Studie: Postdoktorar blir rekrutterte som prosjektarbeidarar og ikkje ut frå akademisk talent

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. april 2019

Channah Herschberg har studert postdoktorar. – Alle desse kan ikkje jobbe i akademia. Men den prekære posisjonen postdoktorane er i, gjer det vanskeleg for dei å utvikle ein sjølvstendig forskingsprofil., seier ho.

– Det er lite forsking på postdoktorane, men det som er gjort, dreier seg helst om livssituasjonen og deira eigne opplevingar. Vi ville sjå på postdoktorane i eit systemperspektiv, seier Channah Herschberg til Forskerforum.

Som del av doktorgradsarbeidet ved Radboud universiteit i Nijmegen i Nederland har ho saman med kollegaer gått igjennom intervju med personar som har delteke i tilsettingar av postdoktorar ved éin institusjon i høvesvis Sveits, Italia, Nederland og Belgia. I alle tilfella gjaldt det eksternt finansierte prosjekt. (Artikkelen er å finne her.)

Forskinga blir «prosjektifisert»

Herschberg minner om at det er ein universell trend i vestlege land at basisfinansieringa går ned, og at institusjonane må skaffe meir midlar frå eksterne kjelder, midlar som oftast blir utdelte på prosjektbasis.

– Denne utviklinga kjem av eit ønske om å stimulere til best mogleg forsking gjennom konkurranse. Det gjev eit sterkt press for å skaffe midlar, og vi ville sjå på kva slags forskarar eit slikt system rekrutterer, seier Herschberg.

Intervjua viste for det første at postdoktorane som blir tilsette på eksternt finansierte prosjekt, typisk blir rekrutterte av prosjektleiaren sjølv, gjennom uformelle nettverk. Også der prosessen er meir formell, så er det i siste instans prosjektleiaren som bestemmer.

Les også: Jobber du i akademia? Så mye bør du tjene.

For det andre er stillingskriteria heilt annleis for ein postdoktor enn for til dømes ein førsteamanuensis.

– Som ein av informantane sa: Når vi skal tilsette ein førsteamanuensis, ser vi etter ein som kan bidra til å utvikle institusjonen og fagfeltet på lang sikt. Det viktige når ein skal tilsette postdoktorar, er at dei er tilgjengelege ved startdato for prosjektet, og er sjølvgåande nok til å drive prosjektet framover og produsere artiklar baserte på resultata, fortel ho.

Formell status varierer

Talet på både postdoktorar og doktorgradskandidatar har dei seinare åra auka langt meir enn talet på faste stillingar i akademia (sjå faktaboks). Jamt over blir lite investert i den langsiktige karrieren til postdoktorane. Alle veit at når engasjementet er over, kjem postdoktoren til å reise ein annan stad. Ofte er prosjektperioden to år, og etter det første året må ein byrje å sjå seg om etter neste jobb.

– Alle desse kan ikkje jobbe i akademia. Men den prekære posisjonen postdoktorane er i, gjer det vanskeleg for dei å utvikle ein sjølvstendig forskingsprofil. Ettersom rekrutteringa oftast skjer gjennom uformelle nettverk, har ein ingen prosess for å teste om dette verkeleg er den beste kandidaten. Det overordna målet er å minimere risikoen for at prosjektet feilar, seier Herschberg.

Les også: Doktorgraden var innen rekkevidde. Nå har Daniel begynt på bachelor i et nytt fag.

Trenden var den same ved alle institusjonane, og galdt både naturvitskaplege/teknologiske fag og samfunnsvitskaplege fag. Samstundes har postdoktorane ulik formell status i dei ulike landa. I Nederland er dei tilsette ved institusjonen og omfatta av den kollektive arbeidsavtalen for universiteta, men blir rekrutterte gjennom uformelle prosessar. I Sveits skil ein mellom internt og eksternt finansierte postdoktorar, der dei eksternt finansierte er å rekne som administrativt tilsette, og dermed ikkje er representerte i styringsorgana. I Italia blir postdoktorane tilsette ved utlysing og bruk av tilsettingskomite leia av prosjektleiaren, men dei har status som studentar og står utan formelle rettar av noko slag.

Les også: Så mye mer tjener du med en doktorgrad

Tenkjer ikkje på kvaliteten

– Vi veit frå før at i det minste her i Nederland blir det sett som viktig at unge forskarar reiser mykje. Postdoktorar blir difor ofte rekrutterte gjennom prosjektleiaren sine internasjonale kontaktar. Vi har tidlegare forska på korleis internasjonalisering påverkar seleksjonen av yngre forskarar, og vi trur det innskrenkar rekrutteringsgrunnlaget og dermed forskingskvaliteten, for det er ikkje slik at ein nødvendigvis blir ein betre forskar berre av å reise, seier Herschberg.

Ho fortel at ingen av informantane i den nye studien reflekterte rundt korleis rekrutteringa av postdoktorar påverkar forskinga som heilskap.

– Eg trur det kan vere vanskeleg for prosjektleiarar å tenkje seg at den daglege praksisen deira kanskje ikkje er til det beste for forskinga, seier ho.

Fakta:

Postdoktorar

  • Talet på forskarar «i første akademiske stilling etter avlagd doktorgrad» i 23 europeiske land auka med 22 prosent frå 2010 til 2013, ifølgje EU-kommisjonen.
  • Total auke i akademiske stillingar var på ni prosent i same perioden.
  • Av dei som var postdoktorar i Noreg i 2001, 2005 eller 2009, hadde nær 25 prosent fast vitskapleg stilling etter fem–seks år, ifølgje NIFU.
  • I humaniora/samfunnsvitskap hadde 48 prosent fast stilling etter fem–seks år, mot 16 prosent innanfor dei matematisk-naturvitskaplege faga.
  • Postdoktorar finansierte gjennom basisløyvingar hadde betre sjanse til å få fast stilling enn postdoktorar i eksternt finansierte prosjekt.

Les også: