– Folk kjem til slutten av postdoktorperioden og veit ikkje kva dei skal gjere
LUKK

– Folk kjem til slutten av postdoktorperioden og veit ikkje kva dei skal gjere

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. april 2019 kl. 10:54

Korte engasjement gjer at postdoktorar må gripe til enkel og risikofri forsking. Dermed får dei aldri tid til å utvikle ein sjølvstendig forskarprofil.

Eg trur ikkje vi får den beste forskinga med dette systemet. Kompetansen postdoktorane tileignar seg, blir ofte ikkje overført når dei forsvinn etter at prosjektperioden er slutt. I staden brukar ein masse tid på å finne opp hjulet på nytt, seier Stefanie Falk, postdoktor ved Institutt for geofag og styremedlem i UiODoc, interesseorganisasjonen for ph.d.-kandidatar og postdoktorar ved Universitetet i Oslo.

Organisasjonen arbeider mellom anna med å styrke banda mellom postdoktorane og industrien.

– Mange er fullt klar over at sjansen er liten for å bli i akademia, men det er likevel det du blir fortalt at du skal gjere. Eg vil ikkje nødvendigvis bli professor, men eg vil gjerne halde fram med å forske. Men akademia og industrien er to ulike univers, seier Arsenii Zabirnyk, postdoktor ved Institutt for medisinske basalfag og leiar i organisasjonen.

Studie: Blir ikkje rekrutterte ut frå akademisk talent

En ny europeisk studie viser at postdoktorane blir rekrutterte som prosjektarbeidarar og ikkje ut frå akademisk talent.

Stillingskriteria heilt annleis for ein postdoktor enn for til dømes ein førsteamanuensis.

– Som ein av informantane sa: Når vi skal tilsette ein førsteamanuensis, ser vi etter ein som kan bidra til å utvikle institusjonen og fagfeltet på lang sikt. Det viktige når ein skal tilsette postdoktorar, er at dei er tilgjengelege ved startdato for prosjektet, og er sjølvgåande nok til å drive prosjektet framover og produsere artiklar baserte på resultata, fortel Channah Herschberg ved Radboud universiteit i Nijmegen i Nederland , som er ein av forskarane bak studien.

Les meir om studien her: – Alle desse kan ikkje jobbe i akademia

Postdoktorane Stefanie Falk og Arsenii Zabirnyk meiner begge at utsiktene for postdoktorar har endra seg i løpet av tida dei sjølve har vore i denne posisjonen.

Stefanie Falk. Foto: UiO

– Då eg starta på doktorgraden min i Tyskland i 2011, fanst det eit større spekter av vitskaplege stillingar ein kunne få etter doktorgrad, men slik er det ikkje lenger. No er det berre professor som er målet, seier Falk.

Eg ser folk som kjem til slutten av postdoktorperioden og ikkje veit kva dei skal gjere. Du kan ikkje ha to postdoktorengasjement ved same institusjon, og det er allment akseptert at ein ikkje skal ha meir enn to totalt. Samstundes har dei lågare løn og vage utsikter, seier Zabirnyk.

Karriereutvikling underordna

Dei peikar på at trenden har gått i retning av kortare engasjement, slik at ein ikkje har tid til å forske utover å skrive dei artiklane som er nødvendige for prosjektet. Deretter er det å byrje på nytt i eit anna prosjekt der kompetansen ein har opparbeidd seg, kanskje ikkje er relevant.

– Det fører til eit forskingssystem der ein strekkjer seg mot den lågthengande frukta: Det du kan få gjort på eitt år. Ingen vil satse karrieren på meir risikable, langsiktige prosjekt. Og dei mange negative funna vi gjer, kan vi ikkje publisere. Vi er så avhengige av publikasjonar, men tidsskrifta likar ikkje resultat som ikkje stadfestar hypotesen, seier Zabirnyk.

Les også: – Skulle jeg gjort én ting annerledes i akademia, er det å bruke mindre tid på å lure på om jeg er god nok

Øyvind Halskau, som er professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen, stadfestar at gjennomføring av prosjektet har prioritet når ein skal rekruttere ein postdoktor.

– Når ein tilset ein postdoktor, er det lurt å vere tydeleg på kva utvikling som trengst, og leggje ein plan for det, seier Øyvind Halskau.  Foto: privat
– Når ein tilset ein postdoktor, er det lurt å vere tydeleg på kva utvikling som trengst, og leggje ein plan for det, seier Øyvind Halskau. Foto: privat

– Når ein får tildelt eit prosjekt med tilhøyrande finansiering, har ein fått eit mandat til å drifte dette prosjektet så godt som råd fram mot målet som er sett for prosjektet. Då er det krise om ein av postdoktorane er altfor sjølvstendig og set i gang eigne ting på kostnad av tildelinga.

Les også: Doktorgraden var innen rekkevidde. Nå har han begynt på en bachelor i et nytt fag.

Sjølv om tilsettingsprosessen for akademiske stillingar, inkludert postdoktorar, er svært formalisert i Noreg, så har prosjektleiaren stor påverknadskraft gjennom å bestemme kvalifikasjonane for stillinga.

– Ein kan til dømes krevje tidlegare prosjekterfaring frå feltet, og erfaring med bestemte metodar. Til samanlikning kan talet på publikasjonar, og kvaliteten på dei, vere mindre viktig. Ein kan kome i ein situasjon der ein akademisk svært velkvalifisert kandidat med topp publikasjonar blir vraka til fordel for ein kandidat som er betre kjend med dei spesifikke metodane. Du skal få prosjektet til å fungere, og ambisjonane andre har er underordna.

– Skal ikkje vere prosjektforskar

Då postdoktor-ordninga vart innført i Noreg, var det tenkt som ei «ventestilling» der forskaren kunne vidareutvikle seg i påvente av ledige faste stillingar. Samtidig skulle ordninga styrke forskingskvaliteten og gjere det lettare for kvinner å få vitskaplege toppstillingar, ifølgje fagpolitisk spesialrådgjevar i Forskerforbundet, Jon Wikene Iddeng.

– Forskerforbundet ønskjer at det skal vere ei reell rekrutteringsstilling som det følgjer eit institusjonelt ansvar med å bruke. Det skal ikkje vere ein prosjektforskar, seier han.

Forskerforbundet har lenge vore uroa over at stillinga blir misbrukt, og opplever at institusjonane er klar over faren. Noko av problemet er at ansvaret for ekstern inntening no ligg hos prosjektleiaren.

– Ansvaret for forskinga og finansieringa må løftast opp til høgare nivå, og det må gjerast klart om det eigentleg er ein prosjektforskar ein ønskjer å tilsette, og om ho treng å være mellombels tilsett. Med betre oversyn og planlegging vil ein sjå at kompetansen kan brukast vidare i nye prosjekt. Då kan ein lyse ut og tilsette fast, til beste for både forskaren og verksemda. Så finst det prosedyrar for nedbemanning om det blir naudsynt, seier Iddeng.

Ja til fireårig postdoktorperiode

– Å skape ein karriere, i alle fall innanfor eksperimentell naturvitskap, er veldig ressurskrevjande, og det finst ingen mekanismar som sikrar at ressursane følgjer med. Alle pengane er knytte til prosjekt, og dersom postdoktorane skal få sine eigne prosjekt, må dei også ha eigne midlar, seier UiB-professor Halskau.

I fjor kom Underdal-utvalet med ein ny rapport om karrierevegar i akademia, som Kunnskapsdepartementet hadde tinga. Utvalet foreslo å stramme inn bruken av postdoktorstillingar og som hovudregel gjere engasjementet fireårig. Halskau trur det kan vere eit steg i rett retning.

– I løpet av postdoktorperioden er det meininga at ein skal vise aukande sjølvstende. Det finst ein jungel av ordningar ein kan søke pengar frå om ein set av tid til det. Har du ein fireårig postdoktorperiode, så er det mogleg å klemme ut ein større søknad eller to i året utan at det kjem i konflikt med prioriteringane i prosjektet. Då har du ein sjanse til å få eit eige prosjekt i løpet av perioden.

Går utover forskingskvaliteten

Med dagens system går mange frå det eine postdoktorengasjementet til det andre i ei sidevegs forflytting som aldri gjev kvalifikasjon til faste stillingar. Då Akademiet for yngre forskarar (AYF) nyleg gjennomførte ei spørjeundersøking om karriereutvikling hos yngre forskarar, uttrykte fleire av postdoktorane frustrasjon rundt dette.

– Som postdoktor konkurrerer ein med mange andre på same nivå om få stillingar på neste nivå, og dette leier til prioritering av kortsiktige forskingsprosjekt som gjev kjappe merittar. Denne prosjektdynamikken svarar dårleg til behova som må dekkast for å oppnå forsking av god kvalitet. Då kan noko av løysinga vere tydelege seleksjonskriterium som gjev postdoktorane betre sjanse til å utvikle sjølvstendige forskarprofilar, skriv leiar i AYF, Katerini Storeng, i ein e-post.

AYF meiner at innføring av nye stillingskategoriar som fagstøttestillingar, slik Underdal-utvalet foreslo, kan vere eit alternativ til at postdoktorstillinga blir brukt til teknisk støttearbeid for forskargruppa, som tilfellet ofte er i dag.

Korkje Stefanie Falk eller Arsenii Zabirnyk ved UiO veit kva dei skal gjere når engasjementet deira er over. Zabirnyk er i si første postdoktorstilling og trivst godt ved universitetet, men er uviss på om han bør prøve å få ei ny.

– Då trur eg sjansen min til å få jobb utanfor akademia vil gå dramatisk ned. Ein blir overkvalifisert og for spesialisert. Eg vil gjerne halde fram med å forske, men terskelen er høg for å kome inn i industrien. Eg må kanskje innstille meg på å forlate EU-området.

Les også: Jobber du i akademia? Så mye bør du tjene.

Postdoktorar:

  • Talet på forskarar «i første akademiske stilling etter avlagd doktorgrad» i 23 europeiske land auka med 22 prosent frå 2010 til 2013, ifølgje EU-kommisjonen.
  • Total auke i akademiske stillingar var på ni prosent i same perioden.
  • Av dei som var postdoktorar i Noreg i 2001, 2005 eller 2009, hadde nær 25 prosent fast vitskapleg stilling etter fem–seks år, ifølgje NIFU.
  • I humaniora/samfunnsvitskap hadde 48 prosent fast stilling etter fem–seks år, mot 16 prosent innanfor dei matematisk-naturvitskaplege faga.
  • Postdoktorar finansierte gjennom basisløyvingar hadde betre sjanse til å få fast stilling enn postdoktorar i eksternt finansierte prosjekt.

Les også: