Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Fire institutt vil vere saman, men ikkje fusjonere

Fire institutt er i samtalar om utvida samarbeid eller felles konsern. – Men vi ønskjer ikkje fusjon, seier påtroppande direktør i Norsk institutt for vannforskning.

Fire institutt vil samarbeide tettare. Frå venstre: Nils Morten Huseby (IFE), Greta Bentzen (Niva), Kari Nygaard (Nilu) og Lars Andresen (NGI). Påtroppande administrerande direktør Tor-Petter Johnsen i Niva er ikkje med på biletet. Foto: Niva

Trenden mot store forskingsorganisasjonar held fram. I dag er Sintef og Norce dei to store forskingsselskapa i Noreg. Men i november vart det kjend at fire institutt har samtalar om utvida samarbeid eller mogleg forskingskonsern: Norsk institutt for vannforskning (Niva), Norsk institutt for luftforskning (Nilu), Institutt for energiteknikk (IFE) og Norges Geotekniske Institutt (NGI).

No seier påtroppande administrerande direktør Tor-Petter Johnsen i Niva at det ikkje vil bli snakk om fusjon, der alle institutta er samla i éi juridisk eining.

– Vi skal vurdere ulike former for samarbeid, og eitt av dei er eit felles forskingskonsern. Men til forskjell frå Norce ønskjer vi ikkje fusjon, seier Johnsen til Forskerforum.

Tor-Petter Johnsen.

Etter at Norce vart oppretta i 2017, er seks tidlegare forskingsinstitutt fusjonerte og innlemma i konsernet. Johnsen er skeptisk til denne løysinga:

– I Norce er alle organisasjonane fusjonerte inn i eitt felles selskap, som skal koordinere alt frå administrative system til tilsetjingsvilkår. Det er ikkje denne konsernmodellen vi ønskjer oss, seier han.

Johnsen seier organiseringa ved Sintef kan vere aktuelt å sjå nærare på.

– Der er det ei overbygning med fleire underselskap. Men vi skal vurdere ulike modellar.

– Vil styrke det tverrfaglege

Ifølgje Johnsen har alle dei fire institutta ein sterk økonomi.

– Institutta våre har eit solid driftsoverskott, i motsetning til nokre av organisasjonane som vart innfusjonert i Norce, og som førte til ein oppstart med reduksjon i bemanninga.

– Men kvifor då bli konsern?

– Verda rundt oss stiller aukande krav til tverrfagleg forsking, blant anna ved søknader til Forskingsrådet og til EU. Dei fire institutta har kvar for seg ein styrke innanfor energi-, miljø- eller klimaproblematikk, så fagleg sett vil vi stå sterkare både ved eit tettare samarbeid og i eit felles konsern, seier Johnsen.

Tillitsvald Dag Øystein Hjermann i Forskerforbundet ved Niva er ikkje bekymra for planane.

– Eg opplever at det blant dei tilsette er ei positiv innstilling både til tettare samarbeid og oppretting av eit felles konsern. Det er viktig å ta vare på eigenarten vår, men også at vi kan opptre som ei eining ved store søknader til Forskingsrådet og EU, seier han.

Nina ønsker evaluering

I november 2018 hadde Niva og Nilu innleiande samtalar med Norsk institutt for naturforskning (Nina) om tettare samarbeid med tanke på eit felles konsern. Men Nina trekte seg ut.

– Vi valde å ikkje gå vidare med samtalane, men vi ønskjer sjølvsagt framleis å samarbeide på prosjektnivå, seier administrerande direktør Norunn Sæther Myklebust i Nina.

Ho saknar ei evaluering av omorganiseringane og fusjonane i sektoren dei siste åra. I den nye strategien for instituttsektoren, som regjeringa la fram i vår, heiter det at ei evaluering av strukturendringa vil vere nyttig for framtidige strukturprosessar.

– Den evalueringa ser eg veldig fram til. Forhåpentleg vil ho vise om det løner seg både fagleg og økonomisk å bli endå større, seier Myklebust.

  • Les også:

Advarer mot utenlandsk etterretning på Arctic Frontiers. Særlig unge forskere kan være et mål.

Dobling i antall doktorgrader på 20 år – skal gjennomgås av ekspertgruppe

Høyskolen Kristiania kutter opptil 30 stillinger

− Jeg synes ikke vi skal invitere våpenprodusenter inn på universitetene

Forskere jobber gratis for milliardforlag. – Uetisk, sier førsteamanuensis og oppfordrer til boikott

Universitet utelukker alle søkere fra fire land til en del stillinger

Regjeringen vil stramme inn på advokathjelp til studenter

Undervising er nedprioritert, mener leder av UiOs Pedagogiske akademi

Lukk meny