– Vanskeleg å spå Noregs kompetansebehov
LUKK
Annonse
Annonse

- Vanskeleg å spå Noregs kompetansebehov

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. januar 2018 kl. 17:28

Stadige svingingar i kompetansebehovet vil skape utfordringar for institusjonane.

Kva for kompetansebehov får vi i framtida? Det er ikkje enkelt å svare på, men no har regjeringa oppnemnd eit kompetansebehovsutval, som i dag la fram grunnlagsmateriale og faglege vurderingar om kva behov for kompetanse Noreg vil trenge i framtida.

– Innan fag som IKT har det vore store svingingar, medan det innanfor pleie- og omsorg og undervisning er mykje meir stabilitet. I 2015 var det ingen mangel på programvareutviklarar, medan vi i dag manglar 1500. Dette er jo interessant både for dei som skal ta utdanning og dei som skal dimensjonere utdanningssystemet. Ein kan ikkje seie på førehand når svingingane kjem, men dei vil kome, uttalte Steinar Holden, leiar i kompetansebehovsutvalet, då han la fram rapporten. Holden er også professor i økonomi ved Universitetet i Oslo.

Unnataket er helse- og omsorgsfag, der det fortsatt vil bli mangel på arbeidskraft, ifølgje rapporten.

Utfordrar utdanningssektoren

Holden meinte kunnskap om rekrutteringssituasjonen er viktig med tanke på framtidige studiar og yrkesval.

I 2014 var det blant anna store rekrutteringsutfordringar innan bergverksdrift og utvinning. Men etter at oljeprisen har gått ned, har rekrutteringsproblema innan dette fagområdet stort sett forsvunne.

I dag står utdanningsinstitusjonane i hovudsak fritt til å dimensjonere eigne studietilbod.

– Styresmaktene styrer ikkje dette i særleg stor grad. Men det er ein tankekross at det til dømes er så vanskeleg å kome inn på eit fag som psykologi, der det heller ikkje er arbeidsløyse, meinte Holden.

Kompetansen bør bli betre

Utdanningsnivået i Noreg er relativt høgt samanlikna med andre land, og halvparten av det norske folket har utdanning på høgare nivå.

– Samtidig ser vi at 19 prosent av nordmenn berre har grunnskule, og det er eit forbausande høgt tal samanlikna med fleire andre land, sa Holden.

Han fortalde at formålet med denne første rapporten, som har tittelen Fremtidige kompetansebehov I. Kunnskapsgrunnlaget, er å gje ei samla oversikt over tilstanden og kartlegging av kjelder og undersøkingar. Ein av konklusjonane i rapporten er at kompetansen i Noreg bør bli betre.

Undersøkingar viser blant anna at aldersgruppa 16-24 år, skårar lågare enn gjennomsnittet i OECD når det gjeld problemløysing ved bruk av IKT.

– Dersom ein samanliknar fagområda for høgare utdanning, ser vi også at Noreg ligg lågare enn mange andre land innan såkalla STEM-fag, det vil seie fag innanfor vitskap-, teknologi-, ingeniør- og matematikk.

– Det vil kome svingingar i kompetansebehovet, men vi veit ikkje når, seier Steinar Holden. (Foto: Johanne Landsverk)