikkje avtalane som blir inngått skal bli for rigide.

Mindre areal og færre cellekontor?

Ifølgje Skjøstad er det fleire ting som enno ikkje er avklarte:

– Det gjeld blant anna spørsmål om kostnader til elektronisk utstyr og skatt knytt til heimekontor.

Eit anna brennbart tema er om universitetet no vil kunne greie seg med mindre areal og færre cellekontor om mange vel å jobbe andre stader.

– Fagforeiningane er redde for at arbeidsgjevar vil kunne bruke dette for å redusere talet på cellekontor. Dette er svært viktig å følgje med på, seier Skjøstad.

  • Les også: