I opposisjon
LUKK

I opposisjon

Av Oddgeir Osland

Publisert 30. august 2019 kl. 13:38

Gode tekstar om Marx, men hovudpersonen sjølv står att som lite relevant i dag.

Fakta
Christoffer Conrad Eriksen (red.)
Den unge Marx. Rett, samfunn og vitenskapsteori
Cappelen Damm Akademisk, 2019
316 sider
Rettl. pris: kr 449

For 40–50 år sidan var Karl Marx ein sentral figur ved universiteta våre. I dag er han som fordunsta, om enn sterkt levande i hovuda på mange som vart forma i desse åra. Er det noko vesentleg som har gått tapt når Marx har forsvunne frå pensumlister og seminarrom? Det er spørsmålet i denne boka om den unge Marx, han som skreiv tekstar om retten og staten. Svara er gjevne i mangfaldige bidrag som eg ikkje kan yte rettferd her, men vil skrape litt på overflata for å sirkle inn nokre svar.

Introduksjonskapitlet til Christoffer Conrad Eriksen drøftar vanskane med å nærme seg tekstar som er prega av ei 150 års tung tolkingshistorie og verknadskraft. Han presenterer skiljet mellom analytiske tilnærmingar til Marx (som vurderer han ut frå krav til klårleik, stringens og presisjon, der avfallsproduktet er «bullshit Marxism»), og refleksive tilnærmingar (som vurderer om tekstane utfordrar førestillingane til lesaren). Og eit redaksjonelt hovudgrep er å gå tett på teksten og konteksten til Marx, ikkje minst dialogen med rettsfilosofien til Hegel, og søke tter teksten sin potensielle notidige verdi.

Dag Michaelsen plasserer Marx innanfor dei tyske rettsvitskaplege debattane rundt 1840, då Marx studerte juss i Berlin, i ein analyse basert på to tynne Marx-tekstar og ein vidfemnande kontekst- og sekundærlitteraturkjennskap. Sverre Flaaten følgjer opp med Marx’ kritikk av kriminaliseringa av fattigfolks kvistsanking, med ein tekst som tonar ut i ei påpeiking av at også i dag vert nokre lovbrot sette i samanheng med livsvilkåra til lovbrytaren, medan andre lovbrytarar – som dei mobile vinningskriminelle – vert reduserte til lovbrota sine.

Eirinn Larsen analyserer Marx’ og Wergelands tekstar om jødespørsmålet i ein artikkel som nok i større grad aktualiserer emosjonshistorie enn den unge Marx. Cathrine Holst gjev oss ei nærlesing av Marx’ kritikk av ekspertkunnskapen i lys av den faglege debatten i dag. Vi lærer mykje om denne debatten, men sit att med tvil om Marx har særleg relevans for han. Og i kapittelet om konstitusjonskritikken til Marx (skrive av Eriksen) er konklusjonen at lesing av den unge Marx tilfører lite nytt, sjølv om Marx også kan vere ei påminning om konstitusjonelle illusjonar, som § 49 i grunnlova («Folket utøver den lovgivende makt ved Stortinget») i lys av dei grunnleggande mekanismane i EØS-avtalen.

Markus Jerkø analyserer menneskerettane sitt inntog i norsk rett i lys av Marx’ syn på desse rettane som grunnleggande individualistiske. Artikkelen drøftar også søksmålet til Natur og Ungdom mot den norske staten om å gjere ti nye utvinningsløyve i Arktis ugyldige. Konklusjonen hans?: «Det hadde neppe gjort noen stor forskjell i norske borgeres liv om bestemmelsen (i Grunnlovens § 112, min merknad) ble omskrevet slik at ordet «enhver» ble byttet ut med «ingen»: Ingen har krav på et miljø som sikrer helsen, eller en natur der produksjonsevne og mangfold bevares.»

Dersom den unge Marx har verdi i dag, er det kanskje gjennom inspirasjonsverdien til kritiske spørsmål, formulerte med pregnans og språkrikdom? Men også i det radikalt endra tolkingsrommet Marx skapte med nye omgrep om arbeidet og den politiske økonomien (kapitlet til Inger-Johanne Sand) og om fridom og framandgjering (Ivar Alvik). Døme: Mange som arbeider ved dagens universitet, kjenner seg framandgjorde i eit system der det intellektuelle arbeidet deira vert tingleggjort gjennom ei omskaping til innhaldstomme produksjonsmål for «eigarane» deira. Tilsvarande vil nok Flaatens skarpe analyse av sambandet mellom Marx’ samtidige jesuittar, kritiserte for å erobre makt gjennom viljen til å underordne seg endrande makttilhøve, og Dag Solstads romanfigur Armand V, den lojale diplomaten som inst inne er antiimperialist, vekke gjenklang hos mange som står i spenninga mellom byråkratisk underordning og si eiga overtyding.

Men desse analysane viser også – slik eg ser det – at tankesystemet til Marx både kan verke avslørande og sjølvtingleggjerande. Førestillingar om universiteta sin varekarakter og nye lojalitetsband kan verke som sjølvoppfyllande illusjonar som hindrar oss i å bruke den fridommen vi er sette til å forvalte – som akademikarar og som menneske med tilmålt tid. Det høyrer til historia sin ironi dette, at så mange som er forma av den marxistiske tenkemåten, formulerer ein opposisjon som stadfestar posisjonen til dei dei «opponerer» mot.

Filosofane har berre tolka verda ulikt, det som gjeld, er å endre henne, skreiv Marx. Juristane, derimot, er både rettstolkande og samfunnsinngripande. Då er det underleg oppløftande at det kjem ei slik bok ut frå seminarromma på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

  • Les også: