– Eit steg i feil retning
LUKK
Annonse
Annonse

– Eit steg i feil retning

Av Forskerforum

Publisert 22. juni 2016 kl. 09:24

Den ubundne forskinga blir taparen dersom regjeringa står fast på å leggje ned NIBIOs forskingsstasjon på Kvithamar.

Kjerkol Ingvild

– Det er ingen gode faglege grunnar til å avvikle aktiviteten på Kvithamar, seier Ingvild Kjerkol.

Det hevdar stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag, Ingvild Kjerkol (A). Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er blitt pålagt av regjeringa å leggje ned forskingsstasjonen på Kvithamar i Stjørdal, i strid med faglege og økonomiske råd. Avgjerda, som nyleg vart stadfesta av det regjeringsoppnemnde styret i NIBIO, førte til at direktøren for NIBIO, Alvhild Hedstein, sa opp stillinga si med umiddelbar verknad.

Fekk svar frå ministeren

Etter Hedsteins avgang stilte Kjerkol skriftleg spørsmål til landbruks- og matminister Jon Georg Dale om kvifor det er så viktig for regjeringa å leggje ned aktiviteten på Kvithamar og etablere ny aktivitet i Steinkjer, utan å løyve finansiering. I svaret sitt seier Dale at flyttinga vil styrke grunnlaget for eit sterkt fagmiljø for landbruket i Trøndelag. Dale viser til ein rapport bestilt av Landbruks- og matdepartementet (LMD) hausten 2013, utarbeidd av ei gruppe med mandat å utgreie dei moglege positive effektane av å etablere eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk basert ved det som no er Nord universitet. Fleirtalet i gruppa tilrådde eit sterkt og samhandlande fagmiljø for landbruk i Midt-Noreg.

Arbeidsgruppa hadde derimot ikkje som mandat å sjå på moglege negative konsekvensar av å flytte einingar, og skriv uttrykkeleg i rapporten at det er naudsynt å vere merksam på at flytting kan medføre kompetansetap. Tre av gruppemedlemmene, som representerte dei tre fusjonerte NIBIO-institusjonane, leverte ein særmerknad til rapporten der dei åtvara mot å forhaste seg med å vedta nedlegging av forskingsstasjonen på Kvithamar.

Ikkje nøgd

– Eg tykkjer ministeren gav eit merkeleg svar på spørsmålet mitt. Han viser ikkje til konsekvensutgreiinga hans eige departement har bestilt i saka, og han gjev heller ingen lovnader om investeringar i Steinkjer, seier Kjerkol til Forskerforum.

– Fagmiljøa er tydelege på at forskingsjorda på Kvithamar er uerstatteleg. Der har ein tidsseriar som er nær hundre år gamle. I Steinkjer byrjar ein på null. Her har regjeringa bestemt seg for å stå hardt på noko som er avgjort utan gode faglege grunngjevingar. Taparen i saka er dei faglege vurderingane, og føresetnadene for å drive spissa forsking innan bioøkonomi og det grøne skiftet, som vi kjem til å ha bruk for framover.

Ønskjer ikkje fristilling

Andre har også frykta for den uavhengige forskinga i NIBIO-saka. Leiar i Abelia, Håkon Haugli, argumenterer i eit innlegg for at dei statleg eigde forskingsinstitutta må bli organisatorisk fristilte. Dei tillitsvalde ved NIBIO er usamde i at det vil vere ei god løysing.

– Ein del av samfunnsoppdraget vårt er å levere forskings og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap og forvalting. Vi skal gje gode vedtaksgrunnlag for forvalting mellom anna innanfor mattryggleik, beredskap, miljø, klima, og areal- og genressursar. Vi kan ikkje ha dette nasjonale forvaltingsoppdraget utan tett samband med LMD. Dilemmaet oppstår når LMD gjer vedtak om vår organisering mot faglege råd, seier leiar av Forskerforbundet ved NIBIO, Inger Sundheim Fløistad.

Ingvild Kjerkol fortel at ho kjem til å kontakte dei andre partia for å kartleggje om nedlegginga er ønskeleg frå Stortinget si side, eller om det er mogleg å endre.

– Eg tykkjer dette er ei svært spesiell form for eigarstyring. Vi kjem jo til å trenge kunnskap om landbruket si rolle ved klimaendringar. Å kutte det forskingsmiljøet som kan fortelje oss mest om det, er å gå i feil retning, seier ho.