Kronikk | Kompetansebudsjett

Publisert 12. oktober 2026 kl. 11:20
Med statsbudsjettet 2027 lanserte Kunnskapsdepartementet det omdiskuterte Kompetansebudsjettet, med ein klar marsjordre: Noreg treng fleire kandidatar med realfag og teknologi. Universitet og høgskular skal prioritere slike studietilbod, og samtidig vurdere ei nedbygging av kapasiteten i økonomi, samfunnsfag og juss.
At teknologikompetanse blir viktig for omstilling og konkurransekraft, er det vanskeleg å være ueinig i. Men å vite kva som er for lite, kva som er nok, kva fag som er mest viktig og kva for tempo ein bør legge til grunn for ei eventuell opp- eller nedtrapping, det er noko heilt anna. Behova i arbeidsmarknaden svingar mykje, og høgare utdanning kan umogleg halde tritt.
Om dette fekk me ein hard leksjon på sørvestlandet for ti år sidan, då tusenvis av ingeniørar mista jobben etter oljeprisfallet i 2014. For studentar som hadde valt etter alle tilgjengelege signal, var arbeidsmarknaden plutseleg snudd på hovudet. Nokre år seinare var det igjen mangel på ingeniørar.
Basert på innstendige oppfordringar frå næringslivet i Stavanger-regionen, oppretta Universitetet i Stavanger eit bachelorstudium i energi- og batteriteknologi i 2022. Etter to år var arbeidsgjevarane borte og utsiktene for batterinæringa var torpederte. Søkjartala stupte, og studietilbodet blir no lagt ned.
Ei lang rekke slike erfaringar gir lite næring til styringsiveren som no gjer seg gjeldande. Og kunnskapsgrunnlaget er heller ikkje eintydig. SSB sine framskrivingar viser til dømes ikkje noko underskot på arbeidskraft med naturvitskapleg utdanning, og i dagens arbeidsmarknad har nyutdanna realfagskandidatar vanskar med å få seg jobb.
Likevel veit altså Kunnskapsdepartementet best når det gjeld kva som trengst av kompetanse i framtidas arbeidsmarknad. Kunnskapsgrunnlaget og dei politiske prioriteringane trekk i same retning, fekk me høyre under presentasjonen av statsbudsjettet i Kunnskapsdepartementet. Men når kunnskapsgrunnlaget i realiteten er både tynt og sprikande, så blir det berre politikken som står igjen.
Omtalen av Kompetansebudsjettet er selektiv når det gjeld vektlegginga av dagens arbeidsmarknad. Når ein opnar for nedprioritering av fysikk og kjemi, viser ein til at arbeidsmarknaden «ikkje etterspør» desse faga «i særleg stor grad». Men når ein haussar behovet for realfag på sikt, så overser ein det same signalet frå dagens arbeidsmarknad. Dermed let det til at situasjonen på arbeidsmarknaden i dag berre tel når han peikar same veg som politikken. For kvante- og romteknologi er det igjen dei politiske visjonane som gjeld, med nye studieplassar og forskingsmidlar til arbeidsplassar og verksemder som ikkje finst i dag.
Når kunnskapsgrunnlaget i realiteten er både tynt og sprikande, så blir det berre politikken som står igjen.
Samtidig erkjenner Kunnskapsdepartementet at det ikkje alltid er samsvar mellom kompetansebehova på kort og lang sikt. I så fall burde ein vise stor varsemd med å bygge ned utdanningskapasitet på kortsiktige signal. Kvanteteknologi er anvend fysikk. Ein kan ikkje bygge opp kvantekompetanse og samtidig svekke fysikkmiljøa som skal utdanne folka.
Når uvissa er stor og investeringar er vanskelege å reversere, har fleksible plattformar ein eigenverdi. Eit sterkt fagmiljø i matematikk, fysikk eller kjemi tek tiår å bygge opp og kort tid å rive ned. Disiplinfaga er grunnplanken i realfagssystemet, og her ligg også opsjonane våre: Det er dei som gjer det mogleg å skalere opp kvante, kunstig intelligens eller havvind når behovet faktisk melder seg. Smale satsingar på dagens trendar er derimot veddemål. Nokre få vil slå til, dei fleste vil floppe.
Kompetansebudsjettet tek elles for lett på rekrutteringa. I mange tilfelle er det nemleg søkjartala som dannar flaskehalsen for kandidatproduksjonen, og ikkje kapasiteten i utdanningane. Å løyve midlar til studietilbod som ikkje blir fylt opp er å kaste pengar ut vindauget.
Difor er det talande at regjeringa løyver 120 millionar kroner til ingeniørutdanningane for alternative vegar til opptak og betre gjennomføring. Men arbeidet med rekruttering startar allereie i grunnskulen, og held fram med matematikk og fysikk i vidaregåande skule. Dette er ei utfordring som ikkje let seg løyse frå eit dashbord i departementet.
Det ein heller bør gjere, er å halde fast ved sterke miljø for disiplinfag som matematikk, fysikk, kjemi og informatikk, også når arbeidsmarknaden for nyutdanna er treg. Vidare bør universitet og høgskular få insentiv til å utvikle fleksible tilbod om påbygging som kan spesialisere kandidatane når behova faktisk viser seg. Til slutt bør ein legge større innsats rundt den viktigaste flaskehalsen, rekrutteringa. Her må merksemda rettast mot realfagsundervisninga i skulen og rekrutteringsgrunnlaget til realfag i høgare utdanning.
Om ein insisterer på at Noreg treng fleire teknologar og realistar, så bør dei få ei brei og fleksibel grunnutdanning, og ikkje skreddarsydde tilbod for ei framtid ingen kjenner. Det beste svaret på uvisse er ikkje detaljstyring, men å ta vare på robuste og fleksible fagmiljø.
Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover.
Dette hjelper også oss med å nå ut til flere lesere som er interessert i uavhengig journalistikk om forskning og høyere utdanning.